Arve Moen Bergset i samproduksjonen mellom Oslo Kammermusikkfestival og Riksscenen, Arvesylv (Foto: Knut Utler)

Arvesylv: Ikonisk røyst i ny klang

KONSERTMELDING: Oslo Kammermusikkfestival og Riksscenen hadde eit sensasjonelt namn på programmet i haust - Arve Moen Bergset, kvedar. Det vart ein konsert for våre største kjensler, frå musikarar som veit å spele på dei.

Kritikk, kommentar og debattFolkemusikkKunstmusikk

Det var heilt rett at når Riksscenen opna haustsesongen akkurat dette året, var det med Arve Moen Bergset. Eit namn som vekker kjensler hjå ein kvar folkemusikkelskar, og eit namn det er lenge sidan ein har sett på scena – iallefall som kvedar. Bergset er nemleg til dagleg førstefiolinist i Oslo-filharmonien.

Den første tanken som slår meg i det eg har satt meg ned, på trygg avstand, er: Herlighet. Det er ei sjokkerande sterk liste med namn i eitt og same band. Nils Petter Molvær som har vore med på å skape eit uttrykk som har spreidd seg over heile verda, ein av ECM sine store profilar. Håvard Gimse, ein av verdas fremste klassiske pianistar. Veslemøy Narvesen, som er ein av dei mest ettertrakta jazztrommeslagarane om dagen og som vart tildelt USBL-talentprisen under Oslo Jazzfestival no nettopp. Frode Haltli, som har fått oss til å lytte til trekkspelet i folkemusikk, samtidsmusikk, friimpro med heilt nye øyrer. Helga Myhr, som med sitt fascinerande, lyttande spel uansett kva prosjekt ho stiller opp i, virkar til å vere den perfekte til akkurat det prosjektet. Margrete Skretting Bergset, som har blitt lagt merke til i norsk pop dei siste åra, blant anna mykje omtalt under Bylarm i fjor, og som forresten også er dottera til Moen Bergset.

For eit mangfaldig uttrykk! Forventningane er skyhøge.

Konserten opna med «Ver velkomne med æra» – tradisjonelt og trygt. Eller – i ein litt annan versjon. Geirr Tveitt sitt hus brann ned på syttitalet, og bunkevis med notar gjekk tapt. Men i eit dødsbo i Hardanger dukka det opp ein haug med skisser. Der fanst ein tidleg versjon av «Velkomne med æra» som hadde namnet – Arvesylv.

Som ein presentasjon av sjangerspennet tok Nils Petter Molvær og Veslemøy Narvesen over med ein improvisasjon. Narvesen sin vispegroove, som eg sidan vi var på Riksscenen, må kunne seie i tradisjon etter Erland Dalen, utgjorde eit perfekt bakteppe for Molværs signatur.

Sondre Bratland kunne dessverre ikkje kome, men hadde spelt inn ein video på førehand. Ideen vekselsong med Bratland i opptak og Bergset frå scena vekte umiddelbart ein nervøsitet i meg, men eg senka skuldrene fort – dette vart særs smakfullt utført. Detaljar som gjennomtenkt lyssetting og inn-/utfading via svart i videoen var sentrale for at dette fungerte naturleg. – Arve var ni år då han kom til meg og ville lære å synge religiøse folketonar, fortalde Sondre Bratland etter første song, «Und mig Gud». – Eg fekk bakoversveis av å høyre han.

I forkant av konserten måtte eg gi Arvesølv (1987) nokre gjenlytt. Arve Moen Bergset var 14 år då han spelte inn den plata, som har blitt ikonisk. Røysta hans var óg 14, men det forunderlege var at eg høyrde den same identiteten klart og tydeleg i songen hans på Riksscenen laurdag. Den lyse tenoren har ein heilt spesiell kvalitet, som lyste opp kjenslene i ein av dei vakraste melodiane som finst – «Den ville sauen». (PS: Filmmusikkomponist Carter Burwell nyttar folketonen svært smakfullt i hovudtemaet i kultfilmen Fargo frå 1996. Eg er ikkje den einaste som leita meg gal etter «kvar har eg høyrt det før!?» då eg såg den filmen!)

Håvard Gimse sine bidrag under konserten var kanskje det som begeistra meg aller mest. Kanskje var det fordi at han på sett og vis var den som var mest «framand rase» på scena. Jazzmusikarar og folkemusikarar er omtrent same gjengen i dag. Men klassiske meisterar som Gimse er kanskje litt på sida. Men Gimse skal etter seiande vere den som har pusha lenge på å få Arve Moen Bergset til å synge på scena igjen.

Pianist og kunstnerisk leder for Oslo Kammermusikkfestival, Håvard Gimse, under Arvesylv på Riksscenen (Foto: Knut Utler)

Kvar gong eg høyrer desse klassiske pianistane som er heilt i verdstoppen blir eg sitjande og måpe. Gimse spelar på flygelet som det det er – eit strengeinstrument. Det er som fingrane hans er i direkte kontakt med strengane. Han får fram nyansar i kvar klang, det ligg djup meining i kvar tone. Å høyre Gimse spele «Gjendines bådnlåt» og å høyre kven som helst andre spele den er å høyre to komplett forskjellige songar. Han lener seg så langt han kan tilbake frå flygelet etter siste tone. Som om han vil late instrumentet kvile i fred til neste gong.

Frode Haltli og Helga Myhr sitt spel under middelalderballaden «Målfrid mi fruve» utgjorde eit orkester. Frå dei snik inn første tone til dei forlet klangbadet, har dei ei intenst lyttande kontakt med røysta til Moen Bergset. Haltli og Myhr har forresten òg eit parti under konserten der dei leitar fram sine mest skeive, krokete tonar og berusa publikum gjennom salmespel.

Margrete Skretting Bergset sine sjølvskrivne songar kledde godt uttrykket frå ensemblet. Eg kunne godt tenkje meg å høyre kva plate det kunne kome ut i frå det.

Lydbiletet frå denne topprekkja med musikarar var ein draum å høyre på, skriv anmeldar Torkjell Hovland om Arvesylv (Foto: Knut Utler)

Konserten varte i ein time og 40 minutt, som ikkje kjendest for lenge i det heile tatt. Men om eg skulle ønske meg noko, var det at dei spelte meir i lag alle saman. Det er sikkert mange grunnar til at det var lettast å dele opp i grupper denne gongen. Og for all del, slik oppdeling gir også ein fin dynamikk til konserten. Men eg håper det er mogleg å utvikle dette ensemblet vidare, skrive nye arrangement og gjere ein meir heilskapleg konsert, kanskje til og med ei plate. Lydbiletet frå denne topprekkja med musikarar var nemlig ein draum å høyre på!

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Flere saker
Ny leder ved Dokkhuset Scene i Trondheim

Ny leder ved Dokkhuset Scene i Trondheim

Kulturarbeider, musiker og musikkviter Håkon Hammer starter i jobben 1. august.

Nordisk visefestival vil løfte visa fram i lyset på tvers av grenser

Nordisk visefestival vil løfte visa fram i lyset på tvers av grenser

Gjennom fire dager samles hele Norden i Lillestrøm for å feire visemusikken – med allsangmorgener og nordiske nattkonserter på programmet.

Ujevn og uklar "Terminus"

Ujevn og uklar "Terminus"

Tekst og musikk trekker i hver sin retning, kryssende agendaer gjør resultatet dels for anmassende, dels for sprikende, midt i den gode viljen, skriver kritiker Erling E. Guldbrandsen om kammeroperaen "Terminus".

Om søyler, sari og svevende skip

Om søyler, sari og svevende skip

Ballade klassisk tar for seg fire nye kunstmusikkplater, og kritikeren gleder seg over det han får oppleve.

Hvor brenner det, Erica Leypoldt og Lars Tefre Baade?

Hvor brenner det, Erica Leypoldt og Lars Tefre Baade?

Vi må snakke om PROMO. Fungerer utstillingsvinduene i dag, og hvordan promoterer artister seg best i 2025? Hvem vil pressen egentlig snakke med? Her er spalten for deg som vil høre mer om de store spørsmålene i musikkbransjen.

Se alle saker
Konserttips Oslo

Serier
Video
Radio