Stillbilde fra filmen "Aspects" med regissør Caroline Johansen og fotograf Karoline Finnema. No er liveversjonen av Siv Øyunn Kjenstad sitt tingingsverk til Ultima 2022 gitt ut på plate. (Foto: Karoline Finnema)

Nokre av årets beste kjem på tampen av året – også årets norske juleplate

Siv Øyunn Kjenstad, Jonas Hamre og Vetle Junker har alle tatt med seg allsidige musikalske erfaringar inn i sine nye prosjekt. Og den beste juleplata kom frå folkemusikken også i år.

AnmeldelseElektronikaFolkemusikkJazzPlateanmeldelsePopulærmusikk

Torkjell Hovland er kritikar for ballade.no og skriv Ballade assosierer ein gong i månaden. (Foto: privat)

Sjølv heilt på tampen av året, kjem det musikk i innboksen som kan fort havne på topplista Årets Beste. 2023 har vore ein særleg god musikkårgang.

Dei tre siste platene eg har med i denne spalta i år er svært ulike, men som vi skal høyre er det ein ting som går igjen – her er ingenting tilfeldig.

Slik blir det gjerne når erfarne musikarar bestemmer seg for å endeleg gi ut soloplate.

Øyunn – Aspects (Midnight Confessions 2023)

Øyunn – Aspects (Midnight Confessions 2023) (Foto: )

Siv Øyunn Kjenstad laga verket Aspects til Ultimafestivalen i fjor, og no er verket på plate – her er endeleg prosjektet Øyunn i full utfalding. Med opningslåta «Pink Shades» blir vi tidleg kasta ut i det store og episke her, før Øyunn i «Bubbly Curiosity» pøser på med quirky synthar og i «I’m My Own» høyrer vi eit slags mystisk, sterkt temperament.

Aspects stig altså tidleg fram som rik og mangfaldig i uttrykket, noko som namnet allereie har peika oss mot. Frå ein musikar og komponist med alle desse aspekta.

Styrken er at det er eit gjennomtenkt konsept over det heile

Ofte er det indiepoplandskapet Øyunn går i, med danske Efterklang, medan andre gongar er det den akustiske jazzkvartetten som er det klanglege utgangspunktet. Styrken er at det er eit gjennomtenkt konsept over det heile. Konsertversjonen bestod også av film og performance, og denne heilskaplege opplevingstanken er høyrbar på plata.

SE OGSÅ Øyunn i Ballade video 

Interludiet «Utenforskap» er ein dialog mellom trompetist Jakob Eri Myhre og bassist Jens Mikkel Madsen med eit lyttande og utforskande samspel. Desse improviserte interludia er elegant fletta inn mellom låtane, og fungerer som eit klangleg pusterom, ein ettertanke.

Plata er gjennomgåande bevisst miksa – korleis skal dén basstromma høyrast ut på denne låta? Og korleis skal vokalen vere skrudd for å få fram denne teksten? Dette gir nye oppdagingar for kvar gjennomlytting. «Take me out» har eit groovy utgangspunkt, og eit deilig refreng med nokre enkle og konsise synth-støt som gir meg kick kvar gong.

Ikkje berre viser Siv Øyunn Kjenstad seg her som ein sterk komponist og musikar, men ein med teft for å finne dei gode låtane. Og det er summen av dei aspekta som gjer Aspects til bunnsolid kvalitetsmusikk – og det faktum at dette er eit liveopptak (frå Munchmuseet), er nesten ubegripelig.

Malstrøm – Ytre tegn på indre bevegelse (LEKK/Malstrøm 2023)

Malstrøm – Ytre tegn på indre bevegelse (LEKK 2023) (Foto: )

Saksofonist og komponist Jonas Flemsæter Hamre med synthmann og produsent Vetle Junker har til saman produsert for mellom andre Aurora, Metteson og Sondre Lerche. I 2022 vann Hamre Musikkforleggerprisen for årets gjennombrudd i kategorien populærmusikk. Men Hamre har også stått på scenen i ei vidt spenn av jazzuttrykk – for eksempel med det vakkert klingande bandnamnet Indre Sunnmøre Støylag!

Med Malstrøm har dei, som Øyunn, teke med seg heile denne allsidige verda inn i sitt eige sound – og perfekt matcha med musikarar som trommeslagarane Kim Åge Furuhaug (Orions Belte) og Martin Hjetland, i tillegg til Fredrik Svabø på pedalsteel.

Gjennom den første lyttinga er det flust av eksempel det er fristande å hente fram (tjue år gamle Wibutee…), men vi held dei heller utanfor – for Hamre og Junker har her klart å skape eit klart og tydeleg dagsferskt uttrykk. Dei har ikkje holdt seg til oppskrifter, men heller reindyrka ideane sine.

I «Forskjønnelsen» er vi innom harmonikk frå den smoothare enden av RnB, noko som løftar oss ut i eit anna rom. Saksofontonen til Hamre er brutal og sterk, men særleg er synthane til Vetle Junker sentrale for det unike lydbiletet. Frå den taktile og detaljrike i introen på «Morild» til riffete støt.

