Årets norske juleplate
Desember er mørketid. Men her er tre ferske utgjevingar som spelar på lyset i mørketida.
Meir viktig enn kva du lyttar til, er korleis du lyttar. I desember er det mørketid, og vi tenner lys. Men vi kan også lytte etter lyset i musikken.
Desember er meir enn jul, og det er iallefall meir enn den kommersielle forståinga av jul der raudfargen og cola-nissen invaderer oss allereie i slutten av oktober. Jula er ei perfekt ramme for kommersielle krefter som kjempar om merksemda vår. Men vi kan faktisk framleis velje kva vi vel å gi merksemda vår til, sjølv om det krev meir og meir av oss i lettvint-samfunnet.
Nokon meiner vi er i ein estetisk unntakstilstand om dagen. Og ser ein til dei same kommersielle kreftene, så kan eg vere einig. Der finst eit lass av søppel sminka med julestemning, musikk som like gjerne kunne vore laga av kunstig intelligens. Men eg gler meg alltid til desember, for eg synest faktisk at noko av den beste musikken som finnast er julemusikk.
Jul som ramme og kreativt utgangspunkt, har resultert i enormt sterk musikk. Spesielt om vi lyttar til utgjevingane frå folkemusikkmiljøet. Når dei beste folkemusikarane med rik kreativitet og sjangermessig vidsyn møter juletradisjonane, oppstår noko av den vakraste musikken eg veit om – alt anna enn estetisk unntakstilstand.
Marit Karlberg, Sigbjørn Apeland og Frank Henrik Rolland – Julegjest (Ta:lik 2022)
I fjor valde eg «No Koma Guds Englar» frå Karlberg, Rolland og Apeland som den beste julelåta. Og når albumet Julegjest kom i år, stod den til forventingane. Dette er årets beste juleplate.
På Julegjest har trioen leita fram unike skattar frå Valdres sine advents- og juletradisjonar. Her er det mykje du garantert ikkje har høyrt før, men som likevel vil vekke varme, nostalgiske kjensler i deg. Slik god julemusikk skal gjere.
Allereie første låt var ny for meg, men har fort blitt ein favoritt. Marit Karlbergs nyskrivne «Ventevise» set tonen for plata. Adventstida, ventetida fram mot jul, er det nok færre og færre som har eit forhold til, slik markedet pressar jula på oss er det ikkje rart folk går lei. Det er færre og færre som lærer seg det fine i å vente. Kjeldene til songane på denne utgjevinga er Andris E. Vang sjølv og andre samtidige og etterfølgjande songarar frå dei tre øvste Valdreskommunane, Vang, Vestre og Øystre Slidre.
Marit Karlberg har saman med Anders Røine gitt oss store opplevingar gjennom duoen Sudan Dudan, som forøvrig Tuva Syvertsen kallar ein av sine viktigaste inspirasjonar. Karlberg har ein heilt spesiell måte å synge på, det er umiskjenneleg frå første tone. Det er ein unik klang som treff øyret vårt, og nettopp Karlbergs stemme er berande i lydbiletet også her på Julegjest, saman med langeleiken og lyra som knyt fela og trøorgelet i hop.
Frank Henrik Rolland sitt hardingfelespel er lyttande smakfullt, og Sigbjørn Apeland kler melodiane med harmoniseringar som går rett i hjarterota. Apeland og trøorgelet har fargelagt jula tidlegare, mellom anna på Sondre Bratlands Jol i mi song for nokre år tilbake. Og apropos sjangermessig vidsyn – lytt deg gjennom Apelands katalog, for eksempel i samspel med felespelar Nils Økland og jazztrommis Øyvind Skarbø i improvisasjonstrioen 1982. Han spelar like lyttande i friimprovisasjon som i trøorgelkomp på salmane.
Mot slutten syng alle med på «Nyårsverset». Slike augeblink er viktige. Dette estetiske valet løfter musikken inn i heimen, inn i det intime, private.
Ei god juleplate står seg som kvalitetsmusikk når som helst i løpet av året, samtidig som den på subtilt vis klarer å sette deg i varm julestemning.Gjennom å gå interessert inn i å lage musikk, vil denne plata stå seg sterkt. Den føyer seg inn i rekka saman med den beste juleplata i 2020, Åshild Vetrhus – Frå Høge Himmel som står seg like sterkt i år som den vart gitt ut på vinyl – essensielt i hylla!
Berit Opheim og Sigbjørn Apeland – Velsigna er dagen (NYE NOR 2022)
Okei, då – dette er ikkje ei juleplate. Men det er i aller høgste grad musikk for denne tida. Kanskje var det maleriet på framsida som sette meg i modus, men det første ordet som dukka opp i det eg høyrde den monumentale opninga på Velsigna er dagen, var LYS!
I 2008 gav Opheim og Apeland ut Den Blide Sol, og Velsigna er dagen kan sjåast på som ein oppfylgjar til denne. Opheim har gravd fram toneskattar, mange av dei ukjende frå før. Dette faktum blir med oss inn i lyttinga.
Og også her er det Apeland sitt orgelspel eg lét meg overvelde av. Det er i det heile tatt magisk korleis «Høgreist» stig opp. Det minner om Keith Jarrett sine improvisasjonar på det massive Karl Joseph Riepp-barokkorgelet i Ottobeuren-klosteret på Hymns/Spheres (ECM 1976). På same måte som Jarrett, er Apeland her nysgjerrig på klangfargane i orgelet.
På Vossalyset leikar Apeland seg med dei skeive tonane. Vekslinga mellom trøorgelet og pipeorgelet, skaper to ulike rom. Eit for himmelen, og eit jordisk. Noko av det mest fascinerande er korleis Berit Opheim presis siktar seg inn på landingstonane etter frasene. Ho er stabil og sterk, samtidig som ho kastar seg ut i tonale svev i frasene. Omtrent som eit flammande lys.
«Nu solen går ned» avsluttar plata, og er sunge sårt og intimt av Opheim, medan trøorgelet varmar som eit bål.
Ein keltisk juledraum frå Sølvstrøk
Sarah-Jane Summers og Juhani Silvola har etablert seg på den norske musikkscena og dukkar opp i forskjellige kontekstar på den norske musikkscena. På Førdefestivalen i fjor, inviterte Silvola og Summers med seg ei gullrekke av norske strykarar til orkesteret Sølvstrøk. Som ein «teaser» til den plata som kjem i april, slepte dei før helga julesongen «Christmas Day I da Mornin’». Den er frå Shetland, som har lang historie med norsk og keltisk kultur.
Høyr på korleis også Sølvstrøk spelar på lyset i opninga her, som ei musikalsk tolking av Leonard Cohen-sitatet «there is a crack in everything, that’s how the light gets in».
Eg har tjuvlytta på albumet som kjem i april neste år – det er berre å gle seg til.
Ballade assosierer er en av fire faste musikkspalter på ballade.no. Én tirsdag i måneden skriver Torkjell Hovland om ny, jazzbeslekta norsk musikk.
De andre faste spaltene er Ballade klassisk og Ballade elektronisk (månedlig) og Ballade video (ukentlig).
Les mer her.
Ledige stillinger
Prosjektansvarlig
MusikkforleggerneSøknadsfrist:27/01/2025
Ultima søker kreativ markedsfører og digital innholdsprodusent
Ultima Oslo Contemporary Music FestivalSøknadsfrist:25/01/2025
Professor/ førsteamanuensis i musikkterapi
Norges musikkhøgskole (NMH)Søknadsfrist:09/02/2025