Hopp til innhald

Planar om etablering av Nasjonalt Utviklingssenter for Scenisk Folkedans og Folkemusikkformidling i Førde

Sogn og Fjordane Teater, Førde Internasjonale Folkemusikkfestival og Sogn og Fjordane fylkeskommune går nye vegar. Saman vil dei utvikle eit nasjonalt kompetanse- og utviklingssenter for scenisk folkedans og folkemusikkformidling i Førde. Prosjektet har eit årleg budsjett på 5 mill. kroner, og dei 3 partane har søkt Kulturdepartementet om ei årleg bidrag på 3,1 mill.

Av Hilde Bjørkum, Mette Brantzeg og Ingebjørg Erikstad

I Norge i dag er det få og lite fleksible ordningar for tilsetting / engasjement av folkemusikarar og dansarar. Det er trong for å kunne engasjere folk på engasjementsbasis / åremål, skape rekrutteringsstillingar innanfor dans og engasjements-/prosjektstillingar på musikksida. Partane bak prosjektet ynskjer å få til større dynamikk og utvikling innanafor dette feltet, og betre vilkår for profesjonalitet og effektivitet i produksjonsarbeid og turneverksemd.

Partane har ein visjon om at Førde skal bli nasjonalt kompetanse- og utviklingssenter for scenisk folkedans og folkemusikkformidling gjennom eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Sogn og Fjordane Teater og Førde Internasjonale Folkemusikkfestival. At tre partar går saman i eit langsiktig og forpliktande samarbeid på dette feltet er nytt og unikt. Ved å dra på kvarandre sin kompetanse og ressursar meiner partane at ein kan skape større verdiar og utnytte offentlege støttemidlar på ein effektiv måte. Teatret med sin scenekunstkompetanse, festivalen som ein stor formidlingsarena og med spesialkunnskap innan folkemusikk- og folkedansfeltet og fylket med sitt lange engasjement innan folkemusikken i fylket er tre partar som vil kunne dra godt i lag og har alle føresetnader for å skape eit nytt og spennande rom gjennom samarbeid på tvers av institusjonsgrenser.

Konkret vil prosjektet kunne innebære at:
SOF Teater setter opp minst ei forestilling med folkemusikk-/dans pr. år.
Festivalen / teatret setter opp annankvart år ei stor forestiling der proffe utøvarar og gode amatørar samarbeider i ei scenisk forestilling med folkemusikk og -dans.
Fylket nyttar utøvarane til Rikskonsertproduksjonar, Den Kulturelle skulesekken o.a.
Festivalen nyttar utøvarane til oppdrag under festivalen og om mogleg til artistrelatert arbeid i førebuingsfasen til festivalen. Folkemusikklaget / lokallaga og andre nyttar utøvarane til kurs og konsertar.
Produksjonane kan nyttast til representasjonsoppdrag i inn- og utland.

Ein tenkjer seg at prosjektet engasjerer to aspirantstillingar og to meir røynde utøvarar innan dansefeltet. Aldersgruppe for aspirantstillingane er tenkt frå 18 til 30 år, og stillingane skal vere opne for søkarar frå heile landet. Hovudtilknytninga for desse vert SOF Teater.
Ein tenker seg også to unge og to erfrarne musikarar knytta til prosjektet på 1-årige engasjement. Utøvingsmessig bør desse ligge på eit høgt / profesjonelt nivå. Hovudtilknytning: Kulturavdelinga, fylket.

Produsent/prosjektleiar/marknadsførar er også tenkt knytta til prosjektet. Her er det tenkt at SOF Teater og Folkemusikkfestivalen kan gå i eit spleiselag.
Det er fyrst og fremst til stillingsressursar det vert søkt om statlege midlar. Produksjons- og turnémidlar er i hovudsak tenkt finansiert over institusjonane sine driftsbudsjett og ved salg av produksjonar til andre.

Som kjent vil Kulturdepartementet kome med ei stortingsmelding for kulturfeltet i august. Då statssekretær Yngve Sletholm besøkte festivalen forrige veke, uttalte han at folkemusikkfeltet ville få breiast omtale av alle sjangrar i den nye Kulturmeldinga. Initiativtakarane bak det nasjonale folkemusikkformidlingssenteret i Førde ser svært postivt på at folkemusikken no vil få ein viktigare plass i offentlege planar og dokument, og meiner det planlagte senteret vil kunne stette uttalte behov på folkemusikk og folkedansfeltet.

Kontaktpersonar:
Festivalsjef Hilde Bjørkum tlf. 5772 1940 mob. 9091 9933, e-post: hilde.bjorkum@fordefestival.no
Teatersjef Mette Brantzeg, tlf. 5772 1850 , Ass. Fylkesdirektør Ingebjørg Erikstad, tlf. 5782 5003

Ledige stillinger

Relaterte saker

Hardingfele stående

Forrykande avslutning av Blazin’ Fiddles på Førde

Skotske Blazin’ Fiddles sette eit forrykande punktum for den 14. internasjonale folkemusikkfestivalen i Førde. Bandet frå Skotland levde opp til...

Vågå Spelemannslag – Takk for sist cover

Den 14. Førde Internasjonale Folkemusikkfestival tar til

Den som tror at en folkemusikkfestival er en navlebeskuende affære som dyrker og lovpriser norsk særhet, må tro om igjen....

Majorstuen spelemannslag (Anne Lise Flavik / Fotofabriken)

Folkemusikk frå heile verda i Førde

Idealisme og nyfikne folk har gjort den årlege folkemusikkfestivalen i Førde til ein suksess. Festivalen har satsa på ukjende men...

Jan Lothe Eriksen

Norsk Folkemusikk- og Danselag kritiserer Førdefestivalen

Norsk Folkemusikk- og Danselag reagerer sterkt på fredagens melding om at Førde Internasjonale Folkemusikkfestival har søkt om midler til et...

Majorstuen

Kan initiativet fra Førde bli en regional satsning?

Norsk folkemusikk- og danselag ber initiativtakerne til det nasjonale formidlingssenteret for folkemusikk og folkedans i Førde om å se på...

Majorstuen Spelemannslag (Anne Lise Flavik / Fotofabriken).

– Hvorfor så mye oppstyr?

Daglig leder i Førde Internasjonale Folkemusikkfestival forstår ikke hvorfor utspillet om å etablere et produksjonsmiljø i Førde støter på så...

Flere saker

Kristoffer Uthaug, Emir Hindic og Mathias Humlen er tildelt TONOs EDVARD pris for Sushi x Kobe albumet «Døden lever lengst»

TONOs EDVARD-pris til Sushi x Kobe

Emir Hindic, Kristoffer Uthaug og Mathias Humlen er tildelt TONOs Edvard-pris i kategorien Populær 2019 for Sushi x Kobe-albumet «Døden...

PIANOET OG PROJEKSJONEN: Inne på et galleri på Skøyen, Oslo, åpnet lyden og rommet noe i Ballades skribent.

Musikk mot skrivesperre

Løsning på et utbredt problem: En av Ballades faste kritikere har vært plaget av skrivesperre. Men pianist Andreas Ihlebæk og...

Stillbilde fra Vegar Vårdals HAVELLA

Ballade video LIII: Når huldra spiller opp

Norsk folkemusikk, trio-jazz, viserock og Africana. Fem nye videoer med Vegar Vårdal, Helge Lien Trio, Charlotte Audestad, Queendom og Lars...