Lyden er massiv og punchy, men så dyktig produsert, miksa og mastra at det aldri blir forstyrrande heftig – vi blir liksom sugd inn i det.

Dette er musikk som vil gjere seg på kokande klubbscener eller store utefestivalar. Det er sånn musikk som du hengir deg totalt til i dans med lukkande auger, samtidig som det er den perfekte musikken å fylle stova med ein laurdag heime aleine – den er liksom introvert nok til det.

Solfrid Nestegard Gjeldokk og Espen Wensaas – Solhov (Talik 2023)

Solfrid Gjeldokk og Espen Wensaas – Solhov (Talik 2023) (Foto: )

Når det er snakk om juleplater, blir det fort snakk om årets beste. Og nok ein gong kjem det frå folkemusikken. I 2020 var det Åshild Vetrhus si Frå Høge Himmel, i 2022 Marit Karlberg si Julegjest, og dei har begge stått seg sterkt. I år kan du legge til Solfrid Nestegard Gjeldokk og Espen Wensaas si Solhov på den lista. Alle tre frå plateselskapet Talik – julekudos!

Ofte kjem gitaristar inn i folkemusikken litt frå sida, men Wensaas koplar seg tett på

Dette er første plata som Solfrid Nestegard Gjeldokk gir ut under eige namn som solist – Solhov er bunnsolid. Ho syng enkelt og klart, men med eit tydeleg driv og intensjon bak kvart ord. Hemmelegheita bak denne plata er nettopp drivet som er i alle songane. Det er ikkje berre meditativt i svevande, saktegåande tonar, men vel så ofte er rytmikken og dansen i songane teke vare på.

Ofte kjem gitaristar inn i folkemusikken litt frå sida, men her koplar Wensaas seg tett på spelet til Hedin og songen til Nestgard Gjeldokk. Gjennom dette gitarspelet syner Wensaas seg som ein av dei beste gitaristane heime i folkemusikken.

Plata er produsert av Tuva Syvertsen, og eg synest eg kan høyre nokre av dei kvalitetane som gjer Valkyrien så sterke – det ligg nerve i alt. Lyden er klår og rik, meisterleg akustisk attgjeving av Tor Magne Hallibakken.

Johan Hedin sitt spel på nyckelharpa er ei stor oppleving i seg sjølv. Legg eit ekstra øyre til måten han fraserer og ikkje minst korleis han med sine understemmer nærast skaper eit lite barokkorkester i lag med gitarist Wensaas. Og under «Kling no klokka» får vi til og med fløytespel som gjer tidlegmusikkpreget endå tydelegare.

Arrangementet på «Den fagraste rosa» er kanskje høgdepunktet, og seier mykje om kvifor Solhov fungerer så godt – den går i eitt, vi er heile tida på veg. Frå første siste tone er vi i det same rommet. Og vi vil ikkje ut.

Ballade assosierer er en av fire faste musikkspalter på ballade.no. Én tirsdag i måneden skriver Torkjell Hovland om ny, jazzbeslekta norsk musikk.
De andre faste spaltene er Ballade klassisk og Ballade elektronisk (månedlig) og Ballade video (ukentlig).

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Flere saker
Med omsorg for lydene

Med omsorg for lydene

I denne månedens Ballade klassisk presenterer Ola Nordal seks aktuelle utgivelser innen «lydbasert musikk», som alle viser omsorg og omtanke for lydene.

Motvindfestivalen 2025: Ein slik hippiefestival, ell?

Motvindfestivalen 2025: Ein slik hippiefestival, ell?

– Fred er mogleg, og det bør eigentleg ikkje vere så mykje å be om heller, sa arrangør Haakon Stiff Aamlid under årets Motvindfestival. Middelalderskogen i Rollag blei fylt med oppbyggjeleg musikk i mørke tider.

Har komponert musikken til det største norske spillet noensinne

Har komponert musikken til det største norske spillet noensinne

Med Dune: Awakening representerer komponist Knut Avenstroup Haugen en ny æra for spillmusikk laget i Norge.

«En innflytelsesrik stemme blant vår tids komponister»

«En innflytelsesrik stemme blant vår tids komponister»

Kristine Tjøgersen er den første norske komponisten som har mottatt Ernst von Siemens-stiftelsens komponistpris. «Et stort og viktig gjennombrudd», sier komponist og direktør for Festspillene i Bergen, Lars Petter Hagen.

REPORTASJE: Festivalsommer med bismak

REPORTASJE: Festivalsommer med bismak

Musikkens politiske kraft og protestens plass i kulturen har fått ny aktualitet.

Det Burde sa. Det Benjamin Staern gjorde.

Det Burde sa. Det Benjamin Staern gjorde.

"Borde ska inte styra handen, hjärtat eller hörseln," skriver den svenske komponisten Benjamin Staern. Les hans reaksjon på Cathrine Winnes' tekst om den samme "Burde", som så ofte hjemsøker den skapende.

Se alle saker
Konserttips Oslo

Serier
Video
Radio