I denne teksten ynskjer eg å slå eit slag for samlekategorien coverband gjennom å fortelje historia om bandet til far min og kameratane hans, skriv Synnøve Engevik.

Geirmund Engevik, Steinar Raunholm, Kjell Magnar Helland, Heine Helland og Tore Vik. På veg til spelejobb på Bakkasund, 1986. Fitjargutane måtte ta tre ferjer kvar veg. Bilete er teke ombord på ferja mellom Hufthamar og Hundvåkøy med sjølvutløyser.

Coverbandet Fitjargutane (døypt på folkemunne) er ansvarlege for mi personlege musikalske oppvakning og utdanning. Som dotter av bandets rytmegitarist Geirmund Engevik, fan og med øvingslokale i kjellaren var eg og mine to søskenbarn – som budde på andre sida av riksvegen – klistra til veggen på øvingsrommet kvar onsdag kveld. Lent inntil furupanelet og omringa av Peavy-forsterkarar og kablar saug eg til meg originaltro versjonar av Delbert McClinton, Chuck Berry, Everly Brothers, Eric Clapton, James Taylor og J.J. Cale. Av og til fekk eg syngje i mikrofon. Iblant sneik eg meg bak slagverket.

Norsk populærmusikk blomstra i 1980-åra. Og delar av pophistoria frå dette tiåret er forska på, forvalta og formidla. Både den kommersielle sfæren med salssuksessar som a-ha, Jahn Teigen og Return, samt arvtakarar etter punken, som Kjøtt, The Aller Værste! og De Press og har blitt ein del av vår populærkulturelle kanon. Andre delar av 1980-åras populærmusikkhistorie er dårleg dokumentert og ikkje eksponert i verken nasjonale oppslagsverk, artistbiografiar, dokumentarar eller vitskaplege artiklar. Likevel er den viktig.

I denne teksten ynskjer eg å slå eit slag for samlekategorien coverband gjennom å fortelje historia om bandet til far min og kameratane hans. Fenomenet coverband bør tas på alvor på grunn av si store utbreiing og kulturelle tyding. Mest sannsynleg var majoriteten av norske rockeband fram til 1990 coverband, og årsaka var kanskje enkel: Skal du lære deg eit musikalsk handverk er det naturleg å starte med å etterlikne andre. Det er også slik at kriteria for kva som er god populærmusikk har endra seg, og at idealet om nyskaping har gjort seg gjeldande i større og større grad etter at delar av rocken blei til kunst i byar som London, San Francisco og New York i slutten av 1960-åra.(1)

I Sunnhordland, anno 1987, var grendalag, bygdeungdomslag, skyttarlag, idrettslag og Røde Kross oppdragsgivarar, og samfunnshusa var arena. Fitjargutane spelte i tillegg i hotellrestaurantar og barar frå Skudeneshavn i sør (Rogaland) til Kilstraumen i nord (Hordaland) og Edland i aust (Telemark). Det var bygdafestar med rekeservering, haustfestar med fårikål, utedans i regi av danselaget Stiv & Støl på Bømlo, julebord, dans på turisthotell i Hardanger, på Haukeli og Hovden, fest på Ølen Gjestegård, Slakteriet i Odda og Sjøhuset Garvik i Os.

Fitjargutane på Reksteren i 1985. Bilete er teke etter speling klokka 03.30. Fotograf: ukjent.

Då Fitjargutane var på sitt mest aktive, spelte dei to til tre helger i månaden og hadde ein stor og raud Mercedes bandbuss. I ei spelehelg blei bussen lasta med miksar, PA-anlegg, eit eige lysanlegg og backline etter øving onsdag. Slik kunne bandet kome seg i veg rett etter jobb fredag, ete middag og kanskje dusje på ferja, og spele to kveldar på rappen. Miksaren stod på scenen, og musikarane miksa lyden sjølve. Ein i bandet gjekk ut i salen etter at scenen var rigga og sjekka om balansen var ok. I tillegg til å vera lydteknikarar, stod dei også for lys på scenen sjølve. Ved hjelp av ein robust heimesnekra lysmiksar kunne trommeslagaren i bandet styre lys-showet ved å slå på ulike knappar med trommestikkene. Bandet skulle som regel levere musikk frå klokka 21.00 til 02.00, inkludert pausar. Det var med andre ord snakk om fem sett à 10-12 låtar.

Gitarist og vokalist i Fitjargutane, Kjell Magnar Helland, har fortalt meg at overgangen mellom sommartid og vintertid som regel var artig. ”Då blei det alltid diskusjon om det var talet på sett eller klokka som var styrande”.

Les også: Hva er en coverversjon i dag?

