Eirik Hegdal, saxofonist og komponist, her i tre-tilstander-i-ett-bilde. (Foto: Juliane Schütz)

Eirik Hegdal: – Musikken blir til gjennom møte mellom menneske

– Eg legg ikkje vekt på at musikken skal vere unik eller noko ingen har gjort før, det er ikkje viktig. Det som er viktig er at ein skaper musikk som ein sjølv brenn for, eller synest er artig, seier komponist Eirik Hegdal i dette essayet om korleis han skapar musikk.

Kalender

Västanå Sessions

02/08/2024 Kl. 18:00

Hopalong AKA i bakgården på Folk

03/08/2024 Kl. 19:00

Oslo

Féile Oslo 2024

15/08/2024 Kl. 19:00

Oslo

Féile Oslo 2024 åpningskonsert

15/08/2024 Kl. 19:00

Oslo

Essayet om og med saxofonist og komponist Eirik Hegdal springer ut av forskningsprosjektet «Skapende praksiser i musikk» i regi av Kulturrådets utvalg for forskning og utvikling. Ballade publiserer et utvalg av essayene i samarbeid med Kulturdirektoratet. Les mer om prosjektet i faktaboksen.


Av Torkjell Hovland, musikkvitar og musikkskribent 

 

I 2022 fekk komponisten Eirik Hegdal eit oppdrag frå Trondheim Sinfonietta: Skriv 15-20 minutt musikk til Trondheim Sinfonietta, SiTron. Du får stikkordet vatn. Tre andre komponistar fekk stikkorda jord, eld og luft. Sinfoniettaen, «det femte elementet», har inga fast besetning, så han visste ikkje kva instrument han skulle skrive for.

Alt han hadde var dette ordet –

vatn.

Han gjekk til verks, lyden frå ein video av vatnet, kanskje kunne han gjere noko her? Men han høyrde ingenting. 

Eirik Hegdal skriv for menneske, individet
Eg møtte Hegdal to gongar med ein månads mellomrom. Vi prata i timesvis, og gjennom samtalane gjekk vi alle vegar. Kva er det som har oppstått gjennom desse samtalane? Har noko blitt skapt?

Hegdal sette ord på det:

– Det er jo ein improvisasjon vi held på med no også. Og det blir mykje babbel. Det er også forskjellen på ein god improvisasjon og ein dårleg improvisasjon, å unngå babbel. Det er noko ein alltid prøver å bli betre på.

Vi vart einige om å omfamne denne improvisasjonen.

– Dette blir jo berre eit augeblikksbilete. Slik er det no.

Verda er ikkje ferdig skapt, sa folkemusikar Knut Buen ein gong. Men vi skaper ikkje i eit vakuum. På ein eller annan måte skaper vi i møte med menneske. Gjennom dei ulike døma frå Hegdal sitt virke, ser vi ein raud tråd. Hegdal sine skapande prosessar er høgst sosiale.

Vi startar med improvisasjonen.

Eirik Hegdal går i samtale med dei han speler med
Team Hegdal er ein kvartett med bassist Ole Morten Vågan, trommeslagar Gard Nilssen og saksofonist André Roligheten. I Team Hegdal står leiken med særleg sekstitals jazztradisjon sentralt.

Det er akustisk og leikent, det kokar.

I ein konsert med Team Hegdal er kommunikasjon sentralt, både musikarane i mellom og med rommet og publikum. Og dette er musikarar som er langvarige kollegaer og gode vener. Dei har ei felles forståing for kva dei vil med musikken, kjenner kvarandre sitt språk og speler med og mot kvarandre.

– Vi endrar på måten å spele på frå gong til gong, vi utfordrar kvarandre, kastar ballen – «klarer du å ta i mot den her?»

Forskjellen på konserten dei hadde ein tysdag på vinbaren Becco i Oslo, og på Vossa Jazz ein sein laurdagskveld mot slutten av turneen var påtakeleg. Tysdagar i eit regnfullt Oslo og laurdagar i eit festleg Voss er to veldig ulike rom. På Becco i Oslo kan ein observere ein einsam student med bok i den eine handa og vinglaset i den andre medan han lyttar. På Voss derimot har dei fått «kveldsvakta» på Café Stationen, stappfullt med godfulle og skravleglade festivalpublikummarar.

Og desse ulike situasjonane er noko Team Hegdal speler på. Det er tydeleg utovervendt musikk som går i møte med publikum. På den femte plata ville dei kommunisere meir med publikum, opne musikken meir opp.

