Fjord Cadenza-logo

Ti år med Fjord Cadenza

Fjord Cadenza Akademiet på Skodje skipar sommarfestival for tiande gong med stort jubileumsprogram første veka i juli. Med utvida symfonisk besetning, vert sommarens musikalske eventyr ei storslått markering av 10 års-jubileet, skriv arrangørane.

Kalender

Västanå Sessions

02/08/2024 Kl. 18:00

Hopalong AKA i bakgården på Folk

03/08/2024 Kl. 19:00

Oslo

Féile Oslo 2024

15/08/2024 Kl. 19:00

Oslo

Féile Oslo 2024 åpningskonsert

15/08/2024 Kl. 19:00

Oslo

Fjord Cadenza Festivalen har utvikla seg til eit viktig musikalsk senter og tilbyr opplæring av unge musikarar med interesse og talent for vidare utvikling innan instrumentalmusikk, song, klaverspel og direksjon. 12-15 konsertar gir tilbod til publikum om å oppleve og nyte god musikk framført av elevane og deira profesjonelle instruktørar frå Norge og fleire andre land i Europa.

Kunstnarleg leiar er den velrennomerte Arild Remmereit frå Brattvåg, busett i Wien. Det vedlagde programmet viser tilbodet til publikum under Fjord Cadenza 2002, som startar med den årvisse kunstutstillinga 30. juni.

For yttarlegare å styrke den symfoniske retninga til Fjord Cadenza orkesteret, har vi i år fått anerkjente musikarar frå Wien til å instruere blåsarane i orkesteret. Vi gler oss til å bli kjende med Zemlinskykvintetten både som pedagogar, utøvande kunstnarar og som basis-gruppe i blåsarseksjonen til årets orkester. Vi har ei fin blanding av tidlegare «winning team» og nye lærekrefter til studentane i år.

Den unge fiolinvirtuosen Chloë Elise Hanslip, som har gjesta Fjord Cadenza ved eit par høver tidlegare, kjem sterkt igjen med eigen konsert. Hennar suksess i Europa gjer at vi flyttar virtuoskonserten til konsertsalen i år, og reknar med full sal.

Musikkdirektør Sixten Nordström, velkjend frå TV-programmet «Kontrapunkt», kjem for fjerde gong til Skodje for å ta del under heile festivalen.

I høve ti års markeringa vert det to jubileumskonsertar fredag 5. juli. Vi har også skipa til ein barnekonsert søndag før festivalen er offisielt opna og ein festkveld i Skodje Kyrkje laurdagskvelden i festivalveka.

Som programmet syner, kjem det nye songarar til årets festival, Særleg gledeleg er det å kunne få presentere kunstnarane i Operakonserten. Særleg er tenoren ein anerkjend og mykje brukt solist på dei største operascenene i Europa og verda elles.

For å stå til teneste med vidare innsyn i programmet og for å informere om den 10. Fjord Cadenza Festivalen, vil vi gje ein pressekonferanse i «Nykleholmen» – konferanseavdelinga ved Scandic Hotel i Ålesund fredag 15. februar kl. 13.30.

Heile programmet for festivalen vil bli lagt ut på denne adressa.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.