Hopp til innhald
MajorStudio

Einstemde svar

– Før Spotify starta opp, hadde vi tre gongar så stor omsetnad frå sal på nettet. Vi har tapt mykje på Spotify si kampanje mot piratkopiering. Vi vil ut no, seier Jan Paulsen frå Major Studio.

Heller ikkje selskapa Rune Grammofon eller Grappa har endra syn på Spotify etter at streaming-tenesta sin Europa-sjef har latt seg intervjue i fleire norske media denne veka, mellom anna i Ballade.

LES: Spotify til Ballade og

Tidlegare denne veka uttalte Spotify til Ballade at dei verken vil kutte ned repertoaret på gratisvarianten, eller gi artistar valmoglegheit til å utelukkande legge musikken sin på Spotify Premium. Dette tærar på tolmodet til fleire av dei små, norske plateselskapa. Erik Amundsen frå Grappa seier at utbyttet frå Spotify er forsvinnande lite, og at dei ikkje har noko ynskje om å fornye avtala med streaming-tenesta.

— Det økonomiske utbyttet vi får frå Spotify er heilt marginalt, og det står ikkje i samsvar med tal på låtar som vert streama. Korleis skal ein rettferdiggjere å legge ut musikken sin på Spotify slik det ser ut no? Då seier ein jo at produktet er gratis!

Vil satse på kvalitet

Rune Kristoffersen frå Rune Grammofon har også sett seg lei på vilkåra frå Spotify, og seier det er store sjansar for at han trekk seg ut frå Spotify ved slutten av året. Han har heller ikkje noko tru på at Spotify kan verte lønnsamt for mindre selskap etter kvart.

— Nei, eigentleg ikkje. Men vi er uansett eit nisjeselskap som er meir opptekne av format som LP og CD, som kan betre lytteopplevinga for den kritiske lyttaren. Streaminga kan ikkje tilfredsstille dei lyttargruppene som krev større lydkvalitet.

Skryt til Wimp

Også Jan Paulsen frå Major Studio vil trekke seg frå Spotify ved utgangen av året, og har allereie byrja prosessen. Han har ikkje tolmod til å vente å sjå om tenesta veks seg lønnsam.

— Før Spotify starta opp, hadde vi tre gongar så stor omsetnad frå sal på nettet. Dette betyr at vi har tapt mykje på Spotify si kampanje mot piratkopiering, men vi vil ikkje finne oss i det lengre. Vi vil ut no. Wimp har derimot ei løysing som fungerar, og som er mykje meir fordelaktig.

Ledige stillinger

Ledige stillinger

Relaterte saker

Jonathan Forster er Europa sjef i Spotify

"Gammel" Spotify-protest

Spotify til Ballade: Å trekke musikk fra Spotify et gammeldags tiltak. Musikkbransjen må jobbe for å generere flere og nye...

Går etter radio-annonsene

Spotify til Ballade 2: I stedet for å droppe den omstridte annonse-varianten satser Spotify hardt på å ta store markedsandeler...

Gisle Martens Meyer

– Moroa har såvidt startet

Utbetalingene fra Spotify til Martens Meyer Musikk passerte iTunes i andre kvartal i år. Gisle Martens Meyer er er mer...

Musikk i skyene

Google sikter mot iTunes-variant + en sky

Verdens ledende internettselskap vil ha platebransjens godkjenning av en musikkbutikk som kobles direkte til kundens personlige nett-jukebox, i følge Billboard.biz.

Flere saker

Publikum på Riddu Riđđu i juli 2023.

To samiske festivaler sammen mot kulturell appropriasjon

Med oppfordringer til egne gjester vil Márkomeannu og Riddu Riđđu motarbeide appropriasjon av urfolks kulturer.

Utsnitt av forsiden på rapporten Kjent og kjært eller rart og sært?

DKS er et positivt tilskudd, men har utfordringer på innhold og relevans.

Det viser brukerundersøkelse utført av Telemarksforskning for Den kulturelle skolesekken i Buskerud.

Musikklivet: Samla eller best hver for seg? Her politikerdebatt på Arendalsuka

Bør musikk-Norge samles under én paraply?

Lær av idretten, samle dere! Kulturpolitikerne vil at musikk-Norge skal snakke med én stemme – og igjen få flere millioner...