– Om rammene er klare, kan du gå ut i enno friare landskap. Men misforstå ikkje det med publikumsfrieri. Vi ser jo det, at jo meir vi nerdar, dess meir fjernar vi oss frå publikum. Men det handlar om å ta dei med inn i vårt rom.

Å komponere er å improvisere i sakte film
I Team Hegdal er vi inne på eit rom med vener som leikar. På engelsk heiter det det same; to play – å leike. Som jazzmusikar speler du gjerne saman med dei same musikarane i ulike prosjekt. Gjennom samarbeida kjenner ein kvarandre djupt musikalsk, og får nære vener. Slik er forholdet Hegdal har til bassist Ole Morten Vågan. Forskjellen er ikkje stor på samspelet dei i mellom og ein samtale på kafébordet. Dei leikar.

Medan han speler tenkjer han på heilskapen i uttrykket for lyttaren, storforma også, fortel Hegdal. Å komponere er å improvisere i sakte film, og vice versa.

– Av og til kan eg legge mi stemme berre som ein skugge som skal gå, andre gongar kan eg kome i forgrunnen med ein melodi. Men det må vere ein tanke bak det.

All frykt og angst må vere vekke når du improviserer, meiner han.

– Om eg ikkje kunne spelt, hadde eg kanskje gått inn i eit anna spor, kanskje hadde eg jobba meir konseptuelt. Det er ikkje godt å vite. Men eg trivst med den pendelen mellom å komponere og spele, seier Eirik Hegdal. (Foto: Thor Egil Leirtrø)

I eit ensemble som Team Hegdal er han trygg nok til å leike seg.

– På Becco i går, for eksempel, så var det eit strekk som har vore så utruleg «cooking» før. Men då eg kom inn, så tenkte eg heller: No skal eg byrje heilt svakt. Fordi det passa inn i storforma der og då,følte eg. Då høyrer eg at det blir respondert på, spegla gjennom Ole Morten og Gard igjen.

Her blir musikken til gjennom refleksjon blant musikarar som kjenner kvarandre godt. Det er ingenting før dette møte. 

– Tenkjer du på deg sjølv først og fremst som musikar eller komponist?

– Eg trur ikkje eg kunne vore det eine utan det andre. Om eg ikkje kunne spelt, hadde eg kanskje gått inn i eit anna spor, kanskje hadde eg jobba meir konseptuelt. Det er ikkje godt å vite. Men eg trivst med den pendelen mellom å komponere og spele.

Hans musikantiske inngang til å komponere er tydeleg, og handverket er viktig for Hegdal. Å vere så god på saksofon at han kan spele det han har i hovudet.

– Og du må kunne materialet så godt at du leikar med det. Om du nøler og tviler på at det held mål – alle dei tankane er livsfarlege.

Eirik Hegdal går i samtale med tradisjonane
Som i Team Hegdal, er også Følk og albumet Samlede Vandrehistorier eit resultat av ynsket om å lage musikk med akkurat dei musikarane som er med på prosjektet. Menneska kjem først. Han inviterte mellom anna med seg folkesongaren Unni Løvlid og felespelar Gjermund Larsen.

– Eg er jo ikkje folkemusikar, så dette blir jo min folkemusikk. Min versjon av det.

Etter å ha vore på mange konsertar og høyrd folkemusikarane legge ut om bakgrunnen for songane dei spelte eller song, ofte brutale og heilt sikkert overdrivne skrøner, så fekk han lyst å spinne ut i frå det, lage sine fiktive vandrehistorier.

Her ligg desse vandrehistoriene som grunnlag for ein «tenkt» tradisjon.

Kva er eigentleg forskjellen? Forskjellen på fiktive og «reelle» vandrehistorier? Og i ei vid forståing av omgrepet tradisjon, så står jo kvar enkelt musikar i kvar sin tradisjon, beståande av alt den har plukka opp på vegen?

– Å lefle med folkemusikk… å lefle med ting er livsfarleg… eg har respekt for det.

– Kvifor skal du ha respekt?

– Nei, altså å respektere betyr vel berre at eg ser opp til det, då. At eg tek det på alvor.

Det originale og unike ligg nettopp i samansettinga av det. Det originale er det som oppstår gjennom deg som prisme, var det ein som sa. Der alt som finst frå før får skine gjennom komponisten, musikaren.