Bandet hadde god rutine på å lempe alt utstyret tilbake i bilen etter at spelinga var over. Det var også ein sengeplass i Mercedesen. Der måtte ein av bandmedlemmane overnatte for å passe på utstyret. Dei resterande måtte iblant overnatte på liggeunderlag i festlokalet. Då kunne det skje at gjester ikkje hadde fått med seg at festen var over. Bandet blei til dømes vekt av at nokon trengte hjelp til å rulle ein røyk. Ein gong måtte dei stå opp for å hjelpe ein kar med å leite etter eit sett tenner. Dessverre utan resultat.

Då gruppa spelte på handverksmessa i Jondal, kom det eit år to-tre busslaster med medlemmer frå Bondeungdomslaget i Oslo (BUL). Pappa har fortalt livleg om at ”Ungdomane var ivrige på gammaldans, men dansa til alt anna også. Arrangøren i Herand derimot, blei stressa og redd for at han hadde booka feil band. Etterkvar kom han opp til scenen og ropte: ”slutt med denne skramlemusikken og spel ein reinlender!”. Den kvelden måtte bandet bruke pausane på desperate gammaldansøvingar i bandbussen.

Fitjargutane med nye høgtalar-søyler i Samhald, Stord, 1987. Foto: Kjell Magnar Helland

Å øve inn ein låt er ikkje berre enkelt. Målet for eit band som Fitjargutane er å få folk ut på dansegolvet. Og skal det skje, må det svinge. Fitjargutane var kjent for å spele lett, med lite klang og klår lyd. ”Enkelte låtar jobba me med i fleire månadar utan å få dei til å svinge. Me prøvde å auke og senke tempo og skifte toneart. Dersom ingenting monna, droppa me den”, fortel pappa. Fitjargutane hadde som regel eit repertoar på 70 låtar. Før internett berre lytta dei, og prøvde å kopiere. Etter kvart fann dei tekstar og akkordar på nettet. Engevik fortel: ”Stundom var det vanskeleg å etterkome musikkynskjer. Ikkje alle skjøna at me måtte øve inn ein låt. Spesielt vanskeleg var det når gjesten ikkje hugsa tittelen. Det var ein kar som ved festens ende endeleg hugsa tittelen på favorittlåta si – “Hammerfossens brus”. Han var ikkje spesielt nøgd med svaret vårt: ”Det er for seint. Den er lagt i røyr””.

I ein reportasje i lokalavisa Sunnhordland i 1987 skildra pappa det slik: ”Me driv med denne fritidssysla fordi det er gøy, og når me får spela for publikum er det ekstra gøy. Når folk dansar og smiler er det vellukka. Så enkelt er det i grunn”. I dag summerer Helland historia på denne måten: ”Mest av alt var me kamerater. Gruppa var ein viktig sosial opptreningsarena. Det å reise på helgetur i lag 20 helger i året gjennom 10 til 15 år er jo ekstremt. Me var oftare på tur med Fitjargutane enn me var på tur med ektefellene våre. Me hadde to skilsmisser omtrent samtidig – og dette spela sjølvsagt inn på det sosiale. Om aktiviteten til Fitjargutane påverka dei prosessane er vanskeleg å spekulere i, men det kan ha medverka.”

Helland fortel også om ei helg då gruppa skulle spele på julebord på Bømlo. Om bord i ferja var det til saman seks danseorkester som skulle spele på seks ulike tilstellingar. Fitjargutane var med andre ord ikkje aleine i bransjen. Dei kameratslege konkurrentane i regionen i den same tida var blant anna Chiclets (Stord), Vestavind (Bømlo), Crazy Buisness (Sandeid), Electro Sound (Sagvåg), Jonny Olsen Band (Os), Heading West (Rosendal), Bird of Prey (Stord), Country Boys (Sagvåg), Sir Duke (Stord), Ivanhoe (Stord), Thermoztat (Stord), Funda Band (Stord), Epoke (Sunde/Stord), Askepott (Stord), Black & White (Stord), Rescue (Stord) og De Stressless (Stord). Dette er jo ein imponerande mengde med coverband frå ein relativt grisgrendt region og eit avgrensa tidsrom. Mest sannsynleg er det likevel meir illustrerande enn det er unikt for musikklivet i norske bygder og småbyar i 1980-åra.

Denne kulturhistoria er interessant for både Nasjonalbiblioteket og Rockheim. Spørsmålet me no stiller oss er: korleis skal me gripe an dette mangfaldet? Kva historier bør dokumenterast og med kva materiale?

Fakta om Fitjargutane:

• Fitjargutane hadde sin oppstart i årsskiftet 1984/1985.

• Medlemmane var: Kjell Magnar Helland (gitar), Heine Helland (bass), Tore Vik (trommer), Steinar Raunholm (tangentar) og Geirmund Engevik (gitar). Kjell Magnar var den som song mest, men alle var med og kora.

