Trondheim Voices framfører Maja Ratkjes "Ekkokammer 2.0" (Foto: Christina Undrum)

Ekkokammer 2.0: Då dei plukka opp mikrofonen

Maja Solveig Kjeldstrup Ratkje og Trondheim Voices sitt «Ekkokammer 2.0» handlar om stemmekunstnaren, songaren, vokalisten. Og kva det er å vere ærleg.

Kalender

Cantango på Gamle Raadhus Scene

02/09/2020 Kl. 19:00

Oslo

Legg til arrangement
Se alle

I Ekkokammer 2.0 har Maja Solveig Kjeldstrup Ratkje intervjua songarane i Trondheim Voices om det å synge, det å vere songar, om når vokalisten er ærleg. Sitat frå intervjua, akkurat slik dei vart sagt, blir brukt som materiale i ein slags klangleg kollasj av replikkar, lydar og låtar.

Trondheim Voices er absolutt det ein kan kalle ei supergruppe sett saman av landets fremste vokalistar og stemmekunstnarar – og vi får vere med inn i hovudet deira.

“Noe av det jeg prøver å finne ut med Ekkokammer er: Hvorfor er det, for noen, ikke nok å bare stå rett opp og ned og synge pent eller flinkt?” skriv Ratkje i programheftet som vart utdelt.

Dei ni sat i ein firkant inn mot kvarandre på scena – med ryggen til oss. Dei etablerte ein slags grunntone. Ein klangleg grobunn stemmene vekste gradvis ut frå. Bruddstykker frå det første møte med songen. Eit første minne frå å løfte mikrofonen og leike “stjerner i sikte” som barn.

Vi blir tatt med gjennom fascinasjonen for klangen av gospelkor, for ulike klangideal, songarideal – og gjennom seinare avsmak av dei same ideala. Vi blir med gjennom ein songar si kunstnarlege reise, og møte med tilbakemeldingar og forventingar frå verda omkring.

Det er mykje komisk i førestillinga – parodiane på klangideala, komiske bilete frå erfaringar som utøvarar, komikken i det virtuose, den svarte humoren i godt meinte tilbakemeldingar som openbart bommar totalt.

Fleire gongar var musikken meiningsfull i seg sjølv også. For eksempel leiken med lydar i setningar som “det var kick”. Og skarre-r-en i bergensdialekta til Tone Åse som blir spreidd rundt og omforma i ensemblet. Og ikkje minst Mia Marlen Berg sin song “Searching”.

Men det vart nesten vanskeleg å “miste seg sjølv” i lyttinga når den kom i den meta-konteksten. Ein del av lyttefokuset var blitt forstyrra. Ikkje at det var eit problem, men det var interessant å legge merke til at det skjedde. Korleis alle orda endra måten vi lytta til lydane. Og musikken.

Det visuelle var viktig. Lysdesignar Ingrid Skanke Høsøien brukte spottar i stor grad. Bilete av songaren i spotlighten var tydeleg. Songarane bevega seg i mekaniske robot-rørsler på scena. Dei gjekk i tog og braut ut av toget, og kvar enkel stod aleine igjen – tydelege bilete.

«Ekkokammer 2.0» av Maja Ratkje for Trondheim Voices. Forestillinga blei synt fram i Operaen for vidaregåande skuleelevar på dagtid, i regi av Den kulurelle skulesekken Oslo. Denne meldinga er frå den billetterte framsyninga på kveldstid (Foto: Christina Undrum)

Ekkokammer 2.0 er også eit oppgjer med songaren si rolle versus instrumentalisten. Den forventinga som ligg i ein songar. At ein songar for eksempel blir styrt inn mot å velje eitt uttrykk. Som det – sånn omtrent – blir sagt i førestillinga; ein gitarist må aldri forsvare at han spelar i fleire band – i fire ulike sjangrar.

Det er også til tider eit oppgjer med vokallærarrolla. Vi får høyre tilbakemeldingar frå lærarar som skurrar. Det slår meg kor mange i Trondheim Voices som no sjølv underviser. Det er forandring.

At humoren treff så presist, gjer også vondt. På eit tidspunkt tenkte eg “korleis i alle dagar kan eg skrive om dette? Utan å gå i fella?” Det er ein skotsikker vest av ei førestilling. Sitat frå tilbakemeldingar desse songarane har fått. Det ofte latterleg håplause å skulle setje ord på musikk. Som konsertoppleving nullar den seg sjølv ut ved å vere så uendeleg meta. Alt blir liksom feil. Eg kjende nesten på ei slags tomheit.

To ting redda det frå å skje. Humor og at dei diskuterte med seg sjølv. Det er nesten alltid det som trengst for å vere ærleg.

Heldigvis er dei sjølvironiske. Forsøket på å lage julemusikk utan å “gjere dei fine greiene” for eksempel. Refleksjonane og problematiseringane rundt det å synge fint. Samtidig som det ikkje er noko gale i å berre synge fint, det er ikkje det at det nødvendigvis treng å vere så komplekst alltid, det er berre at…haha, ja, akkurat slik er det. Tenkte eg.

Men det er noko litt ubehageleg med latterleggjering av folk sine tilbakemeldingar på musikk. “Det er så kult at du tør å synge så stygt!” Eg lo. Publikumet på Den Norske Opera og Ballett lo. Det er vittig. Men somme gongar fekk latteren ein bismak av elitistisk internhumor. Apropos ekkokammer. Vil vi nøre oppunder kjensla folk kan ha av å føle seg dum i møte med musikken?

Når materialet er så eksplisitt kan slike førestillingar falle litt igjennom. Vi tek poenget. At eg blir sittande og problematisere problematiseringa er ikkje fordi eg trur at songarane i Trondheim Voices ikkje har reflektert over dette.

Eg anklagar heller ikkje Ekkokammer 2.0 for å latterleggjere. Det er tvert i mot ein kvalitet at førestillinga opnar opp for slike refleksjonsrunder hjå tilskodaren, gjennom at vi blir med inn i kunstnarane sin evig sjølvmotseiande diskusjon med seg sjølv.

Leirbålsong avslutta Ekkokammer 2.0. “De nære ting” på ein tone, “Kombaya”på ein annan, og så vidare. Dei stod rett opp og ned og song…monotont. Kika rett fram.

Konflikten mellom den personlege dimensjonen ved det å synge og det å måtte utøve det for eit publikum med forventingar og ulike førestillingar om kva musikk skal vere, vart for meg det mest interessante.

På mange måtar startar og sluttar kanskje jakta på å vere ærleg i musikken med den kjensla og dei forventingane du hadde då du tok opp mikrofonen for første gong og leika “stjerner i sikte”.

 

Her kan du sjå ein teaser frå Ekkokammer 2.0, laga av Ole Martin Wold, tatt opp under ei tidlegare framsyning av verket:

«Ekkokammer 2.0» av Maja Solveig Kjeldstrup Ratkje, for Trondheim Voices
Tirsdag 4. februar 2020 kl. 20.00-21.00, Den Norske Opera og Ballett i Oslo

Trondheim Voices: Sissel Vera Pettersen(kunstnerisk leder) Heidi Skjerve, Torunn Sævik, Tone Åse, Ingrid Lode, Siri Gjære, Kari Eskild Havenstrøm, Anita Kaasbøll, Maja Ratkje

Lysdesign: Ingrid Skanke Høsøien
Lyd: Erlend Solli Aune

Produksjonen blei framsynt i Operaen på dagtid gjennom Den kulturelle skulesekken Oslo 5. og 6. februar, med elevar frå vidaregåande skular og vaksenopplæring i Oslo i publikum. Denne meldinga er frå den billetterte syninga tirsdag kveld.

Stillinger

Dirigent – hovedkorps

Hosle og Bekkestua skolekorps i Bærum

Direktør for komponisthjemmene

KODE Kunstmuseer og komponisthjem

Kantor

Haugesund Kirkelige Fellesråd

Festivalsjef

Kongsberg Jazzfestival

Assistentdirigent

Arktisk Filharmoni AS

Daglig leder

Høstscena

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev