Cikada tutti (hoder) foto: Tom Sandberg

Administrativ samanslåing

INTERVJU: På oppfordring frå kulturministeren gjekk 18 musikkorganisasjonar på samtidsmusikkfeltet saman i 2006. Dei skulle foreslå samordna tiltak, og det var byrjinga på den administrative samanslåinga av Cikada og Oslo Sinfonietta. Dette vart formalisert ved deira felles generalforsamlinga i går, men grunna samarbeidet har dei to ensembla alt frå byrjinga av år 2008 hatt plass på statsbudsjettet. – Vi mener det er en vinn-vinn situasjon for begge parter, seier nyvalt styreleiar, Hege Imerslund, som understrekar at den kunstnarlege verksemda i respektive ensemble vil halda fram som før.

Kalender

Av Ida Habbestad

Sidan 1. januar i år har Oslo Sinfonietta og Cikada fungert som éin organisasjon med felles løyving over statsbudsjettet. Under deira felles generalforsamling i går, vart samanslåinga av ensembla formalisert.

Dermed er det bestemt at Ellen Bjørnebye vert felles dagleg leiar for begge ensemble, Maria Fonneløp vert produsent, medan Hege Imerslund er valt til ny styreleiar.

Styret for øvrig består av administrerande direktør i Kopinor, Yngve Slettholm (nestleiar), festivalsjef i Risør, Turid Birkeland, musikarrepresentantane Odd Hannisdal, Hans Josef Groh og varamedlem Ellen Bødtker og Anne Karine Hauge Rønning. Christian Eggen held fram som dirigent for begge ensembla.

Styrking av frie ensemble

Me har samla Bjørnebye, Fonneløp og Imerslund for å få veta meir om samanslåinga. Dei kan fortelja at ideen har vore i emning frå 2006. På oppfordring frå kulturminister Trond Giske gjekk 18 musikkorganisasjonar saman for å foreslå nye tiltak på samtidsmusikkområdet, med fokus på samordning og felles forpliktingar.

— En av de viktige konklusjonene var at de frie ensemblene måtte styrkes, som selve ryggraden i et levende ny musikk-miljø, forklarer Imerslund.

— Man anerkjente samtidig viktigheten av å ta departementets signaler på alvor, og samle troppene der det var mulig. Med god organisering vil det frie feltet, ved sin egen dynamikk og indre motivasjon, alltid produsere mer per bevilgede krone enn de store institusjonene, meiner styreleiaren.

For dei to ensembla var dette eit gyllent høve. Cikada, som har vore tilknytt Ny Musikk sidan oppstarten i 1989, hadde lenge vore klar for å stå på eigne bein, noko som òg høvde den etterkvart meir fleksible formidlingsinstitusjonen Ny Musikk. Høvet for tryggare rammer var òg av verdi for Oslo Sinfonietta.

— I forhold til historikken – som et av Norges eldste samtidsmusikkensembler – og det skyhøye musikernivået, har Oslo Sinfonietta lenge hatt altfor lav aktivitet og vært for defensive utad, på grunn av usikker økonomi og med en administrasjon på sparebluss, seier Imerslund.

— Det er vanskelig i lengden å arbeide entusiastisk og langsiktig med frie ensembler uten verken institusjonell tilknytning eller politisk støtte til å sikre en økonomi som gir forutsigbarhet.

Departemental oppmuntring

Det avgjerande vendepunktet kom imidlertid for eitt og eit halvt år sidan, på initiativ frå Kulturdepartementet.

— Departementet reagerte positivt på miljøets felles initiativ, og mot slutten av 2006 kom det et brev hvor en samorganisering av de to ensemblene ble sterkt oppmuntret. Vi oppfattet dette som en inspirasjon til å søke felles bevilgning over statsbudsjettet, fortel Bjørnebye.

Dermed skreiv dei ein felles søknad, som fekk gjennomslag. Frå 2008 har dei plass på statsbudsjettet, og har med det høve til ei meir langsiktig planleggjing enn tidlegare. Samstundes får dei to administrativt tilsette spela ball med kvarandre.

— Vi mener det er en vinn-vinn situasjon for begge parter, seier Imerslund.

— Å være to i administrasjonen gjør en åpenbart sterkere enn når man står alene. Dessuten har man ikke minst muligheten til å markedsføre begge ensemblene der man er til stede, seier Fonneløp.

Samordna oppgåver, eit større nettverk, ei meir effektiv marknadsføring: Alt i alt er det mange gode grunnar for ei administrativ samanslåing. Men gårsdagens vedtak har ikkje komme til heilt utan motstand.