Og om han snur på det, så er ikkje Hegdal redd for at folk skal «stele» frå han.

– Eg vil heller berømme om nokon finn eitt eller anna i min musikk dei blir inspirert av. Det er jo slik vi jobbar,vi er flugepapir som tek til oss alt det vi synest er kult. Eg legg ikkje vekt på at musikken skal vere unik eller noko ingen har gjort før – det er ikkje viktig. Det som er viktig er at ein skaper musikk som ein sjølv brenn for – eller synest er artig.

Hegdal i samtale med orkesteret
Både med Team Hegdal og i Følk, så legg Hegdal mykje av korleis musikken skal låte i hendene på kvar av dei individuelle musikarane. Det var vanskelegare å tenkje slik når han skulle skrive for Oslo filharmoniske orkester.

– Det du misser når du skriv i notasjonsprogram, er korleis musikaren omfamnar materialet. Når eg veit kven eg skriv for, så veit eg dette blir ivaretatt, men med eit så stort orkester må ein legge til veldig mykje meir informasjon, utan at det nødvendigvis hadde blitt slik eg tenkte det. Ein tone kan innehalde så mykje liv, og det er musikaren som tilfører alt som gjer at det blir liv inn i den akkorden eller melodisnutten.

Eirik Hegdal med bandet bak albumet Musical Balloon (2019) på Kongsberg jazzfestival. Eirik Hegdal på sax, bass og klarinett, Eivind Lønning på trompet, Nils-Olav Johansen på gitar, banjo og vokal, Mattias Ståhl på vibrafon, Ole Morten Vågan på kontrabass og Jon Fält på trommer og perkusjon. (Foto: Gunnar Brekke)

Han bestemte seg i verket Fables of the Late Early Bird for å nytte små tekstboksar i noten. Orkesteret fekk lese forteljinga om den forseinka morgonfuglen før dei skulle spele det. I tillegg stod det instruksjonar til enkeltstemmer, der ei stemme for eksempel skulle vere «propellfoten».

Dette vart ein måte for Hegdal å kommunisere med eit orkester gjennom ei enkel forteljing, som sjølv eit barn kan forstå.

Vatn
Tilbake til oppdraget for Trondheim Sinfonietta.

– Nei, eg får prøve å lage musikk, så får eg omforme den musikken til ni stemmer etterpå. Eg prøvde veldig mange forskjellige innfallsvinklar. Eg sette saman ein video og laga lydar til den, men så syntest eg det vart så overtolka.

– Så eg gjekk til vatnets endringar gjennom dei fire årstidene. Men eg ville heller at vatn skulle vere eit bakteppe for dei som høyrer på.

Men i det han fekk vite kva instrument han skulle ha, losna det: Fele, bratsj, cello, piano, kontrabass, klarinett, horn, fløyte – då opna øyrene seg for lydlandskapet.

– Om du berre tenkjer på bassfløyte, så vekkjer det masse idear.

Så stod han stod fast igjen. Han kverna, såg på kva han hadde og tenkte…nei.

Men så sende han det frå seg. Og i det augeblikket han hadde trykt på send, så såg han med éin gong mange ting han ville endre på. Han trong ikkje å få tilbakemeldinga først.

– I det eg sender det, blir det på ein måte filtrert gjennom nokon andre, og eg ser på ein måte kva den andre kjem til å legge merke til.

Når du har sendt det frå deg, startar det ein ny prosess i deg. Det er ingenting før i møte med eit anna menneske. Det er noko alle kreative kan kjenne seg igjen i, skribentar óg. Det blir først noko i møte med eit anna menneske.

Slik er det gjerne for tankane også, psykisk helse. Ein forstår det først i det ein set ord på det. Når vi må formulere dei ut, kan vi begynne å reflektere og kommunisere det.

– Eg har gjennom det å bli ein lærar også skjønt at det er mykje læring i nettopp det å måtte sette ord på ting. Gjennom å beskrive det, blir du nøydd til å reflektere over det.

Gjennom å sende det frå seg, gjekk Hegdal også på eit vis i samtale med seg sjølv. Dette gjer han også i ein komposisjonsprosess.

Han kan gjere opptak av seg sjølv og improviserer på saksofon, piano, eller syng. Så kan han vidare improvisere saman med opptaket igjen. Sidan kan han legge det inn i Logic og klippe og flytte rundt på det der. Dette gjorde han for eksempel i prosessen med Fables of the Late Early Bird.

