Hopp til innhald
Bilde fra Intoleranza (Foto: Bernd Uhlig, Deutsche Opera Berlin)

– Tar absurditetane i vår tid på alvor

I to år har Tom Erik Lie og Peter Klaveness med jamne mellomrom sunge rollene som torturerte konsentrasjonsleirfangar i Luigi Nonos «Intolleranza 1960». Sist veke tok Deutsche Oper i Berlin framsyninga til Peter Konwitschny av plakaten for denne gongen, men før det fekk Astrid Kvalbein med seg ei framsyning og ein samtale med dei to norske songarane. Artikkelen er den andre av to, og eit ledd i Ballade sitt fokus på innhaldet i framtidas norske opera.

Av Astrid Kvalbein

Det er sterke saker dei er med på: Entreen skjer per trillebår, og songarane veltast ut på scena til spott frå vaktane, den eine med hendene kappa av. Han, (Peter Klaveness) syng ein grufull dødsarie, og den andre (Tom Erik Lie) ein duett med ein tredje fange, som han rømer med. Alt dette skjer etter at vi har vore vitne til ­ meir og mindre direkte ­ ei gruveulykke, eit samlivsbrot og valdelege samanstøyter under ein demonstrasjon. Og heile operaen ender tragisk i ein flaumkatastrofe styresmaktene fråskriv seg alt ansvar for.

I den djupt politiske operaen har Nono har sett saman ulike hendingar frå 1960 som viser verdas daglege «intoleranse» i ulike former. Regissøren på Deutsche Oper, Konwitschny, har lagt til nyhende frå vår tid. Dei flimrar over scena saman med librettoen, på kryss og tvers langs søyler og bjelker i det dystre rommet. Tom Erik Lie og Peter Klaveness synes det brennaktuelle ved operaen har vore spesielt interessant:

­ Prøvene til oppsetjinga var rett rundt 11. september 2001, og pemieren berre fire dagar etter terroråtaket, fortel Lie. Dermed blei nyhende frå New York klipt inn i stykket. På oppsetningane i vår har Bush og Bagdad vore med i tekststripene, i tillegg til ironiske nyhende om mellom anna årets påskeharer. Slik kommenterer regissøren òg dei raske skifta i dagens mediebilete.

Etter sesongpremieren i vår arrangerte Deutsche Oper ein open publikumssamtale etter framsyninga, der Klaveness var til stades. Her fekk dei sjølvsagt svare på spørsmål om operaen ikkje heller burde servere noko «oppbyggjeleg» og vakkert. Den relativt nytenkande og også omstridte intendanten ved operaen, komponisten Udo Zimmermann, greide ikkje møte ei vanleg innvending som dette.

­ Men regissøren møtte spørsmålet, og argumenterte for at det kan vere oppbyggjeleg at nokon tar absurditetane i vår eigen tid på alvor, fortel Klaveness.

Det var lange billettkøar rundt oppsetningane av «Intolleranza» då han blei sett opp i 2001. På den nest siste no i vår hadde om lag fem hundre funne vegen til operaen. Det var, i følgje songarane, ikkje dramatisk mange færre enn på «Den Flyvende Hollender» dagen før.

­ Men det er klart Nono er krevjande for publikum. Som songarar er vi heldige som får trengje inn i eit uttrykk som dette gjennom å jobbe med der over tid, meiner Klaveness.

På spørsmål om kva som skil arbeidet med ein komponist som Nono frå det meir tradisjonelle repertoaret ­ som vel å merkje dominerer massivt også på Deutsche Oper i Berlin ­ er stikkordet «vanskeleg» naturleg nok noko av det første som kjem.

­ Det hender eg spør meg sjølv om den brutalt skrivne musikken er bra for stemma. Men det er sjølvsagt teknisk muleg å gjere det riktig om ein konsentrerer seg. Og komponisten meiner jo noko med å skrive så lite «sangbart», han vil ha eit desperat uttrykk, peiker Lie på.

Ledige stillinger

­ Tidleg i prøveprosessen er det viktigaste å ha rytmen på plass, så får tonehøgdene kome etterkvart som ein blir betre kjent med musikken, seier Klaveness pragmatisk, og får kollegial støtte for strategien. Korte prøvetider og mange produksjonar er ein del av kvardagen i Berlin, der ein nyleg har redda livet til alle dei tre operascenene gjennom hard politisk kamp.

Begge dei norske songarane set set pris på korleis ny musikk utfordrar rolleteikninga i operafaget.

­ Som bass får eg ofte tildelt ein stereotyp, stiv rolle som eit digert «kjøleskap» av ein mann. I moderne opera kjem eg vekk frå slikt, og det er frigjerande, seier Peter Klaveness.

­ Men nytenkande regissørar krev større fleksibilitet og jobbar bort stereotypiane i både gamalt og nytt repertoar, understrekar barytonen Tom Erik Lie.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Die Soldaten av B.A. Zimmermann (Foto: http://www.dno.nl

– Utviklande å syngje moderne opera

Bernd Alois Zimmermanns «Die Soldaten» går for tida for fulle hus i Amsterdam. Luigi Nonos «Intolleranza 1960» blei akkurat tatt...

Ultima 2002: «Cirkus Terra»

– Opera ligger fortsatt ikke i det norske folks DNA

Bjørn Simensens åremål som kunstnerisk leder for Den norske Opera er forlenget med fire år. I pressemeldingen om dette varsler...

Operabygg ved Statsbygg

Bjørn Simensen: – Det er ikke skrevet en repertoaropera siden 1945

I denne andre delen av vårt intervju med Bjørn Simensen går operasjefen nærmere inn på hva han mener med repertoaropera....

Den Norske Opera – bilder fra scenen

Ønsker nye kunstformer til operascenen

Med Operatoriet, som siden 1998 har vært involvert i utviklingen av 14 verk, har både norske komponister og Den Norske...

Music Theatre Wales

– Hent flere utenlandske operaoppsetninger til Norge!

Neste mann ut i Ballades serie om det nye operahuset er Michael McCarthy. Han er kunstnerisk leder og regissør for...

Das Mädchen…foto: Grubinger

Poetisk, politisk og problematisk

Piken med svovelstikkene fraus nyleg i hel i Wien, i ein hall som heldt nærare 30 varmegrader. Den norske regiassistenten...

Flere saker

9 forbilder i musikk/tech

Viser fram forbilder i musikk og teknologi

Kvinnenettverk er «in» i norsk musikk. Også i den elektroniske kunst-, tech- og akustikkleiren.

Jazzfest 2020 Sara Fjeldvær & Øyvind Leite @ Trykkeriet

Arrangere? I 2021? Litt som å spille Joker Nord!

Jazzarrangører ser forsiktig positivt på en ny støtteordning. Men en live jazz vår er høyst usikker, når stimuleringspengene først blir...

Dirigent Torodd Wigum i Norsk Ungdomssymfoniorkester

Dirigenten på turné for å oppsøke musikerne

Årets sommersamling for Norsk Ungdomssymfoniorkester måtte korona-utsettes. Når ikke deltakerne kan samles, drar heller dirigenten til deltakerne. Denne helgen starter...