Gunnar Stubseid (Foto: Norsk Folkemusikkkatalog)

Gunnar Stubseid ny rektor ved Ole Bull Akademiet

Styret i Ole Bull Akademiet har tilsett Gunnar Stubseid (54) som ny rektor etter Jostein Mæland, som går av med pensjon 1. januar 2003. Stubseid har dei siste 4 åra vore undervisningsleiar ved Ole Bull Akademiet.

Folkemusikk

Gunnar Stubseid er frå Bygland i Setesdal. Han er utdanna ved musikklina ved Bergen lærarhøgskule, og er magister i etnologi frå Universitetet i Bergen. Magistergradsavhandlinga hans, «Frå spelemannslære til akademi», tek han føre seg den handlingsborne kunnskapen og opplæringsmetoden som Ole Bull Akademiet byggjer på, og han viser korleis spelemenn har lært slåttar gjennom generasjonar, og ved hjelp av gehørslæring og ein eigen metodikk har teke vare på og ført vidare den rike slåttetradisjonen vår.

Stubseid er sjølv utøvar på hardingfele, og har hatt ei rekkje konsertar både i inn- og utland. Han har gitt ut og medverka på mange plater, både som solist og i samspel med andre musikarar, fått Spelemannprisen (1979) og er nominert tre gonger til denne prisen. Han har skrive bøker og artiklar med folkemusikkrelaterte emne, og har hatt framståande verv i ulike råd, utval, lag og institusjonar.

Styret tilsette også Håkon Asheim (40) som kunstnarleg og pedagogisk leiar for «Spelemanns- og kvedarskulen». Dette 2-årige utøvarstudiet, som er eit samarbeid mellom Ole Bull Akademiet og Griegakademiet, gjev 40 vekttal ved Universitetet i Bergen. Det er no 8 studentar ved dette studiet, og frå hausten 2003 er det mogeleg å byggje på dette studiet til ein bachelor-grad i folkemusikk.

Håkon Asheim er frå Oslo. Han er utøvar både på hardingfele og vanleg fele, og har sterke band til folkemusikken i Valdres. Han er cand. philol. med musikk hovudfag frå Universitetet i Oslo. Hovudfagsoppgåva hans tek føre seg «konsert-tida» i norsk folkemusikk, med utgangspunkt i konsertspelemannen Olav Moe frå Valdres. Han har også «General Diploma» etter eitt års studietid ved Kodály-instituttet i Ungaren. I tillegg til pedagogisk verksemd har han arbeidd som vitskapeleg assistant ved Norsk folkemusikksamling, Universitetet i Oslo, vitskapeleg assistant ved Norges Allmennvitenskapelige Forskingsråd, ved Norsk Lydinstitutt i Stavanger og som amanuensis ved Arne Bjørndals Samling, Universitetet i Bergen.

Asheim har skrive artiklar om folkemusikk, transkribert slåttar for prosjektet «Slåtter for vanlig fele» (bind 5) og gitt ut plater med slåttemusikk. Han tek til i stillinga 1. januar 2003.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Flere saker
Tekstforfatterpris til Ane Brun

Tekstforfatterpris til Ane Brun

– Hun skriver personlig og eksistensielt, men samtidig universelt.

Ballade video: Søvnløse netter

Ballade video: Søvnløse netter

Med Synne Sanden, Døssi, Bjørn Berge, Jonas Lovv, Joakim Kleven, Leander, Twin Serpent, Nullskattesnylterne & Teater nonSTOP, Halycon Days og Nicolas Leirtrø’s Action Now!

Sarah Winona Sortland er ny daglig leder i Musikkforleggerne

Sarah Winona Sortland er ny daglig leder i Musikkforleggerne

Går fra kommunikasjonsstilling til toppjobben.

Musikk på litteraturfestival: Fortelling, poesi – og nødvendig friksjon

Musikk på litteraturfestival: Fortelling, poesi – og nødvendig friksjon

Hvilken rolle kan musikk ha i en litteraturfestival? Blir vi klokere på musikkens og ordenes roller i språkmodellenes tid? Kan konserter vise veien til leselyst?

– Hva skjedde med rehabilitering ...

– Hva skjedde med rehabilitering ...

Ting man tenker på er som regel lett å få ut, bare man får det til å rime. Slik ser en innsatt på Ullersmo på rap.

Et rom for alt – unntatt musikk

Et rom for alt – unntatt musikk

INNLEGG: – Det er rart hvordan musikkens kraft alltid hylles i festtaler, men aldri i romfordelingen. Musikkfaget er viktig – så lenge det ikke tar plass, skriver Bodil Gullseth, musikklærer og 2. nestleder i Skolenes landsforbund.

Se alle saker
Konserttips Oslo
Serier
Video
Radio