Hopp til innhald

Kva gjer folkemusikken – når bestemor er til sals for ein billeg penge?

INNLEGG: – Det kan av og til verke som aktørar i folkemusikkmiljøet identifiserer seg aldeles ukritisk, ja, nærast beundrande, med dei billigaste og mest overflatiske og destruktive verdiane i kulturen. Men det har vi ikkje råd til. Det skriver Stein Versto i denne kommentaren, som også finnes i årets første utgave av Spelemannsbladet. Eg trur vi gjer klokt i å minne oss sjølve om at folkemusikken er i den genuine stilling å vera naturnær, skriver Versto.

Av Stein Versto

Norsk folkemusikk har dei siste hundre år vore gjennom ein prosess med store omveltingar. I 1908 var folkemusikken og bygdedansen enno einerådande på bygdene; bygdefolk levde stadig i naturalhushald, og utøvarane var ettertrakta stjerner i folks musikalske medvit.

Så kom ei rekkje tiår der utøvarane forsvann frå scenane og musikken vart subkultur – ein tendens som heldt seg til då 1970-åra kom, med si grøne bølgje, og ei opprusting av distrikta og ein renessanse for folkemusikken.

Då 80-talet kom, var den grøne bølgja over. Og vi fekk dei opprulla skjortearmars tid, ein sterk og vedvarande organisert innsats for å styrke folkemusikken, med musikkskular, kulturskular, profesjonsutdanning i folkemusikk på høgt nivå med meir.

I dag ser vi resultatet av arbeidet: Folkemusikken står sterkt, og er respektert på linje med andre musikkformer. Han har blitt ein institusjonskultur.

Rett nok blir det stadig gjort mykje godt ideelt arbeid, og buskspelets tid er då heldigvis ikkje forbi. Men det er uansett slik at svært mykje av aktiviteten er bunden opp til, og langt på veg avhengig av, faste stillingar og offentlege løyvingar.

Har eg rett, sit no den vakne lesaren av denne kommentaren med følgjande spørsmål: Ja, og kva så? – Og det er då heller ikkje mi meining at den utviklinga eg her har skildra, der folkemusikken har kome på høgd med samfunnet, er negativ. Men det er ei innvending som kan reisast. Den er kanskje vag og prøvande, men skal like fullt artikulerast her.

For vi lever i ei tid der bestemor er til sals for ein billig penge, der framvising av rikdom og sløsing synest ha blitt eit ideal og glamour livsens fremste mål, ei tid der dei fleste av oss har meir enn nok av materielle verdiar, men stadig synest å ville ha meir, samstundes som vi veit at denne måten å leva på ikkje er berekraftig.

Det handlar om klimaet; det handlar om at vi lever på kostnad av den fatige delen av verda; og det handlar ikkje minst om åndeleg og emosjonell naud.

Kva inneber så dette? Det kan av og til verke som aktørar i folkemusikkmiljøet identifiserer seg aldeles ukritisk, ja, nærast beundrande, med dei billigaste og mest overflatiske og destruktive verdiane i kulturen. Men det har vi ikkje råd til.

Ledige stillinger

Eg har ikkje noko klårt og eintydig svar på dei spørsmål eg reiser – iallfall ikkje av det konkrete slaget. Men eg trur vi gjer klokt i å minne oss sjølve om at folkemusikken er i den genuine stilling å vera naturnær.

I våre dagar har vi lenge vore opptatte av å løfte musikken ut av, og bort frå, det «busk-og-kratt-og-lur-og-lokk» – stempel som kunnskapslause journalistar i årevis dytta på han. Det er forståeleg, fordi dette stempelet skapte og bygde opp under fordomar.

Men vi skal hugse på at folkemusikken har vakse fram i eit naturnært miljø, blant menneske som levde i symbiose med sitt landskap. Og den har framleis dette preget i seg. Og det er jo nett dét det handlar om i dag: å finne moderne måtar for eit liv i symbiose med naturgrunnlaget, med planeten vår.

Det handlar om audmjukskap. Det handlar om å oppdage nye potensial. Det handlar om å spela saman med naturen, i alle tydingar av ordet. Og det handlar om å tenkje etisk. Vi treng å leva med det kontinuerlege spørsmålet: «Korleis er mi handling? Korleis kan eg fremje det sanne, det vakre og det gode?»

Kort sagt – er vi her for å tyne mest mogeleg ut av tilværet, til fordel for kortsiktige og glupske behov, eller er vi her for å gjera denne planeten til ei hage? Vi veit i dag at vi ikkje kan overlata ansvaret for livsgrunnlaget vårt einast til politikarar og byråkratar.

Kvar og ein av oss har eit ansvar. Vi er ikkje makteslause offer; vi er verdige, handlande menneske.

Ei slik innsikt gir også aktørar i folkemusikkmiljøet eit ansvar.

Stein Versto er felespiller og forfatter. Kommentaren er hentet fra Spelemannsbladet nr. 1 2008 og er gjengitt med tillatelse.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Elisabeth Vatn inne (Foto: Werner Anderson)

Mangfold – bare i 2008?

INNLEGG: – Regjeringen har utpekt 2008 til kulturelt mangfoldsår. Målet er blant annet å øke innvandrernes muligheter til å delta...

Folkedansere ill. (haugtussa.com)

Tradisjonane med snigle- eller turbofart?

Landslaget for Spelemenn og Norsk folkemusikk og danselag arrangerte torsdag et heldags seminar om organiseringen av norsk folkemusikk. Her er...

Åshild Vetrhus,

Mot tettere samarbeid i folkemusikken

INTERVJU: Folkemusikkorganisasjonene Norsk Folkemusikk- og Danselag og Landslaget for Spelemenn nærmer seg hverandre. Kommunikasjonen har vært økende de senere årene,...

Åshild Vetrhus,

Tradisjonene med turbofart inn i framtida

Norsk Folkemusikk- og Danselag og Landslaget for Spelemenn har fått med seg Riksscenen og MIC og arrangerer åpent seminar 10....

Felespillere

Folkemusikken i Kulturdepartementet

DEBATT: Torsdag var organsisasjonen bak tiltakspakken tradtak hos statssekretær Randi Øverland i Kulturdepartementet. Lekkasjen til blant annet Riksscenen før valget,...

Jan Lothe Eriksen 2006 (Foto: nfd.no)

Delte meninger om organisering

Frode Rolandsgard i Folkelarm og Landslaget for Spelemenn (LfS) tok tidligere denne uken til orde for at folkemusikkorganisasjonene bør slås...

Flere saker

Still fra Ingrid Jasmin Uhh

Ballade video: – Uhh … og sekkepiper

Ni ferske videoer med Ingrid Jasmin, Yngvil, Mailen Rusti, Sleep Kicks, Veps, The Colors Turned Red, Vilde Tuv, Mortemia, og...

Sigrid Strøm Reibo Foto: Erik Berg

Rolleblanding på høyt nivå

Fredag spilles operaen Norma for siste gang i Bjørvika. Her balanseres plikter som åndelig leder valgt av Gud mot menneskelige...

Illustrasjonsbilde

Koronasituasjonen: Brutale ringvirkninger i kulissene til artistene som ikke kan ha hjemmekontor

– Limet i det norske samfunnet rakner, skriver styreleder i foreningen NEMAA, Joël Schwalenstöcker i dette innlegget.