Hopp til innhald
Alehouse Sessions var ei oppleving for seg sjølv, med særs høg stemning. Som ein faktisk kan sjå av Knut Utler sitt bilete.

Alehouse Sessions under Folkets festival på Vega scene i København var ei oppleving for seg sjølv. Knut Utler har greidd å fange stemninga.(Foto: Knut Utler)

Blodtur til København

I midten av januar dro ein full buss frå Oslo og omland til København med Tuvas Blodklubb. Sjå korleis det gjekk med «den norske invasion” på dansk folkemusikkfestival.

Red.mrk.: Reportasjen er skrive av redaktør i bladet Folkemusikk, Kjellbjørn Karsrud, i eit samarbeid mellom Folkemusikk og Ballade. Artikkelen er på trykk i nyaste utgåve av Folkemusikk.

 

«Katta sit uppå take,
tala te sene døtta:
Ko ska mø gjera i vinterdaga,
ska mø reise te Danmark?»

I likskap med katta i «Brumbrasken i bumba» (høyr Marit Karlberg sin versjon på plata Tre ord te de) var dette eit spørsmål 40 blodklubbentusiastar frå Oslo og omland stilte seg i midten av januar.

Allereie under Folkelarm i november vart det prat om at Tuvas Blodklubb, med det påhitne radarparet Tuva Syvertsen og Asgaut Bakken i spissen, no for fyrste gong skulle utanlands. I samband med dette ville dei i samarbeid med OsloFolk setta opp buss frå den norske hovudstaden til den danske. Litt seinare tikka det inn ein invitasjon frå primus motor Lene Furuli til eit Forms-skjema der ein kunne melde seg på.

Målet for turen var Folkets festival på Vega scene i København, drive av Ale Carr og Dreamers’ Circus, der blodklubben inngjekk i programmet saman med mykje anna norsk og nordisk folkemusikk. Carr fortel at tanken bak å invitere Tuvas Blodklubb var å opne opp for eit format der folkemusikken kan bevege seg fritt mellom konsert, scene og klubb:

– Blodklubben repræsenterer en generøs og inkluderende tilgang til traditionsmusikken, hvor tærsklen for deltagelse er lav og energien høj. Samtidig håber vi, at formatet kan fungere som inspiration i en dansk kontekst – til at udvikle lignende rum, hvor folkemusik, dans og sociale fællesskaber kan mødes på nye måder. Det harmonerer godt med vores ønske om at vise, hvordan folkemusik både kan være dybt forankret og samtidig meget nutidig.

Publikum på Folkets festival på Vega scene i København, drive av Ale Carr og Dreamers’ Circus. Tuvas Blodklubb inngjekk i programmet saman med mykje anna norsk og nordisk folkemusikk. (Foto: Knut Utler)

Fredag 16. januar stod om lag 40 blodklubbentusiastar klare til å ta buss frå Riksscenen i Oslo via Østfold, Bohuslän og Gøteborg og Helsingborg med ferje over til Sjelland og København. Me hadde fått beskjed om å møte opp presist, for bussen skulle gå akkurat 10.00. Likevel måtte det til nokon telefonoppringingar, og 10.20 kom det ein mann halsande med ein svær sekk – sistemann var dermed på plass og bussen klar til avgang.

På bussen var det ei brokete forsamling med folk. Me har alt frå røynde kappleiksgjengarar til folk som berre så vidt har gløtta inn i klesskåpet til folkemusikkens forunderlege verd. Her er i hovudsak unge studentar, men også folk i «sin beste alder». Dei fleste som er med er busett i Oslo for tida, men kjem gjerne frå ulike stader i landet.

