Hopp til innhald

Opne for å sjå på antalet minutt

Kulturdepartementet ynskjer ikkje å leggja tettare føringar på orkestra, men meddeler at dei er opne for å sjå på måten orkestra rapporterer verksemda si.

Redaksjonssjef i musikk i NRK, Alf Magnus Reistad, i førre veke Kultur- og kirkedepartementet til å leggja sterkare føringar for norske orkestre, for å få dei til å spela meir norsk musikk.

Utgangspunktet var ei undersøking gjort av fagtidsskriftet Musikk-Kultur, som har funne at 13,5% dirigentar som var innom norske orkester i 2007 og 2008 var nordmenn, medan 86,5% var utanlandske.

Reistad meiner at det låge antalet norske dirigentar kan sjåast som teikn på korleis orkestra tenkjer om norsk kulturarv – og minner om at NRK no har fått pålegg om at 35% av all avspelt musikk i insititusjonen skal vera norsk.

Kulturdepartementet melder imidlertid at det ikkje er aktuelt for dei å leggja noko større press på orkestra for å støtta opp om musikken og utøvarane frå Noreg.

— NRK kommer ikke inn på samme pålegg som orkestrene. Og bruken av dirigenter er i kjernen av de kunstneriske valg hvert orkester gjør. Vi vil ikke gripe inn i de kunstneriske valgene, seier statssekretær Lubna Fjell til Ballade.

Ho påpeikar at det ikkje er noka motsetning mellom å ha utanlandske dirigentar og norsk musikk på repertoaret, og at dette uansett er orkestret sitt val.

— Men Departementet er opptatt av å styrke posisjonen til norsk musikk, blant annet gjennom Kulturløftet, understrekar Fjell.

Viktig prosess

Kva så med mengda norsk musikk?

Komponist Jørgen Karlstrøm har arbeidd med ei kartleggjing av orkestra sin bruk av norsk musikk. Han meiner at orkesterrapportane ikkje er gode verktyg for departementet dersom dei ynskjer å evaluera orkesterverksemda. Mellom anna sidan dei ikkje tek høgde for antalet minutt med norsk musikk som vert spelt.

Ledige stillinger

Er det aktuelt for departementet å leggja føringar for måten orkestra skal rapportera på?

— Vi får rapporter fra orkestrene, og disse gir oss grunnlag for å diskutere ulike mål i dialogen vi har med orkestrene på vårparten hvert år. Dette er noe vi ser på kontinuerlig; det gjelder også andre institusjoner. Det er en viktig prosess – og det kan være aktuelt å se om man kan rapportere på andre måter. Kanskje er det en vei å gå i forhold til antallet minutter, seier Fjell.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Alf Magnus Reistad

Norsk eller utanlandsk?

– Hvilke ambisjoner har egentlig orkestrene for å ta vare på sin egen kulturarv, spør NRKs redaksjonssjef i musikk, Alf...

Torodd Wigum

Satser norsk

Torodd Wigum er i sesongen 2010/11 engasjert som Husdirigent i Trondheim Symfoniorkester. Fra 2010 er han også kunstnerisk leder for...

Bedpiece, Goksøyr & Martens

Er kunst et middel til forandring?

Det er Norsk komponistforening som stiller spørsmålet under sitt fagseminar i september.

Flere saker

Anja Nylund Hagen

Omtale: Engasjement og arrangement – ei utgreiing om konsertarrangørar

Postdoktor Anja Nylund Hagen omtaler boka «Engasjement og arrangement», forskningsprosjektet om norske helårsarrangører bestilt av Norsk kulturråd.

Operaen

Vil kutte tidligpensjon

Regjeringens forslag om å kutte tidligpensjonen i Den Norske Opera & Ballett kommer nå på høring.

Illustrasjonsfoto

Konsekvenser av britisk nei til EU

Mange i britisk musikkindustri frykter inntektstap om landet skulle gå ut av EU etter folkeavstemningen i slutten av juni.