Hopp til innhald
Fra "Jenta som ingen kunne målbinde" (1)

Folkedansteater på Førdefestivalen: Om fotball og forelsking

Teaterstykket «Jenta som ingen kunne målbinde» handlar om oppstyret når ei jente kjem inn på gutane sin arena, på ein stad ho ikkje skulle vere. Som ein raud tråd gjennom historia, frå kvinneforbud på det greske Olympia-stadion til Annette i hoppbakken. Eller jenta på gutelaget.

«Jenta som ingen kunne målbinde» er eit moderne eventyr, skrive av tidlegare teatersjef ved SOF teater, Mette Brantzeg. Ho likar å utfordre.

— Eg er ikkje ute etter å moralisere, men synes det er interessant å leike med tabu. Fotball er svært kjønnsbestemt og samtidig dominerande i verda. Eitt anna tabu er homser og fotball.
I Brantzeg sitt stykke er begge desse tabua ingrediensar i det som også kan kallast ei forviklingskomedie.

— Eg har ikkje spesielt peiling på fotball, men tek utgangspunkt i det som skjer i samfunnet og utfordrar formspråket. Let folkedans og fotball seg sameine? Svaret er ja, det går faktisk an og det blir
mykje moro av det også, seier Brantzeg. Eg har nytta kollegaene på jobb som fotball-konsulentar.

Framsyninga sorterer under sjangeren scenisk folkedans, der folkemusikk, folkedans og teater er sameint i ei forteljing. Sjangeren vart presentert på Førdefestivalen for to år sidan, med publikumsvinnaren «Svik». Men starten på folkedans-musikk-teater satsinga i Sogn og Fjordane var Fjordapuls-prosjektet i 2001-2002, initiert av Rådet for Folkemusikk og folkedans i Trondheim.

Unge talentfulle folkemusikarar og -dansarar frå Sogn og Fjordane vart samla til samspel og dans. Dei turnerte fylket og responsen var god.
Sigurd Aae Clausen, som har regien på JENTA, synte i ein Fjordapuls-koreografi at folkedans og fotball var en mulig kombinasjon. Det inspirerte meg til å skrive stykket, og be Sigurd ta regien. Folkedans kan både brukast tradisjonelt og til å skildre samfunnsmessig og tidsaktuelle tema, seier Brantzeg.

Handlinga og aktørane

Kort fortalt er dette historia om den sporty jenta som ikkje får vere med på gutane sitt lag, men lurer seg inn likevel, med skjult identitet. Jenta – JO-forelskar seg i ein av gutane på laget og lider store kvaler. Guten på laget vert og forelska og skjønar ingenting. I ein gut? JO fører fotballaget til siger og ære, før ho blir avslørt og skaper furore.

Dette er komedie, der spesielt ungdom men og vaksne kan kjenne seg igjen, og der det er høve til å le av det meste, men kanskje mest av fordomane rundt ein folkekjær sport.
Mette Brantzeg har skrive fleire teaterstykker, men det er første gongen ho ikkje set opp sitt eige stykke sjølv. Det er ei ny og spennande oppleving å overlate manus i andres hender.
På scenen er ei blanding skodespelarar, dansar og folkemusikarar.

— Hovudrolle-innehavaren Solveig Hårdnes er det kvinnelege svaret på Tore Andre Flo. Ho er det i dans som han er i fotball. Den unge hallingdansaren gjorde seg bemerka på Førdefestivalen i fjor. Martin
Myhr er profesjonell hallingdansar, den einaste i landet som satsar på å leve av dansen på heiltid. Kyrre Eikås Ottersen er med som skodespelar og dansar. I tillegg er det to talentfulle ungdommar frå Fjordapuls, Åsta Urdal og Atle Hoff. Musikken blir framført av Synnøve S. Bjørset på fele og Kenneth Ekornes på perkusjon. Synnøve har dei to siste åra hatt stor suksess med Majorstuen, og Kenneth er fast trommeslager i Mari Boine Band.

— Det er ein fantastisk sprek gjeng! Viss noko går gale, er det min feil, seier Brantzeg og ler godt. «Jenta som ingen kunne målbinde» har premiere på Førde Internasjonale folkemusikkfestival laurdag 3. juli, i teatersalen i Førdehuset.

Ledige stillinger

Ledige stillinger

Relaterte saker

Majorstuen Spelemannslag (Anne Lise Flavik / Fotofabriken).

– Hvorfor så mye oppstyr?

Daglig leder i Førde Internasjonale Folkemusikkfestival forstår ikke hvorfor utspillet om å etablere et produksjonsmiljø i Førde støter på så...

Majorstuen

Kan initiativet fra Førde bli en regional satsning?

Norsk folkemusikk- og danselag ber initiativtakerne til det nasjonale formidlingssenteret for folkemusikk og folkedans i Førde om å se på...

Hardingfele stående

Stor EBU-suksess for Førde festivalen

20 europeiske radiostasjoner tilknyttet EBU (European Broadcasting Union) vil sende alle opptak som ble gjort på Førde. – Dette er...

Dans og Toner (Fra www.dansogtoner.no)

Planar om etablering av Nasjonalt Utviklingssenter for Scenisk Folkedans og Folkemusikkformidling i Førde

Sogn og Fjordane Teater, Førde Internasjonale Folkemusikkfestival og Sogn og Fjordane fylkeskommune går nye vegar. Saman vil dei utvikle eit...

Lene Furuli, Førde Internasjonale Musikkfestival

Statsbudsjettet 2005: Jubel hos Førde Internasjonale Folkemusikkfestival

Statsbudsjettet 2005 ble et stort løft for Førde , som får tilført over en million kroner mer i året. –...

Bell, Gytri, Skrede. Foto: Førdefestivalen

Nye folkemusikktalent ut i verda

Folkemusikkgruppa Tindra har nett kome att frå ei spennande reise til Vietnam. No vender ei ny gruppe unge tradisjonsmusikarar nasen...

Flere saker

@iamkaichen bylarm åretstjerneskudd jonasbenyoub

Deler ut en halv million til artistspirer og forklarer inhabilitet

Da rapper Jonas Benyoub ble vinner av 500 000,- tippemidler måtte agenten hans gå på gangen. Hun satt nemlig i...

KOSO

Roskilde Festival donerer deler av overskuddet sitt til norske KOSO

Det kreative kollektivet, plateselskapet og klubbkonsepet KOSO som jobber med å fremme kvinner i kreativ bransje får 25 000 kroner...

Emma Steinbakken vant «Årets artist» i helga på P3 Gull. Hun har også to låter på de ti mest spilte låtene på Spotify av abonnenter i Norge i år. Begge låtene er coverlåter.

Undergrunn og Emma Steinbakken topper

Emma Steinbakken synger to av de mest strømmede låtene i Norge i år. Undergrunn har ikke bare fylt Spektrum, men...