• Fitjargutane hadde eit repertoar av coverlåtar innan sjangrane country, blues, boogierock og rhythm and blues, men også nokre svensktoppar og innimellom gammaldans.

• Andre medlemmer som har vore innom bandet er: Martin Hatlevik (gitar) og Hans Dahle (trommer).

• I 1986 prøvde Fitjargutane å kvitte seg med bandnamnet dei hadde fått på folkemunne, og erstatte det med det engelske Come On In, etter ei av låtane på settlista. (“Come On In” er ein boogierock-låt av britiske The Blues Band som er å finne på albumet The Official Blues Band Bootleg frå 1980). Namneskiftet var fånyttes då folk berre fortsette å omtale dei som Fitjargutane.

• Sist Fitjargutane opptredde var under opninga av Kulturhuset i Fitjar i 2006.

Munnlege kjelder:
Agdestein, Torleif: intervju (27.03.2017)
Engevik, Geirmund: intervju (18.02.2017)
Helland, Kjell Magnar: intervju (22.02.2017)
Hermansen, Thor Herbert: intervju (29.03.2017)

Skriftlege kjelder:
Andersen, Jørn R. og Andersen, Dag Magne: Skiens Rockehistorie, 1957 – 1997, Genius Forlag, Skien, 1998
Bakken, Willy: Norge i rock, beat & blues, del 1 1955 – 1971, Erik Sandberg AS, 1983
Dahl, Helge: eposter til Rockheim, 24.10.2016 og 08.04.2017
Fitjargutane: diverse arkivmateriale
”Fitjargutane seier ”Come on in”” i Sunnhordland, 24.02.1987
Nystad, Steinar: Sagvåg i nær fortid – etter 1950, 2004
Skarsem, Bjørn: Rock’n’pop i Steinkjer 1955 – 1986, Foreningen Gamle Steinkjer, 2016

1. Ved rockens inntog i Noreg i slutten av 1950-åra var målet å kopiere dei amerikanske førebileta og å kome så nært originalen i framføringa som mogleg. Til og med pionerane som rockejournalisten og –samlaren Willy Bakken, trekkjer fram i sine leksikalske framstillingar av norsk rock, beat og blues (1983) jobba med å kopiere andre. Fyrst kom rock’n’roll og ei bylgje Elvis-kopiar. Deretter kom drøssevis av norske instrumentale Shadows-band, før Beatles gjorde sin entré og norske popband med eitt hadde settlister beståande av Beatles-låtar og fleirstemt vokal. Det som Bakken omtaler som den fyrste gullalderen i norsk rock – 1964 til 1967, og dei fire store: Cool Cats, Beatnicks, Vanguards og Pussycats – er også i all hovudsak coverband. Unntaket frå regelen er Pussycats, som på sine to album Pssst! Pssst! (1965) og Mrrrr! Mrrrr! (1966) har eige materiale.

Dette heldt fram i både by og bygd gjennom 1970-åra, parallelt med både visebylgja og punken. I Rock’n’pop i Steinkjer 1955 – 1986 av Bjørn Skarsem presenterer forfattaren 33 ulike band, stort og smått, frå åra 1980 til 1985. Blant desse var det, ifylgje Skarsem, 17 grupper som berre spelte coverlåtar. Dei resterande spelte ein miks av eksternt og internt materiale.

I tillegg til vekslande originalitet innan både komponering og produksjon blant norske grupper og låtar i 1980-åra, var det svært mange som starta som coverband, men som laga eige materiale etter kvart. Dette kjem tydeleg til uttrykk i ei anna lokalhistorisk bok – Skiens Rockehistorie 1957 til 1997.

Her samlar forfattarane Andersen og Andersen banda som var aktive i åra 1985 til 1989 under overskrifta ”Gammelrocken og heavyrocken blomstrer side om side”. I dette kapitlet er det i alt 55 svært ulike band som får omtale. Trass i at Skien, ifylgje Andersen og Andersen, tidlegare har fostra artistar innan både psykedelia, visesang, pønk og nyveiv, er 25 av dei omtalte gruppene frå siste del av 1980-åra i større eller mindre grad coverband. Pål Jensen Band er skildra slik: ”Til og begynne med gikk det på obligatoriske begynnerlåter som blant andre Bob Dylan sin ”Knocking on heavens door”, men etter hvert ble det flere egne låter, ofte i bluesrock stilen”. Creedence var også populære å kopiere i 1980-åra. Gruppa Nachspiel in Coma covra Lee Aron, Quiet Riot og TNT, laga eigne låtar, og hadde ein ”frenetisk trashversjon av ”Have you ever seen the rain””. Medan bandet G 35 gjorde ”Showbiz” av AC/DC og folkevisa ”Mannen og kråka” i heavyversjon. Det fins med andre ord eit mangfald av coverband, og ikkje alle reiste rundt og spelte til dans.

Publisert:

Del: