Lisbeth Wathne Svinø (Foto: Paal Audestad)

Rektorval ved Norges musikkhøgskole, del 2: Lisbeth Wathne Svinø og Julius Pranevicius

– Vi må ha ei framtidig dimensjonering som bidreg til at NMH tek vare på samfunnsoppdraget sitt på best mogleg måte, og vi må tilby studier ut frå kva markedet treng. Rektorkandidat Lisbeth Wathne Svinø og prorektorkandidat Julius Pranevicius er opptekne av å sjå moglegheiter og gjere noko med dei, og av at det å praktisere kunst handlar om tryggheit til å uttrykke seg fritt.

Kalender

Mellom 4. og 10. februar skal studentar og tilsette ved Norges musikkhøgskole (NMH) stemme på kven dei vil ha i leiinga dei neste fire åra. Ballade har tatt ein prat med kandidatane veka før valet. Les del 1 her, med intervju med rektorkandidat Astrid Kvalbein og prorektorkandidat Eyolf Dale.

– Eg stiller fordi eg meiner at eg har kompetanse og erfaring som eg kan bidra med, inn i den vidare utviklinga av skulen. Gjengen eg har valt å stille med har brei kjennskap til organisasjonen, samt god og relevant fagleg bakgrunn på høgt nivå. Eg har kjempelyst til å finne ei felles retning på arbeidet vårt, og det kjennest inspirerande og motiverande å kunne bidra til vidareutvikling av dei moglegheitene som finst både i organisasjonen og enkeltpersonane.

Rektorkandidat Lisbeth Wathne Svinø er utdanna klassisk slagverkar og pedagog, med tilleggskompetanse innan leiing og organisasjonsutvikling, og er i dag tilsett ved Norges musikkhøgskole som universitetslektor. Ho har i tillegg ei stilling som rådgjevar i Norsk kulturskoleråd. Prorektorkandidat Julius Pranevicius er professor i horn, og har undervist ved Norges musikkhøgskole dei ti siste åra.

Ballade treff duoen over ein videoprat for å høyre kva dei tenkjer er viktig for framtida til NMH.

– Vi må tilpasse oss samfunnets behov slik at vi ikkje utdannar for mange i den eine eller andre retninga, meinar Lisbeth Wathne Svinø. – Kva treng samfunnet, både i Noreg og verda?

Kva slags utdanningstilbod treng musikk-Noreg, kva skal NMH tilby og kva skal vi tilby i samarbeid med dei andre musikk-utdanningsinstitusjonane?

– Vi må ha ei framtidig dimensjonering som bidreg til at NMH tek vare på samfunnsoppdraget sitt på best mogleg måte, og vi må tilby studier ut frå kva markedet treng. Stadig auka globalisering, teknisk og digital innovasjon og eit publikumsbehov i endring, bidreg til at arbeidsmoglegheitene forandrar seg. Samtidig må vi ta vare på det beste i kva vi har frå før. Og i kva grad skal Norges musikkhøgskole tilby alt? Kva slags utdanningstilbod treng musikk-Noreg, kva skal NMH tilby og kva skal vi tilby i samarbeid med dei andre musikkutdanningsinstitusjonane? Om kvar og ein har litt av alt så blir det liksom ingenting.

Lisbeth Wathne Svinø meiner at NMH er ein skule på toppnivå som kan vere på toppnivå også på fleire områder. Bærekraft er eit viktig stikkord for både Wathne Svinø og Julius Pranevicius.
– Eg synst vi kan vere litt meir frampå når det gjeld bærekraft. Det blir lite offensivt å berre seie «eit grønt NMH». Omgrepet bærekraft inkluderer så mykje meir – NMH skal vere med å bidra til eit bærekraftig musikk-Noreg, vi må ta ein ordentleg diskusjon om det. For eksempel når det gjeld å avgrense reiseaktivitet og samtidig ta omsyn til at musikklivet er internasjonalt. Det har jo hendt eit radikalt paradigmeskifte digitalt det siste året – korleis kan vi utnytte det?

– Vi sit ikkje med nokon fasit på kva vi skal satse på innan bærekraft – vi må hente inn flest moglege perspektiv frå både studentar, tilsette, andre utdanningsinstitusjonar og kanskje også eksterne miljøorganisasjonar.

– Kvalitet inneber også mangfald, folk med ulike bakgrunnar som bidreg med ulik kompetanse og på den måten hevar kvaliteten i studia og forskinga.

Julius Pranevicius, Norges musikkhøgskole (Foto: Norges musikkhøgskole)

– Tryggheit og dialog
Og nettopp dialog kjem fort opp som tema i samtalen. Julius Pranevicius og Lisbeth Wathne Svinø trekk fram at det er stort potensial for ein betre dialog internt på NMH, både fagleg og sosialt: – Når ein kjenner kvarandre og er trygg på kvarandre, blir det også høgare kvalitet på arbeidet. Også når det kjem til undervisningskvaliteten for studentane.

Kvalitet er eit oppsummerande stikkord, fortel Pranevicius: – Kvalitet inneber også mangfald, folk med ulike bakgrunnar som bidreg med ulik kompetanse og på den måten hevar kvaliteten i studia og forskinga.

– Kvalitet sikrar ein ved medverknad og medbestemmelse, ved inkluderande arbeidsprosessar, og ved trygge og motiverande arbeidsvilkår.

Kvifor er det ei sjølvfylgje at kunstnariske tilsette i ei fast stilling utviklar seg mindre enn ein som jobbar med andre fag?

