I siste nummer av bladet Folkemusikk kritiserte skribent Erling Fossen motstanden som måtte finnast i folkemusikkmiljøet mot at ungdom reiser til byen for å studera.
— Nesten alt som er nyskapande innanfor folkemusikkmiljøet kjem frå studentar på Musikkhøgskulen, skreiv Fossen i sin kronikk (les intervju med Fossen i Klassekampen her).
I same nummer vart det i eit debattinnlegg sett fokus på kven som set norma i Folkemusikk-Noreg.
— Sjølv om det er semje om å spela ”gamalt” eller så ”opphavleg” som råd, sprikar oppfatninga av kva som er normativt godt spel, skreiv filolog og felespelar Eilev Groven Myhren, og viste til debatten som har gått sidan Landskappleiken i 2009. Den har i hovudsak handla om i kva for grad dommarane skal ta omsyn til om utøvaren opererer med ein gjennomført tradisjonell stil eller ikkje.
Myhren peikte i innlegget sitt på at då NRK tok til med dei første folkemusikksendingane sine, avslørte desse ein stor skilnad i normkjenslene mellom by og land.
Unyansert
I Klassekampen helsar Jan Lothe Eriksen, avtroppande leiar for Riksscenen, debatten velkomen. Han meiner likevel at stoda er annleis og meir nyansert enn den Fossen skisserer.
— Skolerte folkemusikarar i dag kan gjera ting som tidlegare generasjonar av tradisjonsmusikarar ikkje var i nærleiken av å meistra, men om uttrykket blir for ”pent” eller ”flinkt”, så meiner mange at ein missar noko på vegen. Det er legitimt og viktig å diskutera, seier han til Guri Kulås.
Direktør for Førdefestivalen, Hilde Bjørkum, meiner Fossen teiknar eit feilaktig bilete.
— Motseiinga «tradisjonalist frå bygda» kontra «fornyar frå byen» er så oppkonstruert og overforenkla at det gir eit heilt feilaktig bilete av røyndommen. Håkon Høgemo frå Øvre Årdal spelar tradisjonsstoff slik ein yngre, framifrå klassisk-utøvar tolkar Mozart, Synnøve S. Bjørset frå Jølster har både Musikkhøgskolen, og har gått tilbake til tradisjonen etter dei gamle Jølster-spelemennene også i eigne komposisjonar, seier ho.
Bjørkum hevdar vidare at det norske folkemusikkmiljøet sjeldan har vore så ope og inkluderande som i dag, medan Eriksen konkluderer med at stoda er konstruert av media.
— Kanskje var det slik Annbjørg Lien opplevde det, då ho sette foten fram, men i dag er det journalistar og folk på ”utsida” som er oppteken av kva folkemusikkpolitiet, kven no dei måtte vera, seier han.

Ballade video: Trygghet og kontroll
På utstilling med Himmelleite, Luna Mare, Andie Loui, Maizu & Richard, Kristine Blir Rapper, Kamelen, Rule Of Two og Clawfinger.

Mari Boine hedret
Artist og låtskriver Boine fikk ærespris for langt og betydningsfullt virke. Og avslører at hun skriver på ei bok.

Adama Janlo lar seg ikke stanse av musikalske grenseposter
Fra Sagene til Mississippi-deltaet, via Senegal og Gambia – Adama Janlo er Norges mest oppsiktsvekkende tilskudd til den tradisjonelle bluesen, og hun er ikke redd for å hente inspirasjon utover det forventede.

Ballade på Tidsskriftbonanza: Samtale med Peter Case & Sid Griffin
En sjelden mulighet til å møte to amerikanske legender, når Balladeskribent Arvid Skancke-Knutsen snakker med Peter Case & Sid Griffin på Deichman Grünerløkka torsdag 5. mars.

Å være musikalsk i et etisk perspektiv
Under festivalen "Ding-dong eller dong-ding?" 4. mars vil pianist Ellen Ugelvik og musikkterapeut Gro Trondalen utfordre publikum til å reflektere over hva det egentlig betyr å være musikalsk, også i et etisk perspektiv.

Norske arrangører om «de fire store» og internasjonal konkurranse
Får «de fire store» i livemarkedet for mye makt? NKA-lederen peker på maktskifter som kan skape en ubalanse i resten av feltet.











































