Astrid Kvalbein (Foto: Paal Audestad)

Rektorval ved Norges musikkhøgskole, del 1: Astrid Kvalbein og Eyolf Dale

Rektorkandidat Astrid Kvalbein og prorektorkandidat Eyolf Dale er opptekne av at kunst og kultur skal bli verdsatt, av allsidigheit og mangfald, og av at utøvande og teorifag er betre saman – kanskje nett som dei.

Kalender

Mellom 4. og 10. februar skal studentar og tilsette ved Norges musikkhøgskole (NMH) stemme på kven dei vil ha i leiinga dei neste fire åra. Ballade har tatt ein prat med kandidatane veka før valet. Les del 2 her, med intervju med rektorkandidat Lisbeth Wathne Svinø og prorektorkandidat Julius Pranevicius.

– Eg stiller fordi eg er veldig glad i denne skulen og at eg vil vere med å påverke kva retning NMH går. For få år sidan avviste eg det, men dei siste par åra har fleire sagt til meg at dei synst eg bør stille. Det har freista meir og meir.

Rektorkandidat Astrid Kvalbein er tilsett ved NMH som forskar og prosjektleiar for NMHs historieprosjekt.
– Det er jo rart å drive valkamp når det må skje på e-post og videochat, i ein prosess der vi har vore opptekne av å fange opp kva som rører seg. Det er mykje verdifullt ein går glipp av når ein mister dei tilfeldige møta i gangen, over kaffien.

Prorektorkandidat Eyolf Dale er tilsett som førsteamanuensis i jazzpiano og studieleiar for bachelorstudiet i jazzutøving: – Eg er òg glad i denne skulen, eg har jo gått rundt på huset her sidan eg flytta til byen. Først som student og sidan som lærar. Eg har lyst vere med å forme kva NMH skal vere.

Eyolf Dale (Foto: Norges musikkhøgskole)

– Betre saman
«Betre saman» er gjennomgåande i presentasjonen til Kvalbein/Dale:
– På musikkhøgskulen er det eit gamalt skilje mellom utøvande fag og teorifag. Men for eksempel har det hendt mykje spennande med det som ein kallar kunstnarisk utviklingsarbeid og kunstnarisk forsking. Kvar går overgangen mellom det du gjer som utøvar og som forskar? Mykje av denne utviklinga har vore på ph.d.-nivå, men no ser ein på korleis denne tankegangen kan vere med på å prege både master og bachelor-nivå, seier Kvalbein.

Ho trekk også fram at NMH har vekse og blitt internasjonalisert: – Det har gitt oss mange ressursar, men det går kanskje også an å sjå meir innover også no og bygge meir ut det vi har bygd opp. Men vi skal framleis tenke internasjonalt – det er allereie i gong mange interessante prosjekt internasjonalt som er veldig bra, og dei er viktige å ta vare på.

Allsidigheit som noko positivt
Astrid meiner at det at ho er sjølv utøvande songar, har frilansa, forska og kjenner fleire institusjonar enn berre NMH bidreg med eit allsidig perspektiv inn i ei eventuell rektorstilling.

Det er ein evig kamp mellom å hoppe etter det siste som kjem og å vere konservativ, å tenke konservatorieaktig.

Og allsidigheit er noko Kvalbein vil trekke fram som ein viktig verdi for studentane også:
– Eg trur vi treng å ta ein samtale om ekspertise versus allsidigheit. Vi vil sjølvsagt utdanne dei beste solistane og folk som vinn prøvespel, men vi veit at vi utdannar folk som vil stå på fleire bein. Korleis kan vi gjere det til noko positivt? Det er mange måtar å halde på med musikk på som er gjevande. Eg trur vi kan sjå allsidigheit i form av positive moglegheiter, ikkje berre som noko ein må ha.

Dale hugsar sjølv tilbake til si studietid at han var saman med studentar på tvers linjene: – Og eg opplevde at mykje av det som skjedde var på vårt initiativ, det var vi som møttest og fann på ting i større grad enn institusjonen. Så eg tenkjer det er eit vanvettig potensiale der. Skiljet mellom klassisk, jazz eller folkemusikk gir jo meining frå ein fagleg stad, men når ein ser kva studentane faktisk held på med er det mykje som går på tvers av desse skiljelinjene. Reint kunstnarisk kan dette gje grobotn for noko nytt og spanande, og det må vi ta innover oss.

– Men det gjeld å finne måtar å fasilitere det på utan at vi gløymer handverket i det – det er lurt å kunne notar, kjenne relevant repertoar og ha eit godt gehør. Vi må bevare alt det der samtidig som vi stimulerer andre initiativ. Det er ein evig kamp mellom å hoppe etter det siste som kjem og å vere konservativ, å tenke konservatorieaktig.

Ut å leite
Mangfald er eit hovudpunkt i begge kandidatane sine presentasjonar. Kvifor er det eit viktig punkt?
– Eg har jobba mykje med likestilling, og der synst eg musikklivet er litt bakpå. Også musikkhøgskulen. Både på for eksempel komposisjon, men også representasjon på instrumentgrupper. Men i vår samtid er mangfald eit større omgrep enn berre kjønn. Vi skulle rekruttert til alle områder.

