Hopp til innhald

Natasha Barrett – Trade Winds: Ei eventyrleg beretning om havet

PLATEMELDING: Vekas platemelding her på Ballade er Natasha Barrett si ferske «Trade Winds». – Barrett teiknar opp eit naturleg maritimt rom av hav og måkar, vind og rennande vatn – og ut frå dette kjem bearbeidd lyd som skapar avstand. Balansen mellom desse refererande og ikkje-refererande lydane skapar ein finurleg vev av meining og kaos, der havet sine skiftande stemningar kjem tydeleg fram, men med stort rom for personleg tolking. Det lyder særs overtydande – og ikkje minst varmt, meiner Ballades melder.

Av Ida Habbestad

Dramaturgien er eit sentralt element i Natasha Barrett sin musikk. Då ho mottok Nordisk Råds Musikkpris for verket ”…fetters…” i fjor, vektla juryen nettopp den sterke dramaturgiske karakteren i stykket, og også tekstane i coveret til den nye CD-en vitnar om eit tydeleg medvit kring dette: All kunst fortel noko.

Denne gjennomgripande evna til å skapa dramaturgisk gode forløp kjem kanskje endå klårare fram i ”Trade Winds”. Der ”…fetters…” skildra ein dynamisk – og kanskje psykologisk – tilstand, har ”Trade Winds” i tillegg til dette frittsvevande òg ei konkret historie til grunn. Dessutan eit mylder av andre, meir gøymde hendingsforløp – som om Barrett ikkje berre vil fortelja, men òg problematisera det forteljande i seg sjølv.

Uvær og desperasjon

Barrett teiknar opp eit naturleg maritimt rom av hav og måkar, vind og rennande vatn – og ut frå dette kjem bearbeidd lyd som skapar avstand. Balansen mellom desse refererande og ikkje-refererande lydane skapar ein finurleg vev av meining og kaos, der havet sine skiftande stemningar kjem tydeleg fram, men med stort rom for personleg tolking. Det lyder særs overtydande – og ikkje minst varmt. For gjennom store delar av verket er eit behageleg nærvær av menneske. Me høyrer bruddstykke av samtalar, stemmer i kvardagen, i havsnaud, stemmer som kviskrar frå havdjupna, eller syng på havna.

Til saman utgjer det ei nærast uendeleg assosiasjonskjelde, og lyttaren får skapa sine eigne historier i tillegg til den konkrete. Den konkrete forteljinga finn stad i satsen ”Open Ocean”, der ein gamal sjømann berettar om sin første tur i Nordstillehavet, der han kjem ut for eit voldsomt uvær. Sjøfolka kjempar for livet medan båten stuper ned i bølgene, og sjøen fossar inn over båten som knakar og slit for å riva seg opp frå det veldige havet.

Ein slik desperasjon skildrar Barrett med varsemd, utan store klisjear, pakka inn i lag på lag av lyd og stemningar – og ein kan ikkje anna enn å la seg riva med i den eventyrlege beretninga.

Grunnleggjande spørsmål

Me skal ikkje gå inn på korleis det går med sjøfolka. Ei heller dvela lenge ved faremomentet ved at den verbale forteljinga er så oppslukande at det kan opplevast som eit tomrom når den ikkje lenger er der. Men det er ein krevjande balansegang, og konsentrasjonen kan lett byrja svikta når berre det musikalske står i fokus.

Men så byrjar det skje heilt andre ting – eller kanskje rettare; andre element i beretninga trer ut av mylderet og får stå i fokus. Eit teppe av orgelklang, forvrengte bitar av historia, sjømennenes Shanty, og ikkje minst fragment av Bach sitt orgelverk som sender ein – meint eller ikkje – assosiasjon til ”Historien om et menneske”, verdshistoria, mytologi og grunnleggjande spørsmål.

Ledige stillinger

Med dette er ei utilfredsstillande lita mengd skildra av alt som utspelar seg i dette fascinerande verket. Natasha Barretts lydlege univers er heilt unikt og særeige, og dei mange beretningane i ”Trade Winds” kan ein definitivt lytta til fleire gonger.

Natasha Barrett
«Trade Winds»
Aurora/Musikkoperatørene
ACD 5056

Ledige stillinger

Relaterte saker

Jørgen Larsson/Sleppet Foto: Steve Roden

Sleppet: Den nye natur-romantikken

UTSTILLING: «Mange stiller seg spørsmålet om hva Grieg hadde gjort om han hadde levd idag, men kanskje mer interessant er...

Natasha Barrett – Tanja Orning

Barrett/Orning på Bidrobon

Natasha Barrett, computer, og Tanja Orning, cello, viderfører Drivhusets konsertserie Bidrobon i Biermannsgården med duokonsert på onsdag. Sammen er Barrett...

Sensor – Sonics – Sights (

SPOR-festivalen: Et brudd med kommersialisme og vanetenkning

Den kuraterte SPOR-festivalen i Århus virker som en spennende nyskapning innen festivaler for moderne musikk. Ballade bringer her videre festivalens...

Atau Tanaka (Japan, 2006)

SPOR 2007 i Århus: – Når orkesteret spiller konsertsalen

SPOR-festivalen i Århus går av stablen 10. til 13. mai, og er fullstendig kuratorstyrt. I år er festivalen kuratert av...

Her med Emi Maeda på scenen

LARM: Nordisk manifestation om kvinnors verksamhet inom ljudkonsten

LARM arbetar för att lyfta fram och dokumentera kvinnors verksamhet inom ljudkonsten i Norden. Idag finns det en livlig ljudkonstscen...

Natasha Barrett,

Barrett på NOTAM

Natasha Barrett har i år fått Nordisk råds musikkpris for verket …fetters… Prisen deles ut den 1. november i København....

Flere saker

Anders Odden 2025 Tomb Studio

Gratispassasjerene må betale: Slik sikrer vi et nytt musikkfond i algoritmens tidsalder

INNLEGG: Se til verktøyene vi har, kulturminister, det ligger i skuffen fra 1956: Ta det frem, pusse støvet av det,...

Sondre Lerche

Hinsides lystprinsippet

Sondre Lerche inviterer til nytelse. Men samtidig er uttrykket hans en kamp mellom det enkle, det friksjonsløse og umiddelbare på...

Erlend Apneseth Trio på Sentralen under Oslo Jazzfestival Foto: Egil Austrheim

Åpnet opp banken

Erlend Apneseth trio, Kaada og Hedvig Mollestad var alle en del av et Oslojazz-program som viste muskler og lydhørhet på...