Ei brokete forsamling med folk på vei til Blodklubb i Køben ombord på «blodbussen». Audun Rørmark (til høgre, med augna att) har komponert ein eigen polska til ære for den svenske dokurealityserien Ullared. Saman med Sindre Tronrud og Anna Lovise Reitan Solli køyrde han urframføring bak i bussen. Quizmaster Knut Boksasp Berge fylgjer med for å plukke opp nokre triks. (Foto: Knut Utler)

Eg kom i prat med eit par studentar, fødde og oppvaksne i Oslo, fritt for kappleiksvinnande slektningar. Korleis hadde dei kome inn i det heile? Jo, rett og slett gjennom at ordet hadde spreidd seg. Folkedans (særleg) er noko som er «in» i tida, og dette ryktast. Kanskje prøver ein Blodklubb, og blir ein biten av basillen er vegen kort til dei særs godt besøkte danseøvingane i BUL Oslo eller Hallinglaget, for eksempel.

Ledige stillinger

På ein bensinstasjon utanfor Fredrikstad svingar bussen brått av. Der står det ein haikar, og jammen er det rapparen Per Skranglebein! Han ville gje seg med, og me fekk helsa på han, for det er nokre år sidan sist me såg han, då han var på sitt mest aktive i tida som Ole Bull-student og dreiv og gløtta ned i songskattekista i Østfold.

Bussturen har eit rikhaldig program lagt opp av Lene Furuli. Knut Boksasp Berge var hyra til å køyre quiz, der spørsmåla varierte med alt frå russebusstematikk til Ulrik i Jensestogun. Han hadde også alliert seg med Instagram-kontoen «people_dancing_to_folkemusikk» i samband med to av oppgåvene. Kven står bak denne mystiske kontoen er eit spørsmål me skal koma attende til.

Vidare vart det underhaldning med representantar frå «Spelemannslaget mange tonar og høge skuldre». Desse spelar komposisjonar av felespelar Audun Rørmark. Han er frå Bø og trakterer hardingfela særs godt, men han har også ein forkjærleik for vanleg fele og pols. Saman med Sindre Tronrud og Anna Lovise Reitan Solli spelte han den sjølvkomponerte Ullaredpolsen – denne har han laga til ære for dokurealityserien Ullared, som han kunne fortelja at han hadde sett alle 11 sesongane av. Til Audun si store skuffelse køyrde me ikkje innom det gigantiske kjøpesenteret.

Kokk Even Røbergshagen reiste på kjøtforretning, fekk tak i blod og brukte heile dagen før avreise til Blodklubb i Køben på å stelle til blodklubb å ha på vegen. (Foto: Knut Utler)

Mannen som kom halsande med ein stor sekk 10.20, Even Røbergshagen, viste seg å ha ei god unnskyldning for å koma for seint. Utdanna kokk som han er, hadde han for ei tid sidan kome i prat med Tuva. Ho hadde då nemnt på at det hadde vore moro å fått servert retten blodklubb på Blodklubb ein gong. Dette tende kokken på, og då han også fekk veta at det skulle arrangerast busstur til København, melde han seg til teneste med ein gong, reiste på kjøtforretning, fekk tak i blod, og hadde brukt heile torsdagen på å stelle til blodklubb.

På ei vegkro nede i Sverige, Restaurang Varberg Nord, som elles reklamerte med «Klassisk husmanskost när den är som bäst», var det lagt opp til ein 45 minutts kvil der kokken fyrte opp primusen. Det viste seg likevel at det vart såpass lite futt i denne at det såg vonlaust ut.

Tuva tek grep og marsjerer inn på ein svensk kafeteria for å få steikt blodklubb. (Foto: Knut Utler)

Men med ein god porsjon norsk freidigheit, troppa delegasjonen likeså godt opp på det svenske krokjøkenet med ei panne blodklubb i handa og lurte på om ein kunne få steikje blodklubben sin der.

Jodå, det var heilt greitt. Dermed vart det steikt opp nok blodklubb så alle fekk smaka. Tuva sjølv instruerte høveleg sukkermengde og serverte mjølk attåt. Den svenske krosjefen tykte nok dette var eit interessant skode, men blodklubben var ikkje eit ukjend fenomen for han, for han kom med «lingon» til å ha på, for dette var vanleg på den svenske varianten.