– Eg har tru på leitekomitear – og på å gå ut og leite på andre måtar. Og at vi stoppar opp og reagerer når vi ser at ulike grupper er underrepresentert.

– Det er for eksempel mange ungdommar i Groruddalen som spelar i band eller orkester i oppveksten, men det er ikkje så mange som kjem til oss – det synst eg er ei utfordring vi bør ta. Det er lett at vi dyttar ansvaret nedover til kulturskulen og grunnskulen. Men det må finnast grep vi også kan ta ved å få fram mangfald blant førebilete, for eksempel, ikkje alltid den kvite, mannlege komponisten og dirigenten.

– Eg har tru på leitekomitear – og på å gå ut og leite på andre måtar. Og at vi stoppar opp og reagerer når vi ser at ulike grupper er underrepresentert. Og at vi tør å telje. Men draumen er jo berre at ein har ein generell større bevisstheit på dette. Jenteprosjektet til Rune Rebne har jo verkeleg vist at det er viktig å ta tak tidleg, før dei skal søke NMH.

– I desse spørsmåla trur eg vi også har mykje å lære av studentane som er yngre og frå andre miljø enn oss.

Mykje av styrken til NMH er nettopp at vi er litt små.

– Eg er glad for at vi har gått klar av fusjonsbølga i universitets- og høgskolesektoren, og framleis er ein frittståande høgskule, seier Kvalbein.

– Kvifor tenkjer du det er viktig?
– Det betyr mellom anna at vi ikkje blir ete opp av tellekantsystemet som, sett på spissen, baserer seg på at ein måler verdien av kunnskap i publikasjonar. Vi forvaltar mange typar kunnskap som ikkje kan målast på den måten. Vi kan halde på ein identitet som musikk- og kunsthøgskule.

Eg prøvar meg på eit litt krøkkete spørsmål til Dale: Kva er du du fryktar kan skje med NMH? Er det nokre tendensar du ser ein må passe seg for?
– Det er eit farleg spørsmål, men samtidig veldig fristande å svare på det. Det eine er at dei tilsette og studentane ikkje føler eigarskap til skulen sin. At det blir for stort, for fragmentert og for framand. Eg vil at ein skal vere stolt av den staden ein går og vere sterke saman. Litt vidløftig sagt kanskje, men eg trur også det er ei reell fare for at ein blir så stor både i ord og størrelse at ein gløymer kven ein er. Mykje av styrken til NMH er nettopp at vi er litt små. At ein har sine ritual, sine ensemble som alle gler seg til kvart år, at ein har lærarar som byggjer opp opplegg som varer over mange år.

Eg håper at staten og det offentlige framleis har vilje å halde oppe kunst- og kulturlivet.

Dette går også inn i tilsettingar, meiner Dale: – Det er mykje usikkerheit når det er mange midlertidige stillingar. Og bakgrunnen frå det kan til dømes vere ei frykt for at ting kan stagnere fagleg sett, men vi trur at tryggheit i arbeidsstasjonen vil påverke kvaliteten i arbeidet på ein positiv og oppbyggande måte.

Kvalbein trekk fram kunsten sin status i samfunnet som ei bekymring: – Eg er bekymra for at samfunnet ikkje alltid ser verdien av det vi gjer. Eg håper at staten og det offentlige framleis har vilje å halde oppe kunst- og kulturlivet. Vi har jo merka no at det betyr utruleg mykje for mange å ha levande musikkscener, pedagogisk verksemd, terapeutisk arbeid og andre aktivitetar som ein ikkje kan gjere over skjerm.

– Det gir ikkje meining å tenke at ein skal lage ein revolusjon på ein institusjon med så mykje historie og med fagmiljø som har så mykje bra. Men vi kan kanskje setje søkjelys på litt andre ting enn før – og løfte fram tema som vi synst er viktigare enn andre i dag, avsluttar ho.

Rektorkandidat: Astrid Kvalbein
Stilling: Forsker og prosjektleder for NMHs historieprosjekt
Alder: 49
Utdanning: Ph.d. i oppføringspraksis, om komponisten, kritikeren og Ny Musikk-lederen Pauline Hall, NMH 2013, hovedfag musikkpedagogikk, NMH 1996-1998, kandidatstudiet i musikkpedagogikk, NMH 1992-1996, Ex. Phil. (UiO 1990), grunnfag i kristendom (MF 1991), grunnfag nordisk (UiO 1995)

Prorektorkandiat: Eyolf Dale
Stilling: Førsteamanuensis i jazzpiano & studieleder for jazz, utøving
Alder: 35
Utdanning: Mastergradsstudiet i utøving, NMH 2009-2011, Kandidatstudiet i utøving på NMH, 2005-2009

For å kommentere her må du ha en Facebook-konto. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du sende oss en e-post.
Digitale festivaler og konserter

Stillinger

Kirkemusiker

Aurskog-Høland kirkelige fellesråd

Salgs- og markedsansvarlig

Festspillene i Bergen

Daglig leder

Balansekunst

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev