Hopp til innhald
Hardingfele

55 artistpåmeldingar til Folkelarm

Då påmeldingsfristen til Folkelarm gjekk ut 15. mai kunne arrangøren notere ny påmeldingsrekord. Nær 55 artistar og grupper ønskjer å vera med på Folkelarm i 2006.

— Juryen får ein tøff jobb, for berre omlag det halve av desse får plass. Truleg er det lysten til å spela i utlandet som lokkar mange til å melde seg på, sier prosjektleiar Frode Rolandsgard.

Landslaget for spelemenn meiner det er viktig å presentere heile breidda i den norske folkemusikken. Dette speglar også påmeldingane, der spennet går frå tradisjonelle solistar til dans og nyskapande samspel. Mellom påmeldingane finn ein også fleire spanande barneframsyningar, samt nokre artistar frå Finland, Sverige og Danmark.

— Fleritalet av dei som melder seg på er artistar som ønskjer å leva som profesjonelle folkemusikarar. Dette viser at desse artistane tek utfordringa med å etablere og marknadsføre seg på alvor. Landslaget for spelemenn ser det som ei sentral oppgåve å hjelpe desse profesjonelle utøvarane med å skaffe speleoppdrag. På Folkelarm i 2006 kjem det som kjend mange utanlandske festivalar, og vi vonar resultatet av Folkelarm er at desse kjem til å ta med seg mange norske artistar attende til ulike europeiske scener, fortel Rolandsgard:

— Folkemusikken er framleis inne i ein fase der ein manglar nokre av strukturane som meir etablerte sjangrar har, slik som managarar, salskanalar, bransjetreff o.l. Folkelarm skal vera ein arena for artistar og bransje til å møtast, slik at ein etterkvart kan få slike strukturar.

Mellom samarbeidspartnarane til Folkelarm 2006 finn du mellom anna: Førdefestivalen, Oslo World Music Festival, Music Export Norway, RFOD (Sverige), FS ( Danmark), samt Norsk kulturråd.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Landslaget for Spelemenn – åpningsbilde

Utanlandske innkjøparar til Folkelarm

Folkelarm vart starta av Landslaget for spelemenn i 2005 for å bøte på problemet med å få presentert norske folkemusikkartistar...

Gunnhild Sundli 2005 (Foto:www.folkelarm.no)

650 000 kroner til tre folkemusikkprosjekter

Tre sentrale folkemusikkprosjekter får nå saftige tilskudd fra Kulturrådet: Bransjetreffet Folkelarm får 150 000 kroner og plateselskapet Ta:lik får 400...

Majorstuen spelemannslag (Anne Lise Flavik / Fotofabriken)

– To hoder tenker bedre enn ett, også i folkemusikk-miljøet

«Er organiseringa innafor norsk folkemusikk eit hinder i høve til å stable på beina ein slagkraftig strategi som rettar seg...

Hardingfele stående

– Satsing på utlandet må vera samstemt!

Skal norsk folkemusikk ut i verda, må ein først rydde opp på heimebane, mener redaktøren i Spelemannsbladet, Kjell Bitustøyl. I...

Hardingfele stående

LFS: – Viktig auke til folkemusikkfestivalane

Landslaget for Spelemenn er svært fornøyde med at også folkemusikken får økt støtten fra kulturrådets festivalstøtteordning. – Vi merker oss...

Naheddi 1 (foto: Tønnes H. Gundersen)

Dette er også norsk folkemusikk

Her er årets mest spesielle norske folkemusikkplate. «Naheddi» av Adama Barry fra Burkina Faso, Hassan Mahdi fra Basra i Irak...

Flere saker

Lumsk

Lumsk gir ut nytt album med André Bjerkes gjendiktninger fra verdenslyrikken

Det progressive folkmetalbandet Lumsk slipper «Fremmede Toner» i mai, hele 16 år etter forrige utgivelse.

Tons of Rock har fått «full pott» på sin koronakompensasjonssøknad

Koronakrisen: Forbudet forlenges til 1. september

Avklaringen er en lettelse for musikklivet. Men en fornyet kompensasjonsordning må utbedres, utvides og forlenges, sier organisasjoner i bransjen.

Stillbilde fra videoen Shelter Manuela Hofer

KI og musikk: Når verktøyvalg forveksles med kunstnerisk verdi

INNLEGG: – Det er verdt å stoppe opp ved hva denne motstanden mot KI som del av legitim skapende praksis...