— Det har nok vært en del usikkerhet og skepsis mot sammenslåingen innad. Begge ensemblene har sterk egen kunstnernisk identitet, som det er viktig for begge ensembler å bevare, seier Imerslund

State of the art

Dei gjer det heilt klart at samanslåinga i overskodeleg framtid vil vera av administrativ art. For oppbyggjinga av dei to ensembla – Oslo Sinfonietta med sin store, fleksible musikarpool, Cikada med sine ti faste medlem – gjer ein kunstnarleg samanslåing uaktuell i dagens situasjon.

Det har vist seg at begge ensembla har hatt problem med å halda oppe det ønska nivået grunna sin økonomiske situasjon. Kan ein forsvara at det er rom for begge?

— I den grad det er behov for samtidsensembler i det hele tatt, er det klart behov for disse to, svarer Imerslund.

— For det første er begge ensemblene ”state of the art” her i landet, og består av de fremste musikerne på sine felt. Med den kunstneriske identiteten de har, ville det være et stort tap om det ene skulle gå inn i det andre. Dessuten kryr det ikke akkurat av norske samtidsensembler på dette nivået.

Bjørnebye meiner ensembla fyller ulike funksjonar.

— Oslo Sinfonietta er stort, nokså unikt i Norge. De har bestilt en del verk som de omtrent er de eneste i Norge som kan framføre. Så de står ganske alene på sitt felt. Det samme gjelder Cikada. De er jo dessuten verdensberømte for sin spesielle nordiske ”sound” og intense spille-energi!

— Vi har en målsetting om at samorganiseringen skal få kunstneriske synergieffekter på sikt, med tettere samarbeid og felles kunstneriske prosjekt. Men målet er altså ikke at ensemblene skal smelte sammen til ett, seier Imerslund.

Prisgitt kommunen

Fonneløp kan fortelja at styret har klåre linjer for fordeling av dei tildelte midla. Fordelinga skjer internt, og er ikkje styrt frå departementet si side.

I 2008 løyver Kulturdepartementet totalt 2 millionar kroner til ensembla. Som føresetnad for denne 60% finansieringa, må Oslo kommune inn med dei resterande 40%. Dette første året har kommunen bidratt med 800 000, men etterkvart er det meininga at den totale løyvinga kjem opp på 3,3 millionar kroner. Som vanleg ved slike disponeringar har kommunen inga forplikting til å satsa på ensemblet, og ein er prisgitt tildelingane deira for å få midlar frå staten.

Til saman sit ein altså att med om lag same beløp som tidlegare. Ein vonar å ha råd til å nytta meir til produksjon, mindre på administrasjon.

Er administrasjonen stor nok til å takla større aktivitet i to ensemble?

— I det daglige er den forhåpentlig det, svarer Bjørnebye.

— Min stilling har økt til 100 % for å håndtere de økte felles forpliktelsene, og og vi leier inn ekstra hjelp til produksjonene. Dessuten kommer vi nok til å dele på en del oppgaver, fortel ho.

Imerslund reknar med det vert verst i overgangsfasen, at innarbeidinga vil ta tid, men at det på sikt går seg til.

— Akkurat nå er det flere som er overarbeidet, smiler ho.

Etterspurt produkt

Men at det er vind i segla for dei to ensembla er tydeleg – eit blikk på turneplanen for 2008 seier sitt. Cikada har i ulike konstellasjonar vore i Stockholm, og skal til Danmark, Ungarn, Polen, medan Oslo Sinfonietta skal til Porto og Paris. Neste år er det klart for feiringa av Cikada sitt 20-års jubileum.

— Først skal vi ha organisasjonen på plass, og legge et så godt som mulig grunnlag for musikernes utfoldelse, seier Imerslund.

— Vi vet at vi forvalter et etterspurt produkt med stort potensiale, og i denne fasen jobber vi for å utforme en organisasjon som skal gi musikerne bedre arbeidsvilkår og proffere ”bakkemannskap” enn de har hatt tidligere. Dette er vår umiddelbare visjon.

— Men på sikt har vi flere planer, fortel Bjørnebye, som ser lyst på framtida.

— Vi kunne for eksempel gjerne tenke oss å medvirke ved produksjoner av samtidsoperaer på den nye operaens scene 2, fortel Bjørnebye.

— Vi kan bidra med spisskompetanse på samtidsmusikkdramatikk både innenfor framførelse og repertoarkunnskap. Som Oslo-baserte ensembler har vi mulighet til å stille musikerne våre til disposisjon i prosessen og være med på å bygge opp verk fra bunnen. I tillegg kan vi bidra til å legge til rette for å hente inn gode produksjoner fra utlandet, seier Fonneløp.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.
Konserttips Oslo