Hopp til innhald

Utanlandske innkjøparar til Folkelarm

Folkelarm vart starta av Landslaget for spelemenn i 2005 for å bøte på problemet med å få presentert norske folkemusikkartistar for konsertarrangørar og festivalar. No meldar arrangørane at eit samarbeid mellom Landslaget for spelemenn, Førdefestivalen og Oslo World Music Festival skaffar mange potensielle innkjøparar til folkemusikk-arrangement.

Folkelarm blir arrangert på Fabrikken i Oslo helga 29. – 30. september 2006.

Her blir det ca. 30 showcasekonsertar med norske og nordiske folkemusikkartistar, seminar og bransjetreff, møte for Nordisk folkemusikkomité og utdeling av Norwegian Folk Music Award – Folkelarmprisane.

Folkelarm vart starta av Landslaget for spelemenn i 2005, mellom anna for å vere ein presentasjonsarena for folkemusikkartsiari øve til bransjen – noko ein har mangla innanfor folkemusikksektoren etter at det nordiske bransjetreffet Norrsken vart lagt ned for nokre år sidan.

— Folkelarm 2005 vart ein innanlandsk suksess, men drog få utanlandske representantar, seier Frode Rolandsgard i i LfS ogFolkelarm. – I 2006 har vi funne ei løysing på dett.

Etter initativ frå knutepunktfestivalen Førde Internasjonale Folkemusikkfestival og i samarbeid med Oslo World Music Festival (Rikskonsertane) har Folkelarm-arrangørane fått lagt årsmøtet i European Forum for Worldwide Music Festivals (EFWMF) til Oslo og Folkelarm.

— Dette gjer at om lag 20 europeiske festivalar innan genrane folk, world, og roots music vil få eit eineståande møte med norsk folkemusikk, seier Rolandsgard. – Å få EFWMF til Folkelarm kan sjåast som ei viktig investering i framtidige oppdrag for norske folkemusikarar. Dette er såleis ei langsiktig satsing som på sikt kan gje mange spelejobbar i Europa.

EFWMF (www.efwmf.org) er ein nettverksorganisasjon for over 40 viktige festivalar innanfor folk/trad/verdensmusikk i Europa. Nettverket driv felles informasjon og marknadsføring og fagleg erfarings- og kompetanseutveksling. Nettverket gir ut eit internasjonalt tidsskrift eit par gonger i året, har felles stand på den store årlege verdensmusikkmessa WOMEX og ei heimeside med kontaktinformasjon til alle medlemsfestivalane.

Norske medlemer i nettverket er Førde Internasjonale Folkemusikkfestival og Oslo World Music Festival.

Folkelarm meldar at dei også vil invitere utanlandske journalistar til Oslo, for å setje ytterlegare fokus på tradisjonsmusikken.

— Også svenske og danske interesseorganisasjonar for folkemusikk er kontakta og invitert til å sende artistar til Folkelarm. Dette vil gjera at ein får ein brei og interessant presentasjon av heile det nordiske folkemusikkuttrykket, meiner Rolandsgad

Ledige stillinger

Samarbeidspartnarar for Landslaget for Spelemenn er Førde internasjonale folkemusikkfestival, Oslo World Music Festival, Norsk kulturråd og Music Export Norway.

Meir info kan du lese på www.folkelarm.no.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Åshild Vetrhus 2 (Foto: Yina Chan)

Åshild Vetrhus: – To organisasjonar får til meir enn ein

Åshild Vetrhus, ny styreleder i Norsk Folkemusikk- og Danselag, er klar til å ta fatt på styreledervervet. – Eg ønskjer...

Majorstuen spelemannslag (Anne Lise Flavik / Fotofabriken)

– To hoder tenker bedre enn ett, også i folkemusikk-miljøet

«Er organiseringa innafor norsk folkemusikk eit hinder i høve til å stable på beina ein slagkraftig strategi som rettar seg...

Hardingfele stående

– Satsing på utlandet må vera samstemt!

Skal norsk folkemusikk ut i verda, må ein først rydde opp på heimebane, mener redaktøren i Spelemannsbladet, Kjell Bitustøyl. I...

Hardingfele stående

LFS: – Viktig auke til folkemusikkfestivalane

Landslaget for Spelemenn er svært fornøyde med at også folkemusikken får økt støtten fra kulturrådets festivalstøtteordning. – Vi merker oss...

Naheddi 1 (foto: Tønnes H. Gundersen)

Dette er også norsk folkemusikk

Her er årets mest spesielle norske folkemusikkplate. «Naheddi» av Adama Barry fra Burkina Faso, Hassan Mahdi fra Basra i Irak...

Nordafjells

Stor suksess for Folkelarm

– Det første Folkelarm ble ein ubetinga suksess, seier dagleg leiar i Landslaget for spelemenn, Magnar Sundt. – Eit stort...

Flere saker

Essay forfatter Nina Nielsen, foto: privat.

Black Metal: Musikk for hatere?

Selv om black metal nå har blitt stuerent har ikke musikken mistet sin politiske potens. Men den handler mer om...

Sverre Kjelsberg og Mattis Hætta (t.h.) i 1980.

Stemmen bak verdens mest kjente joik er død

Sanger, skuespiller og joiker Mattis Hætta døde av sykdom.

Svømmehallen i Bodø, tegnet av arkitektene BergerudUstad+

– Framtidas kulturlokaler er allerede bygget!

– En oppvåkning i interessen for å omforme bygninger til ny bruk. Norske kommuner i økonomisk skvis blir bedt om...