Hopp til innhald
Karl Seglem back sax (Foto: Oddleiv Apneseth)

Større mangfald i alle kanalar

DEBATT: – Hr. Moslet markerar sine standpunkt og sitt positive syn på styrken – og svakheitane – i norsk musikk, slik han ser det. Om han oppfatta mitt (og Karlsen, Kristoffersen sine) innlegg som illeluktande sjølvgode torer eg ikkje setja ord på korleis eg opplever hans. Karl Seglem, som driver selskapet NORCD, følger opp P3s Håkon Moslet som tidligere denne uken konkluderte med at den generelle, ukritiske lovprisningen av norsk musikk med fordel kan tones ned.

Av Karl Seglem, NORCD

Moslet unngår elegant å argumentera for eller mot, større mangfald i sin eigen radiokanal. Han har det såre godt, er særs nøgd med seg sjølv og sitt oversyn. Med andre ord: Ikkje noko nytt frå den kanten.

Det er flott å registrera – eller få stadfesta at det er fleire i bransjen som ser at presentasjonen av norsk musikk i media framstår ein smule underleg. Og Larry Bringsjord i FONO viderefører debatten ved å stilla svært gode spørsmål til radiokanalane generelt.

Det er på høg tid at den debatten blir reist. Den må reisast på ny og på ny. Vi kan ikkje godta at formateringshelvetet er og blir det einaste fullverdige og aksepterte alternativ til presentasjon av norsk musikk på radio. Då har vi tapt.

NORCD har for lengst innfunne seg med si rolle som ein liten og idealistisk aktør i platebransjen. Det er vi nøgde med. Det betyr ikkje at vi ser på oss sjølve som mindre viktige eller ubetydelege i utviklingen av norsk musikk. Det betyr heller ikkje at vi ikkje er avhengige av at radiokanalar spelar musikken vår eller at journalistar skriv om musikken.

Mitt innlegg er ein klagesang ja, men det er ingen svartmaling. Det er konstatering av fakta. At den såkalla uavhengige platebransjen får overmykje merksemd i norske mediar er pølsevev. Men NORCD kan og vil klara seg – som eit uavhengig motstraums plateselskap, og dette på trass av at vi aldri tenkjer på at det vi gjev ut på død og liv skal apellere til folk.

Kvifor er Moslet (med fleire) så livredde for ikkje å appellera til folk i sine spelelisteval?

Kvifor er den einaste måle-eininga han (med fleire) tilsynelatande er i stand til å vurdera musikk etter er salg, salg salg?

For undertegna er det ikkje slik at dess meir det finst av ein ting, dess større verdi har den, eller dess «viktigare er den». Det er eg stolt over å ha som ei rettesnor i mitt arbeid med musikk. NORCD sitt slagord er framleis «Plateselskapet som bryr seg meir om musikk enn om salgstal». Sidan 1991.

Og ja, eg spør meg sjølv ofte om kor mange «interesserte» lyttarar våre utgjevingar har, og er ikkje i tvil om at det er langt fleire enn dei 290 Moslet påstår kjøper produkta – når det gjeld dei fleste av utgjevingane. Eple trio sitt debutalbum «Made this» trykt i 1000 ex. er forøvrig utsolgt.

Ledige stillinger

Moslet bør heisa si fane for den hyperkommersielle A4 (også kalt P3 musikk), og fortelja seg sjølv og alle oss andre at det er kun det han vil gje det såkalla «folket». Det er ei ærleg sak. Men det er han for feig til å innrømma. Eller?

Det er forøvrig ingen i denne debatten så langt som har kalla folk for idiotar, og takk for det. Eg uttalte til Bergens Tidende (10.12.) at journalistane som hadde kalla plateåret 2007 for elendig, var kunnskapslause. Og for å utdjupa det meinar eg at dei ikkje evnar å sjå ut over sin eigen vesle dam, sine eigne interesser, sine favorittar eller sin formateringstrang. Ein kjent sjukdom i norsk musikkliv og med aukande utbreiing i statskanalane. Og den luktar Moslet.

Det som er trist, er at Moslet sit i ein så stor maktposisjon som han gjer utan å forstå det sjølv. At han har makt.

Eg undrast: Spør Håkon Moslet (med fleire) seg sjølv, nokon gong, om også hans lyttarar verkeleg vil ha «50 Souls And A Discobowl» for 428 gang?

Ledige stillinger

Relaterte saker

Larry Bringsjord 1 2006 (Foto: FONO)

Trangere nåløye og smalere medievirkelighet

INTERVJU: Musikksjef Håkon Moslet i NRK P3 og Asbjørn Slettemark fra FaroJournalen kritiserer både de store og de små plateselskapenes...

Rune Kristoffersen 07 back

Plateåret 2007 – Å tøye strikken

DEBATT: – Det som gjennomsyrer Moslet sitt utgangspunkt er at det som selger mye og treffer folkedypet er bra og...

Marit Karlsen

Plateåret 2007: Krokodilletårer

DEBATT: – Også i bokbransjen går diskusjonen varmt. Der snakker de om krokodilletårer fra norsk media fordi avisene har fått...

Håkon Moslet back

Plateåret 2007: – Selvgodhet som lukter vondt

DEBATT: – Det er harde kår for cd-salg, enten man befinner seg i småselskaper eller blant de multinasjonale. Men klagesangen...

Rune Kristoffersen 07 back

Plateåret 2007: – Vi er prisgitt dagspressen

DEBATTINNLEGG: – Når Håkon Moslet uttaler at norske småselskaper i 2007 har vært «så krafløse at de knapt nok gjør...

Karl Seglem stor07(Foto: Oddleiv Apneseth)

Norge manglar ikkje musikk med høg kvalitet – men opne, dyktige, uavhengige journalistar og redaktørar.

KOMMENTAR: – Det er frigjerande å lesa Marit Karlsen sin kommentar til såkalte musikkjournalistar som meinar at plateåret 07 var...

Flere saker

Maja Ratjke var blant artistene som opptrådte på Fjøsfestivalen i 2014 Foto: Dan Petter Neegaard

Slutt for Fjøsfestivalen

Etter 13 år og ni festivaler takker festivalen på Melhus i Sør – Trøndelag for seg.

Noiserappar MC Yallah frå Uganda byr på skitten, industriell fetisjisme saman med den franske produsenten Debmaster

Borealis 2020: Vil innvie publikum i kunsten

Inkluderande festival inntek dei store kunstinstitusjonane.

Bilde fra videoen til Ingrid Jasmin

Ballade video: Rykter, dårlige dager og pusekatter

Ti nye videoer – og tre premierer – med Ingrid Jasmin, Marte Eberson, Louien, Maggie, Mary & The Moon, Sigrid...