Tuva Syvertsen sjølv instruerte høveleg sukkermengde og serverte mjølk attåt blodklubben på den svenske vegkroa. (Foto: Kjellbjørn Karsrud)

Blodturen heldt fram nedover dei gamle norske områda i Sverige og ned til Helsingør. Ferja der tek 20 minutt over, og jammen hadde dei taxfree om bord. Den opna likevel ikkje før ein var på dansk farvatn, og dermed fekk blodturgjengarane det bråttom med å handle inn turvande proviant. Ja, nokon fekk det så travelt at dei ikkje rakk bussen i tide, og måtte dermed entre Danmark til fots.

Fram til København komne var det laust program på fredagskvelden. Nokon tok turen rett bort på Folkets festival for å høyre tingingsverket Purrpuri med blant andre Jorun Marie Kvernberg, som også var å høyre på Folkelarm sist haust.

Tingingsverket Purrpuri på Folkets festival i København. (Foto: Knut Utler)

Krinsen rundt Dreamers’ Cirkus og Ale Carr står bak festivalen, som var nyoppstarta i fjor. Dansk folkemusikk har av geografiske og historiske omstende hatt andre kår enn den norske oppgjennom, og på bussturen nedover var det ikkje mange som kunne gje uttrykk for noka form for ekspertise på feltet. Festivalverten Ale Carr fortel:

– Det danske folkemusikmiljø er kunstnerisk mangfoldigt og præget af både stærke traditionsbærere og nyskabende projekter. Samtidig er dansk folkemusik for mange stadig relativt ny og ukendt, og det betyder, at publikum ofte møder musikken med stor nysgerrighed og åbenhed. Den levende danske folkemusik har i høj grad skullet genopfinde sig selv, og den nuværende scene bygger på en udvikling, der først for alvor har taget fart de seneste årtier.

Ale Carr er ein merittert musikar og festivalvert for Folkets festival i København. (Foto: Knut Utler)

Carr fortel at dei opplever stigande interesse, særleg når folkemusikken blir presentert i nye samanhengar, og det er tydeleg ei interesse for nordisk folkemusikk når han blir formidla på ein levande og inkluderande måte.

Han opplever at det er eit levande nordisk samarbeid innanfor folkemusikk, og gjennom festivalen ynskjer dei å gje dansk publikum moglegheit til å oppleve folkemusikk frå heile Norden med høg kunstnarisk kvalitet og kreativitet. Samtidig som dei vil gje kunstnarane ei plattform i København som skal gje dei lyst til å vende tilbake til Danmark. Ikkje minst er det viktig at utøvarane kan inspirere kvarandre og møtast.

Tanken bak å invitere Tuvas Blodklubb til København var å opne opp for eit format der folkemusikken kan bevege seg fritt mellom konsert, scene og klubb, fortel Ale Carr: – Blodklubben repræsenterer en generøs og inkluderende tilgang til traditionsmusikken, hvor tærsklen for deltagelse er lav og energien høj. Det harmonerer godt med vores ønske om at vise, hvordan folkemusik både kan være dybt forankret og samtidig meget nutidig. (Foto: Knut Utler)

Det er likevel langt frå fyrste gong nordmenn held konsertar i Danmark. Myllarguten var der alt i 1862 og spelte på Tivoli. Rikard Berge skriv at Myllarguten fortalde om «gigen» sin der til ein namne, Torgeir Midbø frå Lårdal.

– Dær lét gaadt i glashuse sku’ du ha’ hørt, sa han.

– Skjøna danskane spile ditt daa? spurde Midbø.

– Ja, dæ sku’ eg tru, mumsa Myllaren. – Dom skreik da kapo alt i ett. «Norfjoringen» maatte eg spela opp-att tri gaanger, aa dom klappa i henæn’ saa eg blei reint huggu-gælen.

På same vis var spelemannen Olav Moe i Danmark på fleire turnear, to gonger i 1910, våren 1912 og seinare hausten 1927. Kontaktnettverket til Moe kom gjennom den danske folkehøgskulerørsla som i fleire år vitja folkehøgskulen til Rasmus Stauri (bestefar til dagens Rasmus Stauri) j Gudbrandsdalen. Moe fortel om turnéane sine i Livsverket mitt. Mellom anna måtte han reise inkognito i Sønderjylland før fyrste verdskrigen, som på det tidspunktet var underlagt «prøysardiktaturet», som Moe kalla det. Men også granskingar i danske avisarkiv viser ein spelemann som visste å opptre for uinnvigde danskar.

Det danske avisarkivet er fritt tilgjengeleg når det er 100 år eller eldre. I samband med bokprosjektet mitt om same mann, var eg litt forviten på turneen hans i 1927, som jo på grunn av sperrefristen på 99 år enn så lenge berre er tilgjengeleg frå Det kongelege bibliotek i København.

Eg tusla dermed bort dit laurdagsformiddag for å sjå om det let seg gjera å få tilgang når eg først hadde teke turen. Å, jaudå, etter litt diverse styr med å skaffe meg dansk lånekort fekk eg logga meg på ein av PC-ane i det store biblioteket nokre steinkast unna «Borgen».

Artikkelforfattaren fekk gjort ein del nyttig forsking i Det kongelege bibliotek i København på Blodklubbturen. Biblioteket sitt tilbygg vert kalla Den Sorte Diamant, der det står «på kanten af Københavns Havn som et fyrtårn af kultur», som biblioteket skriv på heimesida si. (Foto: Kjellbjørn Karsrud)

Her fann eg ut at Moe spelte i dansk radio allereie i 1927. Måndag 5. desember spelte Moe i København og Kalundborg Radio i ein ettermiddagskonsert der radioorkesteret stod for ei rekke klassikarar, i «prime time» med Langedragen, Sæterliv, St. Tomasklokkerne, Gjenta ved Vogga, Brudeslaat og Vaarstemning. Ein annan notis fortel at han til og med var «tilsagt til Audiens hos Kongen».

Moe hadde nyleg gjort unna ein vår som stortingsmann då han var vararepresentanten til den kjende politikaren Johan Castberg, som døydde jula i forvegen. Han var på denne tida særs aktiv for å få danskane til å erkjenne urettane som vart gjorde mot det norske folket i kolonitida, dette innebar mellom anna at dei norske arkivsakene frå mellomalderen skulle returnerast frå København, og ikkje minst at Noreg skulle få attende herredømet til Grønland. Dette er noko som absolutt vekker konnotasjonar til dagens politiske røynd, på gåturen min bort til biblioteket møter eg fleire bilar med ulande sirener og sikkerheitsgjerder som skal nyttast for at demonstrasjonar mot Donald Trump sine Grønlands-trugsmål ikkje skal eskalere.

Moe sin 1927-turné starta i Næstved på Sjelland og gjekk vidare til Jylland før han vende attende til Sjelland ein månad seinare. Moe hadde 17 år tidlegare hatt sin første konsert på dansk jord i Helsingør, som me køyrde forbi etter ferjeturen vår frå Helsingborg, med heile 700 til stades. 17 år seinare hadde Moe framleis interesse hjå danskane med konsertar der mellom 500 til 600 publikummarar dukka opp, og fekk glimrande omtale for «sin ejendommelige Musik».

Moe heldt føredrag om norsk folkemusikk der Ole Bull og Edvard Grieg si rolle naturlegvis vart framheva. Samtidig var han taktisk nok til å vise at nordmennene også hadde mykje å takke danskane for òg, ikkje minst vart Grundtvig sin betydning for den norske folkehøgskulerørsla trekt fram. Frå ein konsert i Næstved heiter det at

Olav Moes Felespil er der gaaet Ry af og ikke uden Grund. For den, der lægger Øre til, er det en Oplevelse at høre. Det er Livet i Musik, tolket af en Kunstner og paa et følsomt, levende Instrument.

Moe med sitt programmusikkrepertoar, der ein kunne høyre alt frå kyrkjeklokker, kuraut, mjølking, byssing, laling, fuglekvitter og dødsralling, vart sett på som ein eksponent for ekte og tilgjengeleg kunst, som kunne gje eit bilete av gamal tid.

Attende frå bibliotekturen hadde blodturgjengen spreidd seg for alle vindar, men ein delegasjon hadde hamna på ein av dei brunaste og mest innrøykte sportskneikene i det danske kongeriket for å sjå Manchester United og Manchester City.

Det er også tid til å sjå litt engelsk fotball på Københavnerkneipe når ein er på blodtur. Ei pakke med blodklubb ligg klar på bordet. (Foto: Kjellbjørn Karsrud)

Etterpå var me invitert med på opplading til blodklubben, då den same delegasjonen hadde leigd seg ei leilegheit på airbnb i tilknyting til ei lita kneike som tydelegvis var under oppussing. Her kom Aasen-fela til Sindre Tronrud frå 1968 fram, og ho gjekk på rundgang mellom han, Astrid Garmo, Jorun Marie Kvernberg, Audun Rørmark og meg sjølv. Jamvel Per Skranglebein gav seg med, og rappa attåt slåttar både i tretakt og 6/8-delstakt.

Sindre skulle opptre seinare på kvelden, og var absolutt i godslag. Me fekk høyre både tele- og valdresspel, men eg var trass alt ute på reportasjeoppdrag, så eg valsa etter kvart bort til Vega, eit lokale med tre scener, der det føregjekk tre konsertar parallelt. Eg rakk akkurat å få med meg første nummeret til Kalejdoskop Trio. Scenen låg ved inngangsdøra, så eg sette meg freidig nok bak den svensk-norske trioen med Gard Nergaard, Sofia Hultqvist Kott og Albin Myrin. Her fekk me høyre eit særs fint og samansett repertoar, arrangert på ein stilfull måte. Carr fortel at dei jobbar bevisst med å finne ein balanse mellom det det tradisjonsnære og det meir eksperimenterande i programmeringa.

– For os er det ikke et modsætningsforhold, men snarere to sider af samme økosystem. Det vigtigste er at vise mangfoldigheden af kunstneriske udtryk – og at gøre det fra en nutidig kontekst, så det bliver tydeligt, at musikken og traditionerne er relevante for os i dag.

Derfor kan det i seg sjølv vera eit ”statement” å plassere noko tradisjonelt og nerdete ved sida av noko som er markant progressivt og eksperimenterande.

– Det eksperimenterende tilfører ny luft og nye perspektiver, mens det traditionsnære bidrager med dybde, kontinuitet og forankring, peikar Carr på.

Gard i Kalejdoskop Trio spurde fleire gonger om publikum skjønte den sørlandske dialekten hans, med sterke innslag av «bløde konsonanter», noko salen gav uttrykk for. Mi oppleving var derimot denne helga at sjølv om eg gjorde eit prinsipielt unnatak til ære for danskane ved å knote riksmål, vart eg svara på engelsk. Nok om det.

Alehouse Sessions i København, med Bjarte Eike og Barokksolistene saman med dansekompaniet Mamelukk, her ved Silje Onstad Hålien og Silje Liahagen. (Foto: Knut Utler)

Eg hasta deretter vidare opp til ein større arena att for å få med meg The Alehouse Sessions, som eg har høyrt mange lovord om med Bjarte Eike og Silje Onstad Hålien og Silje Liahagen i dansekompaniet Mamelukk. Med utgangspunkt i stemninga på dei gamle engelske skjenkjestovene på 1600- og 1700-talet har dei saman produsert eit lite fyrverkeri av ei førestilling. Det går i drikkeviser og slåttestev, og Eike er opplagt ein stor humorist og røynd scenemann som dreg publikum med seg.

Men hovudsaka med kvelden var jo blodklubben. I ein innåtliggande arena er Eilif Hellum Noraker i gang med å instruere fleire titals kursdeltakarar i valdresspringar.

