Hopp til innhald

Paradoksal politikk

Då årets festspelprogram vart lansert, var det under parolen «Politikken trenger kunsten». Men Festspillene i Bergen rørte seg i realiteten innan eit meir polarisert tilhøve, der «politikken trenger kunsten, og kunsten trenger politikken».

Av Ida Habbestad

Den islandske forfattaren Hallgrímur Helgason sette ein første standard, då han i sin opningstale framheva det gode ved finanskrisa: «Island er nå et annet land. Istedenfor å lytte til politikere lytter vi til poeter», sa han der.

Og i den grad me talar kunst som har ein politisk fundert bodskap, har den absolutt vore representert på festspelprogrammet.

Dømevis i framsyninga «Elephant Stories», der regissør Tore Vagn Lid let stilla spørsmål ved kva som hender med individet når den moderne verda så lett vil kategorisera – og plassera menneska i bås. Eller – om enn i mindre grad – i «American Influence: Good or bad?», der Jo Strømgren Kompani la grunnen for ein artig harsellas om kultur og fordommar.

Vidare finst der samfunnskritikk i Berthold Brecht sin tekst – om enn dette aspektet ikkje var det mest vektlagde i Robert Wilsons versjon av «Tolvskillingsoperaen». Avlysinga av fest-arrangementet i hindutemplet grunna krigshandlingar på Sri Lanka var såvisst ei politisk handling. Og kan henda fanst der fleire døme.

#gallery-4 {
margin: auto;
}
#gallery-4 .gallery-item {
float: left;
margin-top: 10px;
text-align: center;
width: 33%;
}
#gallery-4 img {
border: 2px solid #cfcfcf;
}
#gallery-4 .gallery-caption {
margin-left: 0;
}
/* see gallery_shortcode() in wp-includes/media.php */

Videoklipp fra Tolvskillingsoperaen.

Mellom protest og feiring

Men ein kan òg snakka om kunsten som eit politisk verkemiddel: Det vil seia dette som finn stad når Utanriksdepartementet sponsar ein nordisk festkonsert, og der programmet meir enn å protestera eller stilla spørsmål kring samfunnstilhøve, vert ei feiring av den nordiske kulturen.

Ledige stillinger

Ser ein til dei kring 100 arrangementa under årets festival, vil ein finna at dei rørde seg innan ein slik balansegang mellom innfallsvinklane til det politiske.

Der var dei bejubla, gode prestasjonane, samt konsertar som er komne til grunna velvillige sponsorar. Der var dei som stilte sine subtile spørsmål, og dei som utforska uventa tema med kjend musikk. Der var dei som utforska ukjende klangrom, slik BIT20 synte gjennom Ruben Sverre Gjertsen sitt nye verk. Og der var dei som meir direkte protesterte mot samfunnsordningar, som verka nemnde ovanfor.

Motsetnader

Gjennom denne utforskinga – av nye uttrykk, ukjende namn; det uventa iblanda dei store, stadfestande opplevingane, har det vore eit godt festivalår: Kan henda det mest interessante med Boye Hansen som direktør.

Dei store aktørane har innfridd, få konsertar har verkeleg skuffa – og, ikkje minst, det har vore mogleg å trø opp ei konsertrute i eit sjangermessig opnare landskap enn før.

Og – der har vore rom for paradoks.

På eine sida«Elephant Stories», med sin kritikk mot diagnoser, merkelappar – og på andre sida programtekstar der ein nettopp set folk i bås, karakterisert som dei mest interessante og eineståande av sitt slag. På eine sida eit program prega av vilje til utforsking, og ynskjet om å opphøga kunsten til det som er politikken sin føresetnad. På andre sida eit program som føyer seg inn under forventa rammer; som er avhengig av offentleg velvilje, av publikum og omtale.

Festspilldirektør Per Boye Hansen

For meg vart oppsetjinga av «Vildanden» – som paradoksalt nok har dobbeltmoral og livsløgn som tema – den viktigste påminnaren om dette. Der direktøren – og ikkje politi eller publikum – opptil fleire gonger sette stoppar for framsyninga vart det heilt enkelt understreka ei forventning om at protesten skal finna stad innan gitte rammer. Og at tilhøvet mellom politikk og kunst, friksjon og forventning er fylt av motstand.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Tolvskillingsoperaen09 1/Foto: Festspillene i Bergen

Lokalt og internasjonalt

Søndag kveld vart nok ei spennvidde ved festspelprogrammet belyst.

John Brungot09/Foto: Eget

Norsk musikk sviktes av viktige institusjoner

INNLEGG: Det er forstemmende å se hvordan norsk musikkultur blir holdt nede av nasjonale institusjoner, skriver John Brungot i Follo...

Troldhaugen 09/Foto: Festspillene i Bergen

Ung og utforskande?

Festspillene i Bergen har ei omfattande satsing på unge talent. Satsar dei òg på den unge musikken?

J. A. Løtvedt på verdenshavene/ Foto: J. A. Løtvedt

Subtil, vakker og støyande reise

MELDING: Med utgangspunkt i J. A. Løtvedt sine bilete frå norsk shipping og offshore-industri, har Morten Traavik og Kjetil Møster...

Kompromisslaust

MELDING: Sjostakovitsj sin andre klavertrio er mellom dei mest smertefulle, intense og samstundes livsbejaande stykke eg veit. Rachlin, Golan og...

Tilfeldige møte – med samanheng

Kva har «Andvake», Ganesh-fest og Matmos felles?

Flere saker

1914 avlysningsposter

Ukrainsk metalband avlyser konsert på Infernofestivalen

Tenk å ha et bandnavn oppkalt etter krigsåret 1914 og få turneen stoppet av russiske bomber.

For Rawdna Carita Eira er kjærligheten til nord noe hun stadig vender tilbake til i sitt arbeid. I tekstene til Circus Polaria problematiserer hun hva som skjer når polarisen smelter

Samiske Rawdna Carita Eira: Forsiktig optimist

– Javisst har jeg stått på barrikadene for det samiske. Vi kan ikke la være, for da forsvinner vi. Men...

Håkon Gebhardt og Mari Simonelli

Ballade video spesial: Gebhardt i alle kanaler

Geb’ismen er hjertelig tilbake. Con amore.