Stortingets kulturkomite: Fleksibilitet og dynamikk i musikklivet
– De neste ti årene må musikksektoren få økte tilskudd innenfor tilgjengelige rammer, uttaler Familie-, Kultur- og Administrasjonskomiteen i sin innstilling til Stortinget. – På det skapende området må det legges vekt på at offentlige stønadsordninger for produksjon skal kunne ivareta nyskaping innenfor alle sjangre, inkludert musikkformer som ikke er tuftet på notasjon, og sjangre som er nye i landet. Komiteen mener videre at det må arbeides for å øke antall fremføringer av nykomponert musikk, og nevner sikring av videreutvikling av samtidsmusikken som et særlig viktig felt. Man lover også bedre rammevilkår for Innkjøpsordningen for Fonogrammer.
Fra Stortingsinnstilling nr. 155 (2003 – 2004): Innstilling fra Familie-, kultur- og Administrasjonskomiteen om kulturpolitkk frem mot 2014
1.3.1 Hovudutfordringar og prioriteringar
Det næraste tiåret må musikksektoren få auka tilskot innanfor dei tilgjengelege rammene. Det er eit overordna mål å innretta satsinga slik at det fremjar nyskaping og fleksibilitet.
Musikkpolitikken skal forma eit trygt grunnlag for å skapa musikk av høg kvalitet. Dei mange uttrykksformene må vera tilgjengelege for flest mogeleg. Utgreiingane på musikkfeltet frå den seinare tida gjev verdfulle innspel til å vurdera musikksektoren i åra som kjem.
På det skapande området må det leggjast vinn på at offentlege stønadsordningar for produksjon skal kunna ivareta nyskaping innanfor alle sjangrar, medrekna musikkformer som ikkje er tufta på notasjon, og sjangrar som er nye i landet. Det må arbeidast for å auka talet på framføringar av nykomponert musikk. Å tryggja vidareutviklinga av samtidsmusikken lyt nemnast særskilt.
Å stimulera interessa for musikk hjå born og unge er no som før ei viktig utfordring. Den auka tilførsla av spelemidlar til lokal kulturaktivitet dei komande åra vil gje økonomisk handlingsrom for utvida musikkformidling til skuleelevar.
God musikk må takast vare på og formidlast som fonogram. For å kunna støtta ein rimeleg del av dei nye produksjonane vil innkjøpsordninga for fonogram under Norsk kulturråd få vidare rammer dei komande åra.
Musikk er ei kunstform med høg grad av internasjonalt samarbeid og internasjonal utveksling. Prosjekt og nettverk på tvers av landegrensene kan stimulera til nyskaping og kvalitativ utvikling. Å leggja til rette for internasjonalt samkvem både for musikarar og formidlarar lyt vera ei prioritert oppgåve.
Den statlege politikken på musikkfeltet dekkjer dei fleste lekkjene i produksjons- og formidlingskjeda gjennom ulike støtteordningar til komponistar, utøvarar, konsertarrangørar og plateinnspelingar. Det er viktig å streka under samanhengen mellom dei ulike aktørane på feltet og mellom dei ulike økonomiske verkemidla.
For å tryggja norsk musikkliv som ein blømande del av norsk kulturliv er det viktig at dei offentlege tilskota gjev fullgode rammer for kunstnarleg nyskaping og legg til rette for fleksibilitet og dynamikk i musikklivet.
1.3.2 Ensemblefeltet
Noreg har i dag eit rikt og pulserande musikkliv som i stor grad er resultat av at det dei siste tiåra har vakse fram mange nye ensemble som produserer, framfører og formidlar eit mangslunge musikktilbod av høg kvalitet både innanfor klassisk musikk – inkludert samtidsmusikk – og innanfor dei mange uttrykksformene av jazz, folkemusikk, pop, rock og verdsmusikk. Ut frå dei kulturpolitiske måla på musikkområdet om mangfald, kvalitet og tilgjenge er det behov for ei monaleg styrking av dei økonomiske rammevilkåra på ensemblefeltet.
Ensemblefeltet har eit særleg behov for sterkare innsats frå det offentlege. Det store mangfaldet av ensemble har tronge vilkår. Ei rad gode instrumental- og vokalensemble gjer seg gjeldande innanfor eit breitt spekter av uttrykksformer, samstundes som det finst eit potensial for endå meir spesialisert og variert verksemd.
Jamvel om ensembla kan søkja tilskot frå fleire ordningar, kan berre ein liten del av behovet dekkjast opp innanfor gjeldande rammer. Det er ei utfordring å skapa eit betre grunnlag for ensembleverksemd, både for langsiktig arbeid innanfor dei store repertoarområda og for prosjekt innanfor alle sjangrar. Det er elles ynskjeleg at kyrkjemusikken vert knytt musikkpolitisk betre i hop med musikkfeltet elles.
Det er neppe tenleg å samla dei statlege tilskota i éi ordning ubunden av sjangrar, men det kan vera naturleg å leggja til rette for ei meir heilskapleg og samordna tilskotsforvaltning. Vidare vil det vera tenleg at Norsk kulturråd gjev tilsegner om fleirårig tilskot til ensemble når det er eit særleg behov for å arbeida utan avbrot med produksjon og formidling over ein lengre periode.
Departementet legg til grunn at ein monaleg auke i tilskota til ensembla er naudsynt for å gje feltet rimelege vilkår for vidare utvikling og for å letta nyetableringar.
Stortinget har bede om at korfeltet skal vurderast særskilt. Korfeltet er med som ein del av utgreiinga Musikkliv og musikkpolitikk (Norsk kulturråd 2002, rapport nr. 31). Utgreiinga peiker på at det er behov for eit lyft for dette feltet.
Utgreiinga rår til å bruka dei ulike eksisterande tilskotsordningane meir målretta; dvs. generell ensemblestøtte, reisestøtte, aspirantstøtte, plateinnspelingsstøtte osv.
1.3.3 Symfoniorkestra
Symfoniorkestra tilfører musikklivet eit eineståande tilbod av både norsk og utanlandsk musikk. Musikarar i orkestra har dessutan ofte andre viktige roller som medverkande i ensemble eller som musikkpedagogar. Ei hovudutfordring for orkestra i åra frametter er å nå fram med eit variert musikktilbod til eit publikum med ulike og vekslande preferansar. Orkestra lyt følgjeleg evna å vera fleksible og å samarbeida. Betre kvalitativ informasjon om orkestra bør skaffast fram ved hjelp av periodiske evalueringar og meir presis målstyring.
Ei utgreiing om orkesterfeltet frå 2001 (Symfoniorkesterutredning. Ny orkestersatsning – kvantitativt og kvalitativt) vurderer korleis ein på ulike måtar kan oppnå målet om å gjera musikk av høg kvalitet tilgjengeleg for flest mogeleg, og korleis ein kan stimulera til kunstnarleg fornying, målretta aktiviteten og sikra god ressursbruk.
Dei norske orkestra kan gjennom dei seinare åra dokumentera god kunstnarleg vekst og utvikling. Størst internasjonal merksemd har Oslo-Filharmonien hatt. Det er ei viktig kulturpolitisk oppgåve å medverka til at orkestret kan utvikla seg vidare. I denne samanhengen er det ei sentral deloppgåve å syta for at orkesteret får dei akustiske og praktiske tilhøva i Oslo konserthus som er naudsynte for vidare utvikling av orkesteret. Dette krev medverknad frå Oslo kommune som eigar av konserthuset.
Departementet legg til grunn at symfoniorkestra også i framtida vil vera ulike med omsyn til storleik, organisering, økonomi, fagleg profil og omfang. Det bør leggjast til rette for å få fram eit større mangfald i musikkframbodet frå orkestra.
Oslo-Filharmonien har i dag 109 musikarar. Dei andre symfoniorkestra framfører – med noko vekslande argumentasjon – gode faglege grunnar for å verta større. Departementet vil prioritera dette i framtidige budsjett.
Departementet har i samarbeid med Norsk teater- og orkesterforening sett i gang eit arbeid for å revidera det noverande opplegget for mål- og resultatstyring for orkestra og teatra og for å innføra periodiske evalueringar, til dømes kvart femte år.
1.3.4 Festivalane og dei lokale arrangørane
Eit rikt konsertliv i heile landet heile året er eit overordna siktemål. Gode vilkår for musikkfestivalar og lokale arrangørar er difor viktig. Det er ei særleg utfordring å styrkja vilkåra for dei mange musikkfestivalane og andre konsertarrangørar landet rundt.
Utviklinga av festivalane er noko av det mest gledelege og nyskapande som er skjedd innanfor musikkfeltet dei seinare åra.
For å dekkja behova betre enn i dag må ramma for tilskotsordninga aukast monaleg. Tildeling av midlar må tuftast på ei vurdering av kvalitet, oppslutnad og lokalt ankerfeste.
Samstundes som arrangørleden må styrkjast ressursmessig, er det viktig at dei lokale arrangørane byggjer lokale nettverk som også omfattar interesseorganisasjonar og andre miljø der musikkgleda og den friviljuge innsatsen er ei drivkraft.
Det kan vera tenleg å gjennomføra ulike forsøks- og utviklingsprosjekt i samarbeid mellom landsomfattande arrangørnettverk, sterke organisasjonar og kvalitetsmedvitne produksjonsmiljø, til dømes Norsk Kulturhusnettverk og Norgesnettet, Norsk Jazzforum, Norsk Rockforbund i samarbeid med Rikskonsertane og Norsk kulturråd, for å utvikla kompetanse og erfaring med tanke på ei generell styrking av arrangørleden.
