Pianist, komponist og arrangør Jon Balke er årets Artist In Residence under Moldejazz. I løpet av veka skal han presentere ei teaterframsyning, ein solokonsert, og ikkje minst ny musikk frå dei velkjente prosjekta Siwan og JØKLEBA.
– Eg har lyst til å skape fire optimale konsertar. Samtidig som konsertane er veldig forskjellige, er der eit musikalsk fokus som ei slags kjerne i alle fire, fortel Balke, som har vore ei viktig stemme i norsk jazz dei siste fire tiår.
Brennpunkt
Balke blei først kjend i 1974, gjennom Arild Andersen si gruppe i studio for ECM. Sidan den gang har han vore ein svært allsidig musikar, som har hatt prosjekt med musikarar frå alle verdas hjørner og vore med i betydningsfulle grupper som Masqualero og Jøkleba. I seinare tid har han stått i bresjen for prosjekt som Batagraf og Siwan.
– Jazzmiljøet som var i Noreg då eg byrja å jobbe profesjonelt, var veldig bra å vokse opp i. I alle skifta som har vore sidan den gang har eg opplevd at det har vore viktig å lukke seg litt inne og holde ein slags kurs, i staden for å vere med på alle dei variantane som kjem og går, forklarar han.
I veka som kjem vil han ikkje sjå tilbake.
– Eg er sugen på å finne eit brennpunkt her og no – her er eg, akkurat no.
Følg musikkdebatten: Ballade på Facebook
Nye dører
Solokonserten Balke skal ha på torsdagen under Moldejazz er eit viktig moment for akkurat dette: korleis han ser seg sjølv i dag. Vidare vil han skilje meir mellom komponist- og musikerrolla framover.
– Som musiker er eg på kanten av å utforske mykje meir eit solopianokonsept. Det er den nye døra som står open, full av utfordringar, fortel han.
– Som komponist har utgangspunktet for meg vore å skrive musikk for eigne ensemble. No vil eg skrive musikk i samband med prosjekt der eg ikkje spelar sjølv, og få ei meir definert komponistrolle. Ei blanding av notert og innspelt materiale kan vere ein måte, held han fram.
Les også: [link id=67717 title=»Kongsberg Jazzfestival maksimerer inntektene«]
Gjenføding
Samtidig som Jon Balke vil fokusere på notida og framtida under festivalen, er to av konsertane som vert presentert, Siwan og JØKLEBA, allereie velkjende prosjekt for mange av publikum. Men materialet er nytt.
– Sann som det falt no, er to av mine hovudprosjekt gjenfødt. Ein fordel med dette er at på eit personleg og samarbeidsmessig plan er det innkjørte prosjekt, og dermed kan vi fokusere på ny musikk ståande på eit allereie solid fundament, seier han.
Balke er ein veteran i Molde, og har sett utviklinga frå 70-talet og fram til i dag, og har eit blanda forhold til festivalen.
– Eg var der då det var ein liten festival, med eit slags kultpublikum, medan det i dag er ein stor folkefest med ei fullpakka veke. For min eigen trivsel kan det bli litt mykje, forklarar han.
Han har aldri vore på festivalen ei heil veke før.
– Så det kan vel bli ei utfordring, humrar Balke.

Slik ble jeg en diva
KRONIKK: – Jeg må slutte å late som om forståelsen av sangerens rolle i jazzmusikken ikke henger sammen med likestilling og en kjønnsdefinert og forutinntatt forståelse av hva sangere befatter seg med.

Ballade video: Trygghet og kontroll
På utstilling med Himmelleite, Luna Mare, Andie Loui, Maizu & Richard, Kristine Blir Rapper, Kamelen, Rule Of Two og Clawfinger.

Mari Boine hedret
Artist og låtskriver Boine fikk ærespris for langt og betydningsfullt virke. Og avslører at hun skriver på ei bok.

Adama Janlo lar seg ikke stanse av musikalske grenseposter
Fra Sagene til Mississippi-deltaet, via Senegal og Gambia – Adama Janlo er Norges mest oppsiktsvekkende tilskudd til den tradisjonelle bluesen, og hun er ikke redd for å hente inspirasjon utover det forventede.

Ballade på Tidsskriftbonanza: Samtale med Peter Case & Sid Griffin
En sjelden mulighet til å møte to amerikanske legender, når Balladeskribent Arvid Skancke-Knutsen snakker med Peter Case & Sid Griffin på Deichman Grünerløkka torsdag 5. mars.

Å være musikalsk i et etisk perspektiv
Under festivalen "Ding-dong eller dong-ding?" 4. mars vil pianist Ellen Ugelvik og musikkterapeut Gro Trondalen utfordre publikum til å reflektere over hva det egentlig betyr å være musikalsk, også i et etisk perspektiv.








































