Målsetjinga med boka “Mennesket Fartein Valen” er å vise nye sider av komponisten. Og det får grandnevøen Fartein Valen-Sendstad til ein viss grad til – men kanskje ikkje slik han sjølv såg for seg.

Fartein Valen ler mykje når han gløymer å posere. To døme frå boka.

“Mennesket – Fartein Valen” er ei sprikande bok som femner eit utal emne. Ein tangerar alt frå medisin og til kunsthistorie. Ein glir innom Valens unike forkjærleik for naturen og dyrelivet. Boka er full av glimt frå hans andelege verd og lærargjerninga. Ein får særleg vite mykje om suta han føler for sine næraste: vener og familie.

Emna ovanføre er seksjonert i kapittel som dreier seg om den næraste familien og Valens vener. Det er berre eit unnatak frå denne regelen: eit monolittisk kapittel om teologi. Medan dei andre kapitla er sprikande i tematikken sperrer dette kapittelet for resten av utsikta. Her forsøker Valen-Sendstad å lese Valens spiritualitet inn i sin eigen teologiske horisont. Dette gjer ei bok som allereie er utfordrande å lese særdeles tungtrødd. Fotnotebruken er med på å forsterke inntrykket. Fleire av sidene i denne coffeetable-boka er halvfulle av fotnotar. Når fotnotane då inneheld informasjon av denne typen kan ein spør seg kvifor:

Dompap, fugleart i finkefamilien. Har kort, tykt nebb, svart hale, hodehette og strupeflekk, grå rygg med hvit overgump og hvitt bånd over svaret vinger. Hannen med sterkt. rød underside og kinn, mens hunnen er grå med rødt anstrøk.

Valen skriv på si side ein så fin prosa at det ikkje trengs forklåringar.

Det er rikeleg med slike langstrakte og innlysande forklåringar i både noteapparat og brødtekst. Og i dette tilfellet – veit ikkje dei fleste lesarane kva ein dompap er? Hadde det ikkje vore nok å skrive “den fargesterke fuglen” om ein måtte forklåre dette? Eller enkelt vise til Store Norske på nettet. Dompap-fotnoten er direkte tatt derifrå.

Denne same forklåringsfryden gjentek seg ei rekke gonger i samband med sitat frå Valens brev. Valen-Sendstad vel å forklåre ordrett det han nyss har sitert. Valen skriv på si side ein så fin prosa at det ikkje trengs forklåringar.

Når utfordringar i teksten er nemnd vil eg nemne eit solid ljospunkt i denne boka. Det er dei flotte fotografia.

Og her kjem det elles litt uhamsleg store bokformatet til sin rett. Detaljrikdomen i dei gamle private fotografia blir ekstra synleg. Og fleire av Valen-fotoa i denne boka har dei færraste sett før.

Mange knyter Valen til dei triste innettervende augo som på biletet til venstre. Kan det vere komponisten berre var tidleg ute med å posere framføre kamera?   I dag er det svært utbreitt. Eit døme Enslaved der Valens sambygding Grutle Kjellson  (t.h - nr 4 frå venstre) er med.
Mange knyter Valen til dei triste innettervende augo som på biletet til venstre. Kan det vere komponisten berre var tidleg ute med å posere framføre kamera? I dag er det svært utbreitt. Eit døme Enslaved der Valens sambygding Grutle Kjellson (t.h – nr 4 frå venstre) er med.

Noko slår meg straks med ein del av desse uoffisielle bileta: Fartein gløymer å posere!

På mange av fotoa i denne boka er han avslappa og ler. Ja han hoiar til og med. Og det bryt med det nærast sørgmodig-salige uttrykket som gjentok seg i dei offisielle fotoa. Og i Valen-resepsjonen har faktisk denne innettervendte poseringa fotografia betydd enormt mykje. Det ironiske er at forfattaren bak denne boka vidarefører denne klisjeen allereie i innleiinga. Mitt inntrykk er at dette var medvite. Når han blei fotografert så poserte Valen slik: Augo er retta mot eit punkt høgt over fotografen. Valen-Sendstad beskriver dette slik:

Fotografier eller bilder av Fartein viser en person med sørgmodige trekk og et innadvent kroppspråk. Han formelig vender seg bort fra denne verden.

Og der set Valens grandnevø ord på det inntrykket ein har fått i alle år. Dette inntrykket passar også perfekt til den romantisk-kunstnar-mystiske resepsjonen av Valens beskjedenheit i det offentlege. For min del vekker fotoa av Valen som ler eit heilt annan spørsmål. Kan det vere at Valen overhovudet ikkje var slik han framstilte seg sjølv? Kan det vere komponisten var tidleg ute med å finne ein poserings-formel?

Kan det vere at Valen overhovudet ikkje var slik han framstilte seg sjølv?

I dag er det ikkje unormalt blant musikarar og tonekunstnarar å heilt medvite posere framføre kamera. Kan det vere han fann fram til dette poseringsuttrykk i tidleg alder – og haldt fast ved det?

Som ein samanlikning vel eg å kaste eit blikk til ein gard berre steinkast frå Valengarden. Garden Grutle kor vokalisten i Enslaved – Grutle Kjellson – kjem frå. Han er rekna som ein av pionerane i den norske mørke metallscenen. Og her kjem fundamentet i samanlikninga: der sambygdingen Fartein spelte på det innettervende og porøse speler Grutle på det motsett. På eit utal Enslaved-fotos framstår Kjellson med eit mørkt og strengt blikk. På scenen framstår han ofte endå villare. Og let ein Valen-resepsjonen styre kunne ein tru Grutle også var like skrikande og mørk i det daglege. Det er han ikkje. Eg har møtt han eit par gonger og er ven med han på Facebook. Og ein kan raskt slå fast at han er ein ytst sympatisk og lite sint mann offstage. Altså ikkje sint og skrikande som på dei offisielle fotoa.

Og etter dei uoffisielle bileta no er trykt “Mennesket Fartein Valen” er det ingen tvil: Fartein Valen framstår som ein lattermild og glad mann. Dermed blir desse fotografia det perfekte akkompagnementet til Valens like muntre brevprosa.

Diverre svinn både brevsnuttar og bilete i ein stor uredigert brødtekst og eit fotnotehav. Det verker på meg som Valen-Sendstad har vore i heilt åleine på dette havet. Kor har redaktøren og forlaget eigentleg vore i dette prosjektet?

Publisert:

Del: