Hopp til innhald

Skjulte folkemusikkskattar fritt ope på nett

Ål Bygdearkiv har digitalisert lydarkivet og gjort tidlegare ukjente optak tilgjengeleg.

Laurdag 21.januar vart Ål Bygdearkiv først ute mellom norske lokalarkiv til å ha digitalisert det aller meste av samlinga si og lagt det ut fritt på internett.

Det er dagleg leiar Ola Terje Oleivsgard og folkemusikkentusiast Olav Sataslåtten som har stått for det meste av arbeidet,  med digitalisering og indeksering av fleire hundre timar med spoleband og opplasting av materialet i publiseringsløysinga LoCloud, vert det meddelt i ei pressemelding.

Kjeldene som vert lagt ut på sida til Ål bygdearkiv handlar i fyrste omgang om lokale opptak av folkemusikk, pr i dag med hovudvekt på hardingfele, men også med eit fint utval av kveding og langeleik. Det totale utvalet vil auke kontinuerleg i lang tid framover, og bli fyllt opp med meir durspel og digitaliserte 78-plater. Utover dette kjem den tilveksten som Åndsverkslova gjer rom for, gjennom at opptak eldre enn 50 år kan publiserast fritt.

Dei digitaliserte lydfilene har ulikt opphav, men fellestrekket er at dei i all hovudsak kjem frå spoleband. Lars Hallingstad, tok opp både intervju og musikk på bandspelar på 1950- og -60 talet. Ål bygdearkiv har vidare fått tilgang til musikkopptak gjort av Bernhard Berg og sonen Hallgrim Berg, og tilsvarande gjort av Hans Nestegard, og digitalisert desse. Det er også materiale frå to samlingar; samlinga til Ål spel- og dansarlag og samlinga Song og spel i Hallingdal. Det var fleire hardingfelespelarar som gav ut 78-plater mellom 1920 og 1950, og ein del av desse blir digitalisert av Ingunn Stræte Lie, frå hennar samling.

– Dette er materiale av generelt høg kulturhistorisk verdi, med også heilt unike opptak. Det er på høg tid å tilgjengeleggjera dette, og me er glade for å kunne gjere det fritt, og håpar at det vil bli til glede for mange. Me håpar også at stadig tilvekst vil generere ytterlegare bruk av nettsida over tid, seier Oleivsgard i pressemeldinga.

EU-prosjekt for lokale kjelder
Publiseringløysinga som vert nytta er LoCloud Collections. Denne er utvikla gjennom eit EU-prosjekt som har hatt som hovudfokus å gje Lokale institusjonar Cloud-basert teknologi. Mindre institusjonar, til dømes regionale og lokale arkiv og museum, er i dag framleis underrepresentert på den digitale europeiske arenaen. Prosjektet LoCloud ynskjer å handtere denne utfordringa gjennom å gje desse brukarvenlege og prisgunstige verktøy som kan auke publisering av digitale kjelder til publikum. Kjelder publiserte gjennom LoCloud skal i neste fase bli søkbare gjennom kulturarvportalen Europeana .

I Noreg er det Riksarkivet som har hatt ansvaret for å koordinere LoCloud-arbeidet.

Opptaka kan du høyre her.

Ledige stillinger

Relaterte saker

FolkOrg og Sparebankstiftelsen Foto: Anbjørg Myhra Bergwitz

700 000 til rekruttering innen folkemusikk og folkedans.

FolkOrg har fått tildelt en gave fra Dextra Musica til et treårig rekrutteringsprosjekt. Søknadsfrist på pilotprosjektene blir i april.

Franciscushogenberg scholeusstikket Foto: Nasjonalbiblioteket

I mål med balladene etter 170 år

Innsamling og utgivelse av norske middelalderballader har foregått siden midten av 1800-tallet. Først nå er målet om en vitenskapelig utgave...

Synnøve S. Bjørset Foto: Eivind Kaasin

Kappleik og estetikk

Kva representerer kvalitet i vurdering av slåttespel, og er vurderinga uavhengig av kontekst, spør Synnøve Bjørset.

Utsnitt fra ta:lik utgivelsen «Norsk folkemusikk»

Folkemusikk i forandring

En ny masteroppgave har sett på tradisjon og praksis i folkemusikken og -miljøet. Oppgaven konkluderer med at miljøet er preget...

Ål kirke

Skylla for fylla

Vekkelsesbølge førte til bannlysing og brenning av hardingfeler i Hallingdal på 1850-tallet. Nå er folketoner liturgisk musikk i Ål kirke.

Flere saker

Buddyprisen tildelt Maria Kannegaard

Buddy til Maria Kannegaard

Maria Kannegaard ble tildelt Buddy-prisen 2024 torsdag kveld. – En formidabel og særegen pianist som har beveget og berørt et stort...

Skjermbilde 2024 02 07 kl. 15.41.09

Ballade video: Afrodite i ulveham

Vi tilbyr noen minutter i selskap med Gåte, I Like To Sleep, Dirty Oppland, ViaMedia, Tor Arve Barøy og Jordsjuk....

Rhiannon Hovden Edwards

Rhiannon Hovden Edwards ny leder for Virkes arbeid med kultur og opplevelsesnæringen

Edwards forlater dermed stillingen som daglig leder i Musikkutstyrsordningen.