– Midlertidige stillingar er jo eit heitt tema fleire stader – kva tenkjer de om det?
– Hjå oss på NMH er dei fleste midlertidige stillingane under kunstnarisk utøvande fag, der argumentasjonen har vore at ein må fornye, fortel Wathne Svinø. – Men eg har tenkt mykje på kvifor det skal vere ein forskjell mellom stillingar for kunstnariske tilsette og andre stillingar. Kvifor er det ei sjølvfylgje at kunstnariske tilsette i ei fast stilling utviklar seg mindre enn ein som jobbar med andre fag?

Wathne Svinø meiner det tvert i mot er når du er trygg i jobben at du også torer å eksperimentere og ta sjansar, og på den måten utviklar deg: – Eg har personleg kjent på kroppen kva det betyr å jobbe for seg sjølv, utan å ha fast arbeidsforhold. Det er for eksempel ikkje berre berre å gå i banken og be om huslån utan fast stilling.

– Om ein kjenner på fysisk ubehag når ein spelar gjer det også noko med den psykiske helsa.

Eit tema som ligg Pranevicius hjarte nær, musikarhelse, heng saman med dette: – Norges musikkhøgskole utdannar kunstnarar og folk med kunstnarisk kompetanse. Dei midlertidige stillingane gjer noko med kva slags respekt kunstnarisk kompetanse får i samfunnet. Slik det er no, framstår kunstnarisk kompetanse som midlertidig kompetanse – korleis kan eg kommunisere til mine studentar at kunstnarisk kompetanse er verdsett i samfunnet samtidig som institusjonen som utdannar dei ser på kunstnarisk kompetanse slik?

Den fysiske helsa er også viktig for Pranevicius, som har hatt eit større prosjekt med den såkalla Alexanderteknikken inn i hovudinstrumentundervisning: – Om ein kjenner på fysisk ubehag når ein spelar gjer det også noko med den psykiske helsa. Mange har dessverre innstillinga «no pain, no gain». Men om ein har vondt i årevis, vert ein mindre nøgd med seg sjølv, tør ikkje snakk om det.

Wathne Svinø måtte sjølv slutte som utøvande musikar for 20 år sidan av helsemessige årsakar, så begge kjenner godt til at både fysisk og mental helse er viktig for å kunne jobbe godt som musikkarbeider.

Pranevicius ser på Norges musikkhøgskole som ein av dei beste stadane i verda å få til denne heilskaplege tenkinga rundt musikarhelse: – I andre kulturar, andre stader rundt om i verda, kan ein ikkje naudsynleg forvente det.

Alle perspektiv må med
NMH er delt opp i sjangrar og retningar – jazz, folkemusikk, klassisk, men så ser ein at studentane gjerne samarbeider mykje på tvers.

Det å praktisere kunst handlar om tryggheit til å uttrykke seg fritt.

Wathne Svinø er universitetslektor i entreprenørskap ved NMH: – I dette faget møter studentane kvarandre på tvers av linjene. Eg ser jo at det er stor forskjell på tankesettet til for eksempel klassiske og jazzutøvarar, for å setje det på spissen. Går du rytmisk, har du færre faste jobbar å søke på, og det er i større grad ein del av «gamet» å utvikle ulike jobbmoglegheiter sjølv. Ikkje at det er så mykje faste orkesterjobbar heller, men eg trur dei ulike fagområda har utrulig mykje å gje kvarandre. Entreprenørskap handlar om “å sjå moglegheiter og gjere noko med dei”, via gode strukturar, verkty og tankesett. Når eg jobbar med studentar så ser eg at dialog på tvers av fag og retningar gir gode refleksjonar som er viktige for framtida. Og målet med fag som går under entreprenørskapsoverskrifta er jo å få ting til å skje slik at kunsten kjem ut til folk.

Pranevicius påpeikar at ein også må sjå dei ulike behova kvar utøvar har: – Min ståstad er at vi burde kunne gå vidare frå berre ei naiv forståing av at alle sjangrar er heilt like og at vi utan vidare kan lære frå kvarandre. Vi må nemleg også anerkjenne at sjangrane er ulike med ulik kultur, praksis, og så vidare – først når vi anerkjenner at noko er likt og noko er ulikt, kan ein lære av kvarandre.

– Sjølve kjernen i alt vi gjer er sjølve kunsten. Det å praktisere kunst handlar om tryggheit til å uttrykke seg fritt, avsluttar Lisbeth Wathne Svinø.

Rektorkandidat: Lisbeth Wathne Svinø
Stilling: Universitetslektor i entreprenørskap ved NMH, 60 prosent fast stilling og rådgiver og veileder i Norsk kulturskoleråd, 40 prosent fast stilling i Veiledningsordningen og 20 prosent prosjektstilling i Nordea-prosjektet.
Alder: 59 år
Utdanning: Lederutviklingsprogram for offentlig sektor: Ledelse av prosesser, internasjonalt lederprogram arrangert av Barnum, interne lederprogram i regi av Asker kommune, SATS og Lindorff. Utdanning i administrasjon og ledelse ved NMH og NKI, styrekompetanse fra Handelshøyskolen BI, internasjonal coachsertifisering (ICF) og sertifisert i atferdsanalysen Lifo-metoden, økonomi, regnskap og lønn, utøvende studier som slagverker i Oslo, Århus, Köln og Tokyo. Debutkonserter i Norge og Danmark. Faglærer i musikk.

Prorektorkandidat: Julius Pranevicius
Stilling: Professor i horn
Alder: 35 år
Utdanning: Reiste fra Litauen til Norge og tok Bachelorstudier og Diplomstudier ved Norges musikkhøgskole. To utenlandsopphold ved Hochschule für Musik und Darstellende Kunst i Stuttgart, Tyskland. Startet karrieren som hornist ved Høgskolen for musikk og teater i Litauen.

Kjelde: NMHs nettsider

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.
Konserttips Oslo