1.3.5 Rikskonsertane
Rikskonsertane har heile landet som verkefelt og har oppgåver innanfor eit breitt spektrum av musikkfeltet. Rikskonsertane fremjar mangfaldet i norsk musikkliv med konsertar innanfor mange sjangrar. Gjennom skulekonsertordninga formidlar dei levande musikk til skuleelevar i hundretusental. Gjennom programmeringa av eit mangslunge turnétilbod i heile landet med norske og utanlandske musikarar og musikkensemble og satsingar på verdsmusikk ivaretek Rikskonsertane ei viktig rolle i norsk musikkliv.
Det vil vera behov for ei viss styrking av Rikskonsertane for å kunna utnytta arrangørnettverk og formidlingskompetanse i utviklinga av eit landsomfattande tilbod av opera og ballett.
Innføring av Den kulturelle skulesekken set skulekonsertordninga til Rikskonsertane inn i ei ny heilskapsramme. Det er viktig både å ta vare på, vidareføra og vidareutvikla kompetansen og nettverka som er bygde opp gjennom 35 år med skulekonsertverksemd. Det vert difor viktig å klårgjera den rolla Rikskonsertane skal ha innanfor den heilskapen som Den kulturelle skulesekken representerer.
Departementet ser det som viktig at alle kommunar som ynskjer det, skal få delta i den landsomfattande skulekonsertordninga. Ordninga må vidareutviklast og i større grad tilpassast ulikskapane i lokalt kulturliv. Departementet ser i den samanhengen med interesse på den planen dei fire store bykommunane Oslo, Trondheim, Kristiansand og Drammen har utarbeidd i samarbeid med Rikskonsertane for å prøva ut ein skulekonsertmodell som er tilpassa storbysituasjonen.
1.3.6 Innkjøpsordninga for fonogram
Innkjøpsordninga for fonogram bør styrkjast for å tryggja at ein større del av viktige produksjonar med norske musikarar og norskkomponert musikk kan verta innkjøpt, anten produksjonen er utgjeven av eit norsk eller eit utanlandsk selskap.
Innkjøpskomiteen, som innstiller kva titlar som skal kjøpast inn, er til no peikt ut av organisasjonane FONO, GramArt, IFPI, Musikernes Fellesorganisasjon, NOPA, Norsk Komponistforening og Rådet for folkemusikk og folkedans. Departementet ynskjer å gå bort frå ordninga med at utvalde organisasjonar oppnemner representantar, og i staden oppnemna ein komité etter framlegg frå relevante organisasjonar tufta på behovet for fagleg ekspertise og på same måten som for dei andre fagutvala til Kulturrådet.
(—)
1.3.12 Dokumentasjon og informasjon
Dokumentasjon og informasjon om norsk musikkliv er ein naudsynt føresetnad for eit levande musikkliv. Dokumentasjonen av og informasjonen om norsk musikkliv er organisert på ulike måtar. Dels er arbeidet knytt til bestemte musikkformer og lokale miljø innanfor musikkfeltet og dels til meir landsomfattande institusjonar og nettverk med verksemd på tvers av sjangergrenser. Fellesløysingar og fagleg samarbeid kan medverka til å styrkja denne delen av musikklivet.
Musikkinformasjonssenteret, Norsk Jazzarkiv og Visearkivet vil ha behov for meir tidhøvelege lokale og betre infrastruktur. Den rehabiliterte hovudbygningen for Nasjonalbibliotekets Oslo-avdeling vil ha rom for ei samlokalisering av de nemnde institusjonane.
Departementet tek sikte på at alle desse skal vera på plass når den rehabiliterte bygningen for Nasjonalbiblioteket på Solli plass i Oslo opnar for publikum i 2005.
Innstillingen fra familie-, kultur- og administrasjonskomiteen kan du lese i sin helhet her. Ballade gjør oppmerksom på at dette dreier seg om en midlertidig, ikke-korrekturlest utgave av dokumentet, slik at enkelte endringer fremdeles kan forekomme. |
Ledige stillinger
Produsent for NUSO
NUSO - Norsk Ungdomssymfoniorkester eies og driftes av De Unges Orkesterforbund (UNOF)Søknadsfrist:10/01/2025
Førsteamanuensis i musikkhistorie
Norges musikkhøgskole (NMH)Søknadsfrist:05/01/2025
Førsteamanuensis i låtskriving og musikkproduksjon
Norges musikkhøgskole (NMH)Søknadsfrist:05/01/2025
Tenortrombonist
Forsvarets musikkSøknadsfrist:20/12/2024
Nestgruppeleder bratsj
Kilden teater og konserthusSøknadsfrist:16/12/2024