Det griegske temperament
OMTALE: Den lange erfaringa ho har som hammerklaverspelar gjer paletten hennar brei, skriv Daniel Hines om Liv Glasers spel.
Daniel Hines er student ved Noregs musikkhøgskole og har sendt oss denne omtalen frå Bergen.
Konsertserien «Lyden av Norge» vert arrangert i høgsesongen til museet på Troldhaugen, i juli og august. Ved den nest siste konserten i denne runden, serverte pianist Liv Glaser og sopran Helene Wold høgdepunkt frå klaver- og songproduksjonen til Grieg. I ein alder av 77 år er Glaser eit strålande døme på kva for ein ung og leikande tilnærming ein ha kan til musikk trass vaksen alder. Konserten var eit oppkomme av energi, alvor og kjærleik.
Frå første stund vert energien stadfesta med dei triumferande akkordane som vert brotne i «Prealudium» i Fra Holbergs tid – eit verk Grieg skreiv parallelt med ein mannskorkantate i anledning jubileet til Holberg i 1884. I motsetnad til kantaten gjekk det unna då Grieg skreiv Holbergsuiten og som Glaser sa kan ein lett høre at han hadde det moro medan han komponerte den. Melodien i opningsstykket vert vakkert meisla ut av Glaser, ikkje med hamrar, men med breie penslar – dei klangane Glaser målar fram passar vel til dei barokkinspirerte stykka med neoklassisk stil. Den lange erfaringa ho har som hammerklaverspelar gjer paletten hennar brei – sensitiviteten overfor det melodiøse og klanglige er like vàr som attakket i bassen er fyldig.
Les også:
Den påfølgande sarabanden i tretakt lèt ho følge utan vidare. Formmessig er satsen streng i oppbygging med åtte taktar i kvar del, og melodien er aksentuert med punkteringar og forsiringar. Glaser utførte dette uanstrengt, og når kvar del vart repetert fekk ho melodien til å skinne og gav stoffet ein nesten himmelsk klang. Med vørnad driv ho fram ein enkel og stolt melodi som alltid søker vidare.
Gavotten, hurtig i si alla breve-form, er eit pussig tilfelle. Som Johann Gottfried Walther skreiv i Musicalische Lexicon (1732) om denne danseforma: «gavotten er ofte hurtig, men nå og da langsom». Kanskje er det dette Glaser tenker på då ho nokre gongar legg inn eit ekstra slag eller sakkar, for eg kunne ikkje la vere å spørje meg sjølv: «Skal det ikkje vere mogleg å kunne danse til gavotten?» Men mellompartiet var dansbart og det entusiastiske folkemusikkpreget vart henta fram med leikne synkoperingar og dissonansar.
#gallery-1 {
margin: auto;
}
#gallery-1 .gallery-item {
float: left;
margin-top: 10px;
text-align: center;
width: 33%;
}
#gallery-1 img {
border: 2px solid #cfcfcf;
}
#gallery-1 .gallery-caption {
margin-left: 0;
}
/* see gallery_shortcode() in wp-includes/media.php */
Så kjem «Air» som eg tykker er mellom det tristaste og vakraste Grieg nokon gong skreiv. Her kjem Glaser si kjenslevarheit verkeleg til sin fulle rett. Med andakt og alvor fortel ho ei historie – ei bestemt historie til kvar og ein av oss. Og det er her eg tenkte over eit av dei store undera med musikken – sjølv om musikaren formidlar si historie, så oppstår heilt andre historier i møte med tilhøyrarane. Slik kan musikken vera ein døropnar til rom me ikkje visste fanst.
Les også:
Spranget frå ein religiøs andante til den gledesfulle allegroen i «Rigaudon» er gedigent. Glaser er frå første tone med i dansen og leiken. Den vittige kanonen mellom høgre og venstre hand vert utført med iver og fingrar som dansar i tangentane. Den melankolske trioen med sin fallande melodi og harmoni gjev nok ei rik fargelegging og mellomstemmene kjem godt fram samstundes som dei aldri overskugga melodien. Stykket vert avslutta med bravur og gir, med tilbakeblikk på preludiet, ei fullendt oppleving av suiten.
Ledige stillinger
Grieg har ein stor songproduksjon og før opus 48 hadde han stort sett skrive songar til norske og danske dikt. Opus 48 har derimot tekst av store tyske diktarar som Heine, Goethe og Bodenstedt. Det opnar med vakre og spontane «Grüss» som helsar lyttaren velkommen til stunda. Helene Wold har ei lett, men samstundes fyldig sopranstemme som passar godt til uttrykket. Ho hentar mykje meining ut or orda, noko Grieg sjølvsagt legg opp til med melodiføringa, men som langt i frå er openbar å utføre.
Neste song, «Dereinst, gedanke mein» er grunna det krevjande mellomleiet sitt ikkje så enkel som det kan sjå ut for. Wold er lyrisk sopran og det skin dessverre gjennom at dette leiet vert for mørkt. Eg saknar meir mørke i klangen og djupare kjensler, for dette er ekstremt alvorlege saker. Det handlar om døden, men ikkje negativt. I denne songen vert døden skildra som rolig. Det finst framleis kjærleik og i døden får ein kanskje det ein ikkje har funne i livet. Pausane her bør ha ei stor rolle både som pust og punktum, liv og død. Dette kunne ha vore betre ivareteke.
Men «Lauf der Welt» var ei nyting å høre med Glasers leikenheit og Wolds lekre kontroll. Dei artikulerte og fanfareprega sekstendelane får eit slik lystig lynne over seg at tilhøyraren sjølv vert smitta av det. Det påfølgjande mellomalderdiktet «Der verschwiegene Nachtigall» skildrar ei forboden kjærleikshistorie som berre nattergalane får kjennskap til, og den løyndomsfulle karakteren vert respektert av begge utøvarane. Med sin heftige bruk av motrørsler og kanon i pianostemma og ornamentikk i songarstemma kastar Grieg blikk på kjærastane i historia med deira ungdommelege og kjærleiksfulle dialog, men òg flyktigheita til nattergalane.
Les også:
Dei to siste songane, «Zur Rosenzeit» og «Ein Traum», vart framførde med heit lidenskap og dette var definitivt to songar som både songarinna og pianistinna gjorde det meste ut av. Medan den første av dei to er trist og vonlaus, skildrar den andre songen kor reell ein draum verkeleg kan vere. Oppbygginga til siste del var utført mesterleg og det heile enda i eit stort klimaks ein ikkje finn andre stader i Griegs produksjon – det kan til nauds samanliknast med avslutninga av Griegs klaverkonsert.
Basert på konsertens første halvdel.
Konsert på Troldhaugen, 11. august 2013, Med Liv Glaser og Helene Wold. Musikk av Grieg og Schumann.