Det Hegdal gjer når han skal skape er å skape saman med nokon.

Før det er det ingenting.

Eklektisk samband
Hegdal har eit allsidig musikalsk virke, og er glad i å pendle fram og tilbake mellom uttrykk og prosjekt. Mellom å vere komponist og musikar. Mellom folkemusikk, samtidsmusikk, frijazz, pop, sekstitalsjazz.

– Du har jo produsert ekstremt mykje gjennom åra.

– Ja, men det gløymer ein så fort. Du går ikkje med kjensla av noko som berre veks og veks. Det neste prosjektet vil vere fargelagt av det du har gjort før, men du går vidare. Eg prøvar alltid å suge til meg kunnskap for å bli en betre versjon av meg sjølv – det er då eg er lukkeleg.

Hegdal vil utvikle seg, vere i bevegelse, og dette fekk eit nytt perspektiv då verda stoppa opp i 2020. Tempoet vart skrudd ned. Komponistar og musikarar gjekk etterkvart i studio, inn på labben.

Eirik oppdaga kor viktig det er med tid for at denne utviklinga skal kunne skje.

– Med eit stramt tidsskjema, fristar som kjem tett i tett, så står ein i fare for å gjenta seg sjølv og gå i gamle spor. Altså stagnere, som er det eg fryktar mest av alt.

Det trengst tid til å vere i utvikling som komponist.

Som musikarar og komponistar flest, kan Hegdal hugse tilbake til dei første musikalske gnistane i barndommen, i ungdommen. Til kicket han fekk då han oppdaga ny musikk han aldri hadde høyrt om. Dette har kome tilbake.

Han lyser opp:
– Å oppdage nye ting – det er fantastisk, altså!

Og så kjem det ein straum:

– Det kicket Wayne Shorter gav meg for eksempel, og Django Bates. Då eg høyrde storbandmusikken hans for første gong, «Policeman’s ball». Eller Hvorfor Ikke-bandet til Erlend Skomsvoll, Jon Balke og Oslo 13, Vidar Johansen! Musikkflekkenfolka med Erlend og Maria Kannegaard. Østre Toten Storband med far min, klart… Count Basie. Og så kom ting som Mezzoforte – det ballar berre på seg. Wayne kom med Weather Report, så gjekk eg tilbake i hans diskografi og oppdaga Miles.

Eirik Hegdal kategoriserte CDane ut i frå kven som var med. Shorter, Pastorius, Miles, bygd på ein kronologi berre han kunne forstå.

Som lærar spør han alltid studentane sine kva dei høyrer på.

Denne aktiviteten kan også seiast å vere ei kompositorisk metode for Hegdal – å oppdage, vere nysgjerrig, teste.

Frigjerande å være ein del av
Midt i pandemien fekk Hegdal ein idé.

Inspirert av korleis bandet Skadedyr jobba som kollektiv, laga Hegdal ei Dropbox-mappe som han delte med musikarane Hans Hulbækmo, Anja Lauvdal, Josefin Rundsteen, Per «Texas» Johansen, Thea Ellingsen Grant og Ole Morten Vågan.

Han inviterte så desse musikarane til å dele skisser, idear, små opptak.

I tillegg laga han ei speleliste i Apple Music der han sjølv la inn musikk, og bad dei andre legge inn det dei høyrer på for tida. I spelelista ligg det no Solange, Paul Simon, Dimimint Aba, marokkansk musikk, Kate Bush.

– Frå Paul Simon kan det berre vere orkestreringa for eksempel.

– «If Kate Bush» var ein tittel eg gav til Thea, så skreiv ho ei tekst og ein melodi. Og ho som er yngre enn meg kjem med heilt andre perspektiv enn det eg kan kome med.

Raymond Scott er ein annan i spelelista, ein komponist som laga reklamemusikk med synthar på sekstitalet: – Vi har så mange moglegheiter med alle instrumenta i dette ensemblet. Eg gav dei andre ein assosiasjon ved å spele av den musikken. Ein synth som ligg jamnt, og kontrabassklarinetten som improviserer heile vegen over den, og ulike basslinjer under.

Men resultatet blir noko heilt anna enn den inspirasjonen. Noko er elektrisk og noko er akustisk, det fargar kvarandre. Synthen blir organisk fordi den satt i saman med klarinetten, klarinetten blir elektronisk i saman med synthen.

