Das Mädchen...foto: Grubinger

Poetisk, politisk og problematisk

Piken med svovelstikkene fraus nyleg i hel i Wien, i ein hall som heldt nærare 30 varmegrader. Den norske regiassistenten Vegard Vinge hadde fire kveldar som oppgåve å lempe henne ned frå scena, og tok etterpå ein prat med Astrid Kvalbein om utfordringane med å gjere Helmut Lachenmanns opera til eit stykke truverdig scenekunst.

Kalender

Sommerkonsert

25/06/2021 Kl. 18.30

Viken

Das Mädchen mit den Schwefelhölzern, basert på H. C. Andersens kjente eventyr, er alt blitt sett opp i tre ulike sceniske versjonar og ein konsertversjon sidan premieren i 1997. Verket, som Lachenmann sjølv kallar ´musikk med bileteª, har med andre ord forlengst har fått status som ein av dei viktigaste, om ikkje den viktigaste europeiske operaen frå dei siste ti-femten Åra. Underteikna fekk oppleve han på Wiener Festwochen, i ei utgåve som var både klam og iskald, realistisk, djupt poetisk og litt problematisk.

Neue Oper Wien og regissør Alfred Kirchner hadde valt å leggje denne framsyninga til BA-Halle, eit par U-banestopp bortanfor sentrum. Hallen ligg i eit bankbygg, blir mest brukt til popkonsertar og er i massiv betong, nokså dunkel, og rund. Altså noko heilt anna enn eit plysj- og lysekronedekorert operahus. Dette utnytta regissøren, dirigent Walter Kobera og scenograf Karl Kneidl mellom anna ved å plassere orkester og kor i grupper rundt publikum, og å lage scena som ein slags catwalk i kryss mellom benkeradene. Videomonitorar sytte for kontakt mellom aktørane og dei to dirigentane, medan seteradene var skilde med relativt høge veggar. Dei skulle gi alle ei oppleving av å sitje inntil ein husvegg, slik den forfrosne jenta i eventyret gjer.

— Det var overraskande at Alfred Kirchner gjorde ein regi så ribba for teatereffektar, seier Vegard Vinge.
Han blei kjent med Kirchner i løpet av dei to åra han var registipendiat ved Den Norske Opera, under arbeidet med den kontroversielle campingplass-utgåva av Wagners Lohengrin. Etter dette har han vore med regissøren vidare til ei oppsetjing av Borodins Prins Igor i Strasbourg og så til Wien. Han synes grepa til Kirchner er interessante, men ikkje uproblematiske.

Kirchner ønskte å la musikken til Lachenmann vere hovudpersonen. I programheftet skildrar han den ”wunderschwere” (vidundervanskelege) oppgåva det er å lage eit rom for klangane, eventyret og dei erkjenningane operaen bør gi. i Dette arbeidet handla det like mykje om å ta vekk element som å leggje til.

— På ei av prøvene berre leika eg meg med å lyssetje rommet berre med det vanlege taklyset. Det tende regissøren på, slik all annan lysrigg blei fjerna. Alle på scena var dessutan kledd i billege, alminnelege klede, gjerne frå H & M, fortel Vinge.
— På kvar forestilling av Das Mädchen… var det fleire i salen som reiste seg og gjekk før det heile var over. Med flaumlys over publikum, blir dei ein del av spelet. Det er spennande, og vitnar om ein modig regissør. Samstundes spør eg meg om opplevinga, illusjonen, blir intens nok på denne måten, seier Vinge, som òg hoppa inn som statist som følgje av ein av Kirchners impulsive idear.

Den 18 år gamle skodespelaren Philippa Gali hadde hovudrolle som piken. Ho og Therese Affolter i rolla som RAF-terroristen Gudrun Ensslin (som ho òg har spela på film) var på scena, eller catwalken om du vil, under så godt som heile den to timar lange framsyninga, begge utan replikkar. To sopranar i røffe kjeledressar, Elizabeth Keutsch og Sarah Leonhard, stod for dei vokale soloinnslaga, delvis på scena, delvis rundt i salen. Både dei, vokalensemblet og orkesteret har svært forenkla sagt som oppgåve å produsere kalde klangar gjennom eit avansert spekter av støylyder. Varme klangar kjem sjeldan, og berre knytt til hallusinasjonane til jenta i det ho tenner fyrstikkar for å tine opp; ein varm omn, ei lun stove, ein leikebutikk og til slutt bestemora som kjem for å hente henne.

Musikken til Lachenmann er krevjande. Han har utvikla eit vokabular av lydar som det tar lang til for musikarane Å tileigne seg (partitura han har gjerne menge sider med teiknforklaringar først), og han skriv komplekst på alle plan. I forkant av premieren i Wien hadde orkesteret nærmare 60 prøver, vokalensemblet det dobbelte. Sopranane var dei same som ved fleire tidlegare oppsetjingar. Vel vitande om dette, gjer det ikkje mindre inntrykk at Walter Kobera greidde å leie utøvarane fram til ei svært rørande og ekspressiv tolking av musikken.

Teksten i operaen er i stor grad fragmentert. Dei tydelegaste orda kjem fram gjennom dei to innslaga som ikkje er frÅ eventyret til H. C. Andersen. Ein tekst av Gudrun Ensslin blir lesen og projisert på veggen bak henne – krøkt over skrivemaskina. Og ein tekst av Leonardo da Vinci, rett nok riven i fillebitar på musikalsk vis, kjem inn som ein lang og noko nær absurd monolog midt i alt. Begge tekstane set ord på mennesket si avmakt i møte med sterke krefter – i samfunnet og naturen – og tiltrekkinga mot kriminalitet, galskap og død.

— Den vesle jenta i eventyret lengtar etter ein leikebutikk full av varer. Gudrun Ensslin sette fyr på eit kjøpesenter i protest. Begge står utanfor det gode, borgarlege samfunnet, den eine lengtande og namnlaus, den andre artikulert, profilert og tøff. Men det finst samband mellom dei, og det er det Kirchner understrekar ved å føre dei saman på scena frå starten av operaen, peiker Vinge på.
Han er likevel i tvil om det var rett å la dei to skodespelarane vere så mykje i fokus. – Det bli problematisk å fylle rollene og rommet med noko meiningsfullt når dei får minimalt å jobbe med fordi regissøren ønskjer å la musikken vere i fokus, meiner han. Men musikken til Lachenmann er Vinge, som til no berre har arbeidd med eldre opera, fascinert av.

— Dei første gongene eg lytta gjennom operaen på plate fekk eg fysisk vondt av klangane. Men då eg kom i det rette rommet, blei alt betre, og etterkvart har øret stilt seg om, slik auga gjer med nye former. No oppdagar eg musikk i det som tidlegare var berre lydar for meg, til kvardags og elles, seier han.

I desse dagar førebur Vegard Vinge sitt eige prosjekt. I midten av juli får Hindemiths Hin und Zuruck frå 1927 premiere i Berlin, der Vinge busette seg etter dei to åra som stipendiat ved Den Norske Opera. Det korte stykket, som den 31 år gamle regissøren kallar ein satirisk og samfunnskritisk ´komprimert operaklisje’ er ein del av ein konkurranse for unge regissørar, støtta av Komische Oper.

For å kommentere her må du ha en Facebook-konto. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du sende oss en e-post.
Digitale festivaler og konserter

Stillinger

Rådgiver kultur

Agder fylkeskommune

Kirkemusiker

Aurskog-Høland kirkelige fellesråd

Salgs- og markedsansvarlig

Festspillene i Bergen

Daglig leder

Balansekunst

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev