Artikkelen er del av festivalen Schumann 1-2-3 som skjer i Nynorskens hus 14-16. oktober, og er gjengive med tillatelse frå forfatteren.
Motivasjonen bak festivalen er, i følge arrangørane, å syna fram meir enn musikken; der dei over tid har jobba med enkeltverk av komponisten, men òg ynskjer å gje publikum djupare innsikt i komponistens liv, og å syna fram kodene som denne artikkelen viser til.
Å koda inn ord og symbol i musikalske teiknsystem går attende til renessansen. Heilt sidan Johann Sebastian Bach har notar kunna stå for visse bokstavar. Johann Sebastian Bach skreiv sjølv inn bokstavane B – A – C – H som ein musikalsk signatur i verka sine.
Robert Schumann, som både las og skreiv mykje, kunne lett ty til denne teknikken. Døme kan me finna i dei tidlege pianostykka hans, Abegg-variasjonane opus 1 (A – B – E – G – G-motivet som han utleidde or namnet til greivinna von Abegg); og Carnaval opus 9, der han brukar motivet A – Ess – C – H, som viser til Asch, den litle byen i Bayern som Ernestine von Fricken kom frå. Schumann var i si tid trulova med henne. Både motiva A – Ess – C – H og Ess – C – H – A (Schumann) syner seg i røynda endå ein gong i pianosyklusen Faschingsschwank aus Wien opus 26 og i klaverkvartetten opus 47. Andre stader der Schumann heilt klårt nyttar seg av denne komposisjonsteknikken, kan høyrast i fugane opus 60 (B – A – C – H) og i Album for ungdomen opus 41 (G – A – D – E). Dette er verk der Schumann hyllar Bach og den danske komponisten Niels W. Gade.

Musikkvitaren og kryptologen Eric Sams ymta frampå om at Schumann nytta kodar i større mon enn vanleg – ikkje som ein måte å kommunisera på, men på ein sers personleg og gåtefull måte. Han koda mellom anna inn namnet på kjærasten Clara i ei rad verk. I ein artikkelserie i tidsskriftet Musical Times skildra han korleis Schumann nytta kodar i komposisjonane sine. Jamvel om sume vitskapsmenn såg med skepsis på avsløringane til Sams, verkar ideane hans om Schumann-kodane likevel både logiske og truverdige. Då han avdekte ei rad løynde tilvisingar i verka til Schumann, la han med teorien sin til rettes for ei djupare og meir overtydande tolking av dei.
1840 er kjent for å vera det store songåret til Schumann. Dette året skreiv han bortimot 140 songar, irekna fire av dei fem store songsyklusane sine. Dette året gifte han seg òg med Clara Wieck. Ho var sjølv ei framståande pianistinne, og i samtida hadde ho eit større gjetord enn ektemaken. Konsertkarrieren til Schumann bråstogga då han pådrog seg ein ålvorleg skade i handa. Far til Clara og pianolærar Friedrich Wieck var sterkt imot at dottera skulle gifta seg med den lite namngjetne og kjempande komponisten, og i mange år såg det ikkje ut til å verta noko giftarmål. Wieck freista endåtil å få til eit brot mellom Clara og Robert og setja Robert i vanry gjennom ei rad rettssaker. Fiendskapen mellom Wieck og kjærasteparet toppa seg tidleg i 1840. Kor som er gifte Clara og Robert seg omsider i september 1840.
I brudlaupsgåve gav Robert Schumann den unge bruda si songalbumet Myrthen opus 25. Tittelen viser til den tyske skikken med å pynta bruda med myrtekransar på brudlaupsdagen. Musikkvitaren Sams peikar på at det er i den klingande stråleglansen i ein av songane, Lotosblume, at Schumanns svært personlege Clara-motiv er koda inn. Men i motsetnad til dei tidlegare nemnde døma kan berre tri av fem bokstavar i namnet til Clara beinveges førast inn med notar (C – A – A). Korleis kunne so Schumann finna notar til bokstavane L og R? Sams hentar fram eit skrift frå tidleg på 1800-talet, Kryptographik av Johannes Klüber, som inneheld både eit musikalsk kodesett og ein alfabetisk skipnad på tri liner. Han meiner det er sannsynleg at Schumann fekk inspirasjon frå dette skriftet.

Det er svært sannsynleg at Schumann, som sjølv las mykje og dessutan hadde ein far som var bokhandlar og forleggjar – må ha kjent til boka Kryptographik og at det var ei tilgjengeleg hjelperåd for honom når han komponerte. Når ein fylgjer kodane til Klüber, vert det ei grei oppgåve å finna musikk-kodar til bokstavar som ikkje knyter seg til ein viss note. Dessutan opnar det for eit fleksibelt system som femner om bruk av heva og nedsette halvtonar for å endra notar, attåt enharmonisk teiknsystem, transponering og reversert tillemping.

Vitskapsmenn trur at Schumann tilpassa kodane sine etter kvart, og det er slåande at det finst mange døme på svært personlege kodar for namn som ikkje er valde på slump. Tallause funn av Clara-motivet syner seg i Dichterliebe, i den fjerde symfonien opus 120, og i ei transponert, reversert utgåve i Davidsbündler-dansane. Om dei siste skreiv Schumann: «Dei er tileigna deg meir enn noko anna eg har skrive», og om symfonien skreiv han i dagboka i mars 1841: «Den neste symfonien min vil eg kalla «Clara», og eg vil laga eit portrett av henne med fløyter, oboar og harper.»
Lotosblume – songen til Clara, ut ifrå denne teorien – vert etterfylgd av den heltemodige Talismane, ein song som Sams meiner Schumann skildra seg sjølv i. I Talismane ser me at den fleksible kodeskrifta til Klüber tillèt at E står for Ess og ei enharmonisk endring frå B# til C, som gjer det mogeleg for songrøysta å stava namnet «Robert». (Skeptikarane kan peika på at frasen inneheld same noten to gonger, men det er naudsynt for å høva med diktet som har sju stavingar.) Talisman kan definerast som «ein stein eller ting som ein trur har trolldomsmakt til hell og lukke for den som ber han på seg», og dette kan vera viktig i ljos av striden kjærasteparet hadde med far til Clara. Om ein vil underbyggja teorien meir, kan ein spørja om det er berre eit slumpehøve at den same musikalske figuren frå Talismane dukkar opp att (no transponert til den heltemodige tonearta Ess-dur) i songlina av Er, der herrlichste von allen (Han, den edlaste av alle) frå Frauenliebe und Leben?


Det ser ut til å vera liten tvil om at Schumann var oppteken av kodar og kva musikken kunne målbera med dei. Det er kjent at han var «fascinert av løynde tilvisingar, symbolisme og mysterium … og den musikalske tenkjinga hans er ikkje mindre underleg eller lur». Kor som er kan me aldri verta heilt visse på kva som var den inste meininga hans. Korkje Robert Schumann eller kona hans, som levde i 40 år etter at ektemaken døydde, avslørde noko om at slike svært personlege musikalske kodar hadde vore nytta. Likevel er dei mange døma på bruken av dei same motiva, ikkje minst i dei mest personlege og inderlege verka til Schumann, eit sterkt vitnemål om at han med vilje skreiv inn koden for sitt eige namn og for namnet Clara, kjærasten og kona som han elska so høgt.
Artikkelen byggjer på arbeidet til musikkvitar og kryptolog Eric Sams.
Sarah C. Aker, Produsent – Engegårdkvartetten

Astrid Kvalbein gjenvalgt som rektor ved Norges musikkhøgskole
Kvalbein blir rektor i fire nye år, med musiker og professor Morten Qvenild som prorektor.

Kunstneropphold på Folkemusikksenteret i Buskerud
Åpent for alle musikere å søke, til øving, låtskriving og fordypning i norsk folkemusikk.

Bevar Musikkbiblioteket ved NTNU!
Et så viktig universitet som NTNU må ha et rikholdig bibliotek for musikkprofesjonsutdanningen, og med kvalifiserte ansatte. Norsk musikkbibliotekforening støtter innspill om musikkbiblioteket ved NTNU, skriver Tone Nøtvik Jakobsen.

Ballade video: I stua, i limbo
Med Marie Sahba, Adam Douglas, Iris Caltwait, Intertwine, Barren Womb og ARV. Samt en fem låters mini-konsert med Sweetheart.

Lyden av Gamle Oslo Gammaldans
Gamle Oslo Gammaldans er sju voksne folk som ikke spiller gammaldans. Opplev dem live på Ballade-arrangement i Gamlebyen i Oslo torsdag 27. mars.

Ballade på Parkteatret: Opera-premiere, musikkvideovisning og minikonsert søndag 23. mars
Solveig Sørbø og Maria Kjos Fonn snakker om operaen "Heroin Chic". Rockemusiker Henning Andersen spiller utvalgte låter. Og vi viser et godt knippe nye musikkvideoer på skjermen.