Estonian Philharmonic Chamber Choir (Foto: Kaupo Kikkas)

Baltiske stemmer i Domkirken

KONSERTANMELDELSE: I året der Nordisk Råds Musikkpris har sett fokus på kor, er det fint at også festspela har funne plass til ein korkonsert på sitt program. Under konserten i Domkirken mandag fekk me sjå kva materiale det Estiske filharmoniske kammerkor verkeleg er støypt av. Der dei tidlegare i veka framførte framandt repertoar nølande og overfladisk; synte dei no ei heilt anna tyngde gjennom eit repertoar som har følgt dei i mange år.

Kunstmusikk

Av Ida Habbestad

Den vokale musikken tykkjest vera eitt av mange fokus under Festspillene i Bergen i år. Solistar som Bryn Terfel og Solveig Kringlebotn har gjort stor suksess med konsertar i høvevis i Grieghallen og Håkonshallen, og fleire vokale recitals er i vente i komponistheimane.

I tillegg er det denne gongen plass for meir utradisjonell vokalmusikk, representert ved mellom andre festspelmusikarane Trio Mediæval. Gjennom fire eigne konsertar presenterer dei ikkje berre sitt eige ensemble, men deltek òg i ei rekkje konstellasjonar. Dessutan gjestar Hilliard Ensemble med konsertar åleine og i samarbeid med festspelmusikarane.

Kammerkor av klasse

I året der Nordisk Råds Musikkpris har sett fokus på kor, er det fint at også festspela har funne plass til ein korkonsert på sitt program Under konserten i Domkirken mandag fekk me sjå kva materiale det Estiske filharmoniske kammerkor verkeleg er støypt av.

For ved denne konserten synte koret seg frå ei heilt anna side enn dei gjorde i Håkonshallen søndag. Då framførte dei framandt repertoar, nølande og overfladisk; no synte dei ei heilt anna tyngde gjennom eit repertoar som har følgt dei i mange år, trygt leia av dirigent Paul Hillier.

Alt i Cyrillus Kreek sine ”Tre David-salmer” var den fyldige klangrikdomen framtredande. Ein vaksen, men likevel klar klang kjenneteiknar koret – og kva som har komme først; repertoaret eller klangen er ikkje godt å seia.

Eit fellestrekk ved musikken til dei estiske komponistane som vart framførte her, tykkjest nemlig vera at verka deira krev ei slik tyngde for å få liv. Verka er unekteleg vakre, men har alle eit til dels tungt preg, ei langsam musikalsk utvikling.

Arvo Pärt er kanskje den mest ekstreme i så måte (men han er òg den som etter mi meining toler eit rakare preg, med mindre vibrato og varme). Hjå hans landsmenn, Kreek og Veljo Tormis finn ein eit beslekta uttrykk, men hjå dei er òg den estiske folkemusikken ei inspirasjonskjelde. Særleg under framføringa av ”Biskopen og hedningen” var dette framtredande – samstundes som verket bar preg av eit gregoriansk, middelaldersk utgangspunkt. I kveldens avsluttande verk, ”St. Hans-sanger for midtsommernattskvelden, var det barnlege og nasale særlege verkemiddel.

Ufrivillig abstrakt

Per Nørgård sin ”Vinterhymne”, framført på engelsk, fungerte som eit oppmjukande innslag, oppløfta frå det meir meditative preget. Likeeins vart verket for talekor av Erik Bergman eitt høgdepunkt, med sin kakofoni av stemmer – i reint manns- og damekor, og med tydelege humoristisk tilsnitt.

Det humoristiske kunne imidlertid komme meir til sin rett dersom publikum hadde fått omsetjingar av songtekstane i hende. På ein konsert der verka er i estisk, finsk og latinsk språkdrakt tykkjest det relativt meiningslaust å ikkje få eit innblikk i det tekstelege innhaldet – særleg avdi teksten i denne noko monotone musikken tykkjest vera eit så grunnleggjande fundament. Bergmans talekor vart soleis ufrivillig meir abstrakt – ein lo av det faktum at songarane laga rare lydar, ikkje av historia dei fortalde.

Profesjonelle songarar

Avslutningsvis kan Sibelius’ ”Rakastava” trekkjast fram som eit anna høgdepunkt. Verket gav rom for solistiske innslag – og synte stort overskot hjå kvar enkelt av songarane. Slik kling eit kor med profesjonelle songarar – noko som pr. dags dato er mangelvare i Noreg.

Baltiske stemmer:
Det Estiske filharmoniske kammerkor/Dirigent Paul Hillier
Musikk av Kreek/Tormis/Pärt/Nørgård/Bergman/Sibelius

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Flere saker
Tekstforfatterpris til Ane Brun

Tekstforfatterpris til Ane Brun

– Hun skriver personlig og eksistensielt, men samtidig universelt.

Ballade video: Søvnløse netter

Ballade video: Søvnløse netter

Med Synne Sanden, Døssi, Bjørn Berge, Jonas Lovv, Joakim Kleven, Leander, Twin Serpent, Nullskattesnylterne & Teater nonSTOP, Halycon Days og Nicolas Leirtrø’s Action Now!

Sarah Winona Sortland er ny daglig leder i Musikkforleggerne

Sarah Winona Sortland er ny daglig leder i Musikkforleggerne

Går fra kommunikasjonsstilling til toppjobben.

Musikk på litteraturfestival: Fortelling, poesi – og nødvendig friksjon

Musikk på litteraturfestival: Fortelling, poesi – og nødvendig friksjon

Hvilken rolle kan musikk ha i en litteraturfestival? Blir vi klokere på musikkens og ordenes roller i språkmodellenes tid? Kan konserter vise veien til leselyst?

– Hva skjedde med rehabilitering ...

– Hva skjedde med rehabilitering ...

Ting man tenker på er som regel lett å få ut, bare man får det til å rime. Slik ser en innsatt på Ullersmo på rap.

Et rom for alt – unntatt musikk

Et rom for alt – unntatt musikk

INNLEGG: – Det er rart hvordan musikkens kraft alltid hylles i festtaler, men aldri i romfordelingen. Musikkfaget er viktig – så lenge det ikke tar plass, skriver Bodil Gullseth, musikklærer og 2. nestleder i Skolenes landsforbund.

Se alle saker
Konserttips Oslo
Serier
Video
Radio