1-2-3, 1-2-3, 1-2-3. Her vart det jobba med å få inn svikten på rett plass. Carr meiner det er viktig at publikum ikkje berre er lyttande, men også deltakande:

– Denne form for deltagelse er helt særlig for folkemusik og folkedans, som i lige så høj grad er sociale udtryk som kulturelle. Kurserne, som for eksempel valdresspringar, giver publikum en kropslig indgang til musikken og traditionen – man forstår noget andet, når man selv har danset, sunget eller spillet.

Dansekurs for dansker på Blodklubb, med Frank Rolland. (Foto: Knut Utler)

Frank Rolland serverte den eine valdresspringargodbiten etter den andre på låg bass. Eg fekk friska opp nokre gamle takter og vendingar i lag sjølv, men merka at det sat langt inne. Dansegolvet var dessutan såpass trongt, at ein med kvar minste rørsle stod i fare for å skade både seg sjølv og andre.

Deretter kom dansen i gang etter ei lita pause, og ein særs opplagt Sindre køyrde i gang med valdresspringar på ei C-stemt fele.

Deretter kom tretrinnsraketten Marit Karlberg, Silje Risdal Liahagen og Martin Steinum Brun som høvesvis veksla på å hulle valdresspringar, hallingspringar og vågåspringleik. Dermed fekk dansegolvet røyne seg på tre ulike slag, men ein kan vel kanskje hevde at ein stod nokså fritt i utføringa. Kvelden vart runda av med Naaljos ljom og etterpå DJ-ane Sissyfus og Nefertiti.

DJ Nefertiti og DJ Sissyfus på Blodklubb i København. (Foto: Knut Utler)

Ale Carr, primus motor for festivalen, var nøgd med helga:

– Den såkaldte “norske invasion” oplevede vi først og fremmest som meget naturlig – og meget glædelig. For mange danske publikummer var det første gang, de oplevede norsk folkedans og norsk traditionsmusik på helt tæt hold, og det føltes stærkt at kunne give den oplevelse uden, at man behøvede at rejse til Norge.

Han sjølv syntest stemninga kunne minne om dei seine dansekveldane på Folkelarm, berre at no var dei intense dansegolva plassert i København.

– Det var nyt og uvant for mange danskere, hvilket også kunne mærkes på gulvet og i mødet mellem publikum og musikere. Som en dansk anmelder bemærkede, at “Tuva Syvertsen ser skeptisk på danskerne” – måske ikke helt uden grund – men netop i det spændingsfelt opstod der en særlig energi og et levende, nordisk fællesskab snarere end en opdeling mellem nationer.

Marit Karlberg, Silje Risdal Liahagen og Martin Steinum Brun veksla på å hulle valdresspringar, hallingspringar og vågåspringleik, som fekk dansegolvet til å røyne seg på tre ulike slag – dette var kraftig kost både for danskar og nordmenn. (Foto: Knut Utler)

Klokka 12 sharp gjekk bussen heimatt frå København sundagen. Turleiarar Furuli og Syvertsen hadde stadige oppteljingar i frykt for å gløyme att nokon. Me var 40 nedover, men 35 heimatt. Det vart naturlegvis ei rolegare stemning på heimturen.

Jørgen Skjulstad, aka DJ Sissyfus, kunne fortelja at han over tid har jobba på for å spore opp kven som står bak den anonyme profilen «people_dancing_to_folk_music» på Instagram, som med sine 8483 fylgjarar har skapt ein del oppstuss med sine kreative måtar å bleste norsk folkemusikk på.

Jørgen kunne fortelja at han har vore i dialog med dei, og mellom anna forsøkt å få dei til å stille på blodklubb med maske, men at dei har takka nei til alle førespurnadar. Han hadde no fått sett saman ei etterforskingsgruppe som no jobbar med nokre teoriar om kven det kan vera som står bak.

