Utsnitt av platecoveret til Lysne/Eilertsens Kroksjø (Foto: Morten Spaberg)

Musikk som heng i lufta

KONSERTMELDING: Av og til høyrer du musikk som opnar opp kjensler, stemningar, sansar og ord på eit forunderleg vis. Dette har eg ikkje kjent på før, dette har eg ikkje sett før, sagt før. Musikken gjer alt dette - har eg ikkje høyrt det før?

Kritikk, kommentar og debattJazz

Jo David Meyer Lysne & Mats Eilertsen: Kroksjø
Utgitt 8. mai 2020
HUBRO

Kroksjø gjer nettopp det. Det er enormt inspirert musikk.

Eg vil starte med omslagsbiletet teke av Morten Spaberg. Det er eit fascinerande fotografi som låser blikket fast gjennom dei første lydane. Hunden som svevar over vatnet, midt i eit hopp. Henger i luften, heitte førre plata til gitarist og komponist Jo David Meyer Lysne. Lysne er tydelegvis glad i det poetiske i å henge i luften, og du kan høyre det i musikken hans. Ser ein nøye på biletet, ser hunden nærmast passiv ut. Det er liksom ikkje noko begeistring å spore, trass i at det å hoppe slik i havet jo er rimeleg spektakulært. Hunden stirrar rett fram og tida står stille. Slik er det også å lytte til Kroksjø.

I 2017 gav Lysne saman med kontrabassist Mats Eilertsen ut plata Meander. To musikarar frå ulike generasjonar, men av same art. Du høyrer med ein gong at desse passar saman. Begge er like medvitne på dei miniatyriske klangfargane, dei små variasjonane som gjer at ei enkel linje kan bli til noko komplekst og stort. Dei er like glade i det vakre ved det rare, og skaper si vesle klanglege verd saman.

Gitarist og komponist Jo David Meyer Lysne og bassist Mats Eilertsen (Foto: Kristoffer Eikrem)

Kroksjø har Lysne utvida denne verda med elektronikk. Lysne repeterer lydar frå rhodes, digitale effektar, mekaniske effektar. På nokre spor har produsent Jørgen Træen og Peder Simonsen bidrege med ulike synthar. Dette utvida lydrepertoaret fyller musikken med ulike konsistensar. Det er som om om du kan tygge på den elektroniske knitringa, stryke på den pelskledde synthen. Lydane teiknar eit rom med djupn der somme lydar er inn i skallen din, medan andre blir spelt av langt bortom skyene.

Lyden står i samanheng med lyset på Kroksjø. Det blir kanskje forsterka av at eg lyttar til Kroksjø på LP, med eit ark framfor meg og lét blikket kvile på tre, bygg og himmel utanfor. Sol og skuggar, nostalgisk sommar. Men eg er overbevist om at musikk som dette står i samspel med omgjevnadane. Det er musikk som gir deg tid til å opne opp sansane, tolmodig musikk som lét deg kjenne etter.

Lysne sine komposisjonar er insisterande, men vil likevel framover. Framgongen kjem ut av dei harmoniske endringane. Du står stille, og musikken grip tak i deg og ber deg gjennom ulike kjenslespekter.

Dei klare gitarytringane, som på den befriande oden «Byakjela» har ein motiverande og inspirerande klang. Harmoniar blir transformert mot stemningar fylte av håp. Gitarlyden er krisp på heile plata, men på «Byakjela» blir den spesielt framheva av elektronisk knitring.

Jo David Meyer Lysne (Foto: Kristoffer Eikrem)

Låta som kjem etter, «Snoensøya», har det same optimistiske lyset i klangen. Mats Eilertsen sitt syngande fingerspel mot slutten her er eit høgdepunkt.

Eg høyrer Kroksjø som eit 32 minutt samanhengande verk. Den er rett nok så umiddelbart iøyrefallande at du fint kan la den stå og spinne i bakgrunnen, men gir du den tid, ro og merksemd, opnar det seg ei heilt anna verd.

Korleis kan musikk låte inspirert? På Kroksjø handlar det verkeleg mykje om all energien Lysne og Eilertsen legg i kvart anslag på instrumentet – legg du så mykje vilje i tonane, er det omtrent det same kva tone det er.

 

*Vi gjør oppmerksom på at Hubro Music drives av Andreas Meland, som er medlem av Ballades styre.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Flere saker
Ballade video: Drømmer om barndommen

Ballade video: Drømmer om barndommen

Super sommermeny med musikkvideoer fra Levina Storåkern x 2, St. Niklas, Quarter Wolf, Hamstermann, El Cartel, Therese Ulvan, STORM & Fixation, Ole Evenrud og Henning Kvitnes.

Hvor brenner det, Guro Furunes Pettersen og Chris Schaal?

Hvor brenner det, Guro Furunes Pettersen og Chris Schaal?

Evner bransjen å bevare en grasrot av ny kreativ musikk og bransje utenfor hovedstaden? Og hva kjennetegner egentlig en vellykket undergrunnsscene?

– Øyafestivalen må ta et oppgjør

– Øyafestivalen må ta et oppgjør

Utestedet Blå avslutter samarbeidet med Øyafestivalen i protest mot festivalens eierskap.

Øm virvelvind. Axel Skalstad (1992-2025): Jeg blir bare så glad av å se deg spille.

Øm virvelvind. Axel Skalstad (1992-2025): Jeg blir bare så glad av å se deg spille.

Minneordene over trommeslager Axel Skalstad er skrevet av Filip Roshauw. Skalstad gikk bort i en ulykke nylig, altfor ung med sine 32 år.

Dette ble vedtatt på Tonos årsmøte 2025

Dette ble vedtatt på Tonos årsmøte 2025

Under årets møte ble de fleste foreslåtte endringene i vedtektene vedtatt, men noen sentrale forslag falt.

Se alle saker
Konserttips Oslo

Serier
Video
Radio