SINGELKUNSTEN: Søren Hawkes førestill seg juledagane i 1914 – kunstnaren jobbar som guide i Ypres i Flandern der skyttergravene kravde store offer under fyrste verdenskrig. (Foto: Søren Hawkes)

Ho syng om den spontane våpenkvila for 111 år sida

Syng om soldatar langt heimefrå.

Kalender

Gammal Maiden med Egil Hegerberg

05/12/2024 Kl. 19:00

Oslo

Lunsj med kultur – Operettelunsj

06/12/2024 Kl. 12:00

Oslo

Lørdagsopera

07/12/2024 Kl. 1400

Oslo

Sunniva Fossli syng – på halling – om kvifor våpna stilna, på soldatanes eige initiativ, for 111 år sida. På vestfronten haldt britiske og tyske – og nokre franske – soldatar opp med krig for nokre dagar.
– Det eg syns er spesielt fint med historia er at enkelte stader varte våpenkvila fleire dagar. Det er gjerne ikkje så lett å ta livet av nokon du har sett i augene og kjent deg att i. Julehelgene som kom åra etter passa generalane nøye på at dette ikkje skulle skje igjen, sikkert grunna kva det gjer med kampmoralen. Første verdskrig raserte ein heil mannsgenerasjon og la samstundes grunnlaget for andre verdskrig, som dei fleste er godt kjent med konsekvensane av.
Det skriv Sunniva Fossly om låta ho gir ut like før jula 2023.

Sunniva Fosslys første singel er om julefredsdager i første verdenskrig. (Foto: privat)

Låta lasta ho opp på strømmeplattformene og sendte med følgjende: Då jula ringte inn i 1914 var soldatane på fronten langt heimefrå, kanskje og langt frå seg sjølv. Prega av høgtid oppsto det spontan våpenkvile. Dei kravla opp av dei kalde skyttergravene og møttest i ingenmannsland. Spelte fotball, bytta aviser, såg kvarandre i auga. Denne historia er sterk og seier noko om kva vesen me eigentleg er. Nokre stader tok ikkje skytinga til igjen før 1. januar. Det vart aldri våpenkvile i 1915. Heller ikkje seinare. Korleis skulle det tatt seg ut? Soldatar som helst vil sleppe å kjempe. 

Eg fann historia om våpenkvila veldig rørande og ekte – noko fleire burde høyre om.

– Eg har tidlegare gått rundt med ein tanke om at viss det skulle bli krig i Europa igjen så måtte det blitt heilt annleis enn før med all krigshistorie og ny teknologi me har i bagasjen, skriv ho til redaksjonen.
– Likevel høyrte me plutseleg dagleg nytt frå skyttargravene, noko ein tenkjer høyrer førre århundre til. Det kjendest så meiningslaust og hjarterått. Så kom eg vagt på denne våpenkvila på frontane under 1. verdskrig. Eigentleg er eg litt usikker på kvar eg har dette frå, kanskje historietimane. Eg byrja å lese meg opp og opplevde det eg fann veldig rørande og ekte – noko fleire burde høyre om.

Den uoffisielle våpenkvila oppsto av seg sjølv utan at generalane og dei med høgare rang hadde noko med det å gjera. Mange stader ved at soldatane på kvar si side vart einige om å berre skyte tilbake, eller i lufta, og då vil jo skotløysingane dø ut.

Songaren og låtskriveren har pågåande krigar i Palestina/Israel og i Ukraina i tankane.

– For meg er det skinande klart at ein ikkje kan tvinge nokon til fred. Samstundes er det gjerne akkurat det me vil lage oss om me klarer å leggje forskjellane til side. Dette føler eg våpenkvila i jula 1914 er eit strålande eksempel på.

Ho syng og speler piano sjølv, Ramona Fossly speler gitar, Trym Gjermundbo speler trommer, Margrete Wilhelmsen legg kor, medan Tormod Vold Mikkelsen er produsent og speler bass. Mastring er utført av Morgan Nicolaysen.

– Kan hende var ein prega av høgtid og syns ikkje skyting passa seg? Kanskje var dette pusterommet akkurat det soldatane helst ville ha? Fleire stader møttest ein oppe i ingenmannsland mellom skyttergravane og såg kvarandre som folk, ikkje berre som soldatar frå eit anna land. Når alt kjem til alt er me jo likare enn me trur. Ønsker mat på bordet og at familien vår skal vera trygg, skriver artisten til Ballade.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.
Konserttips Oslo