Turleiar Lene Furuli frå OsloFolk (i grønt) var strålande nøgd med helga. Her i dans under Tuvas Blodklubb i København med direktøren på Riksscenen, Ane Carmen Roggen. (Foto: Knut Utler)

På tur heim fekk eg ein prat med Lene Furuli, turleiaren, som var strålande nøgd med helga. Ho kunne fortelja at laget hennar, OsloFolk, som arrangerte turen, har om lag 70 medlemmar. Laget gjekk tidlegare under det velkjende og velklingande namnet «Laget for folkemusikk», og er eitt av fem oslolag som er lagt under FolkOrg.

Lene meiner det er på tide at OsloFolk kan bli eit regionlag for dei andre laga i hovudstaden. Medlemstalet speglar nemleg ikkje att aktiviteten som finst i hovudstaden totalt sett. Mange av dei som har vorte aktive i folkemusikkmiljøet i hovudstaden høyrer enten til lokallaget frå heimplassen sin, eller er ikkje medlem i FolkOrg i det heile.

Lene er nokså sikker på at auka aktivitet i regi av laget kan generere fleire medlemmar, og det var ei utbreidd haldning om at bussturen var såpass vellukka at ein vil køyre på med fleire slike seinare. Kanskje kjem «Tuvas blodtur» etter kvart til å besøke lokalkappleikar ute i distrikta?

Initiativtakarane til heile greia, Tuva Syvertsen og Lene Furuli, feiga ikkje unna dansegolvet. (Foto: Knut Utler)

Det er ingen tvil om at den aller første blodturen vart ein suksess både for artistar, publikum og arrangørar. Det var ein nøgd men sliten gjeng som kunne lessa av pikkpakket sitt ved Riksscenen i 21-tida sundagskvelden.

Det var riktig nok i større grad taxfreevarer enn sko, pepar og korn som vart rydda ut av bagasjerommet på bussen, og med den sterke danske valutaen ville nok diverse kontoutskrifter vitne om at opphaldet vart langt dyrare enn ei heil mark.

O me sko reise te Dannemark,
Kjøpe sko før ei heile mark
Trim trim o trim trim
trim pepar kødn

 

Ledige stillinger

Relaterte saker

Bjarte Eike Ale House

BBC-produsert musikkfilm med Bjarte Eike og Barokksolistene vises på NRK

The Sunday Times kalte filmen «The Alehouse Sessions» for «one of music’s most exhilarating, anarchic projects». 12. november vises den...

Tuva Syvertsen og Valkyrien Allstars under Jazznatt i 2024

NATTJAZZ: Å lage sine egne jævla losjer

Fet politisk folkemusikk full av faenskap.

Tuva Syvertsen

Inspirasjoner: Tuva Syvertsen velger Sudan Dudan

I «Inspirasjoner»-serien har vi denne gangen snakket med Tuva Syvertsen, låtskriver, sanger og frontfigur i Valkyrien Allstars. Hun var aldri...

Kjellbjørn Karsrud

Valdrisen Kjellbjørn Karsrud ny redaktør i bladet Folkemusikk

Karsrud brenn og andar for folkemusikken og folkedansen, og er ein god og erfaren skribent, melder FolkOrg.

Musikkredaktører med innspill til NOU om musikkfeltet – august

Musikkredaktører sammen om NOU-innspill: – Om musikken skal være levedyktig, må også musikkredaksjonene være det.

Redaktørene i Kontekst, Folkemusikk, Jazznytt og Ballade har undertegnet et felles innspill til Musikkutvalget, som neste år skal levere musikkfeltets...

Flere saker

Arktisk Filharmoni på Svalbard i

Angstens tidsalder

Politisk mistenksomhet fra amerikansk etterkrigstid klinger urovekkende kjent i hendene på Arktisk Filharmoni.

Operasangeren Kirsten Flagstad

Kirsten Flagstad Festival: Opera for alle

Hamar fylles av opera for hele familien i en hel uke.

Enslaved på Riksscenen i 2015 Foto: Lars Opstad

Øremerking til musikk fjernes

15 millioner som tidligere gikk til skolekonserter blir nå tilgjengelige for alle kunstuttrykk