Det unike er det som blir til gjennom oss som prisme, var det nokon som sa.

– Det er så frigjerande å vere ein del av dette! Ikkje tenkje sjanger,berre tenkje musikk.

Det er frykteleg artig når du berre kan klatte på med alle fargar. Eg kan kaste kva som helst på dei og så er eg trygg på at det er meiningsfullt. Du må berre sørge for at alle har det bra.

I 2023 har dette prosjektet namnet Eklektisk Samband.

Han såg til korleis Skadedyr jobba som eit kollektiv, og utveksla idear for å lære av kvarandre. – Eg har skrive stort sett aleine, medan dei har jobba kollektivt. Men då må ein ha tid. Med dropboxen kan vi jobbe saman slik likevel.

Etter samtalane står det tydeleg for meg: Eirik Hegdal skaper alltid i dialog med noko eller nokon. Å skape musikk er ei høgst sosial handling, der han går i samtale med andre musikarar, tradisjonar, publikum, studentane, rom, instrument, seg sjølv. Det er ein konstant refleksjon.

Utan det er det ingenting, heilt stilt.

 

 

Om essay-forfattar Torkjell Hovland og komponist og musikar Eirik Hegdal

  • Essayet er skreve av Torkjell Hovland (f. 1990). Han er musikkvitar og musikkskribent, busett i Oslo, og skriv blant anna for Jazznytt, Ballade og Folkemusikk.
  • Eirik Hegdal er ein anerkjent saxofonist og komponist, busett i Trondheim. Han leiar fleire band: Team Hegdal, Eirik Hegdal «Musical Balloon», hans folkeband «Følk», og trioen En En En. I perioden 2002-2017 var han kunstnarisk leiar for Trondheim Jazzorkester, og skreiv og arrangerte musikk for mange utgåver av ensemblet. Han har også skreve for Trondheim Sinfonietta, Oslo Filharmoniske Orkester, Bodø Sinfonietta, Alpaca Ensemble, og er del av Gard Nilssens «Supersonic Orchestra», Ståle Storløkken & Eirik Hegdal duo og Skarbø Skulekorps m.fl.
  • Hegdal har vunne ein rekke prisar, mellom anna Spellemann for «Beste jazzalbum» med Team Hegdal (2016), Kongsberg Jazzfestivals eigen musikarpris (2018), og Heddaprisen for beste Audiovisuelle design med Trondheim Voices (2014). Tingingsverket «Musical Balloon», skreve for Vossa Jazz (2018) vart nominert til TONOs komponistpris. Det same vart albumet til Alpaca Ensemble & Eirik Hegdal med Thea Ellingsen Grant, The Sky Opens Twice i 2021, og Hegdals album Samlede Vandrehistorier i 2022.
  • Hegdal jobbar som førsteamanuensis ved NTNU/Jazzlinja i Trondheim, der han underviser i hovudinstrument og komposisjon.
  • Hegdal og Hovland deltok på forskingsfestivalen HYFER 23. september i samtale om essayet «Musikken skapast i møte mellom menneske». Innslaget var del av eit arrangement om skapande praksisar i musikk i eit samarbeid mellom Kulturrådet og NTNU.

 

Om «Skapende praksiser i musikk» og essayserien:
De skapende praksisene i musikken er i stadig bevegelse. Dette kommer til syne både i musikklivet, og i søknadsbunkene til Kulturrådet.

I 2021 lanserte Kulturrådet derfor forskningssatsingen «Skapende praksiser i musikk» som del av Norsk kulturfonds innsats for langsiktig og grunnleggende kunnskapsdannelse om kultursektoren. Målet er å løfte en bredde av innsikt om skapende praksiser slik de eksisterer med ulike kompetanser, håndverk og framgangsmåter i ulike deler av samfunnet.

Våren 2024 utgir Fagbokforlaget en forskningsantologi der resultater fra de 12 forskningsprosjektene i programmet er samlet.

Kulturrådets utvalg for forskning og utvikling er ansvarlig for arbeidet, som gjennomføres etter initiativ fra Kulturrådets musikkutvalg for produksjon, komposisjon og andre musikktiltak.

Som et resultat av denne satsingen publiseres 14 essay om å lage musikk på Kulturrådets nettsider. Disse slippes enkeltvis fra september 2023.

Musikktidsskriftet Ballade samarbeider om republisering av et utvalg av essayene.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.