Hopp til innhald
Schous kvartalet, innvendig

– Kulturkvartalet Schous må få ei avklaring i haust

– Her er det ingen signal om at staten tar ansvar for etableringa av Riksscene for folkemusikk og folkedans, seier Maria Høgetveit Berg, leiar for utvalet som nå arbeider med etablering av Riksscena. – Alternativet som no er under planlegging i Kulturkvartalet Schous i Oslo må ha ei avklaring i haust om arbeidet skal koma vidare. Når me ser at det er pengar til andre sjangrar i stort mon, er dette ein prioritering det er vanskeleg å forstå, heiter det i ei kommentar til framlegget til kulturbudsjett for 2006.

— Det er særs skuffande og overraskande at det ikkje kjem nokon signal om korleis staten har tenkt å medverke til etablering og drift av ein ny Riksscene for folkemusikk og folkedans, seier Maria Høgetveit Berg, som er leiar for utvalet som nå arbeider med etablering av Riksscena.

Riksscena skal ikkje innebere bygging av nok eit prangande kulturhus, men etablering av ”ein viktig og nødvendig institusjon for eit veksande profesjonelt miljø av utøvande kunstnarar innan folkemusikk og folkedans i heile landet, som også omfattar folkemusikk og dans med tilknyting til innvandrarmiljøa i Norge”.

Etableringa inkluderer også oppbygging av eit tidmessig og sjangertilpassa produksjonsmiljø som skal gje moglegheiter for kunstnarleg utvikling, styrking av arbeidsmarknaden for kunstnarar frå heile landet, kompetansebygging innan produksjon, scene og formidling for heile sektoren, samtidig som det vil gje fleire og betre opplevingar basert på tradisjonell folkemusikk og folkedans til publikum.

— Etter at Kulturdepartementet sjølv i Kulturmeldinga slo fast sitt spesielle ansvar for sjangeren, og etter at ein samrøystes Kulturkomité på Stortinget gav si støtte til ”initiativet for å få i gang en nasjonal scene for folkemusikk og folkedans” i Kulturmeldingsperioden er dette uforståeleg, seier Maria Høgetveit Berg.

Oslo kommune gjekk nyleg inn for ei ”etablering av et kulturkvartal i tidligere Schous bryggerier på Grünerløkka, med Opplevelsessenter for pop og rock, øvingslokaler for musikk i Vørterhuset, nasjonal Folkemusikkscene samt lokaler for Bårdar danseinstitutt og Oslo musikk- og kulturskole.”

— Alternativet som no er under planlegging i Kulturkvartalet Schous i Oslo må ha ei avklaring i haust om arbeidet skal koma vidare. Husleiga vil ikkje kome før i 2007 eller 2008! Når me ser at det er pengar til andre sjangrar i stort mon, er dette ein prioritering det er vanskeleg å forstå, seier Høgetveit Berg i sin kommentar til framlegget til kulturbudsjett for 2006 frå Valgjerd Svarstad Haugland.

Utvalet for Riksscena for folkemusikk og folkedans består av Maria Høgetveit Berg (leiar, kultursjef i Ål kommune, styremedlem i NFD), Asgaut Bakken (prosjektleiar for Den norske Folkemusikkscena), Stein Olav Henrichsen (kunstnarleg leiar Bit 20 og Opera Vest/ styreleiar i ULTIMA), Benjamin Kehlet (utøvar i Folkedansteatret i Oslo), Unni Løvlid (utøvar/ leiar i Laget for folkemusikk i Oslo og medlem i Rådet for folkemusikk og folkedans) og Martin Revheim (gründer for BLÅ og festivalsjef for Kongsberg Jazzfestival).

Ledige stillinger

Relaterte saker

Magnar Sundt, LfS (Foto: Kjell Bitustøyl)

– Eit defensivt farvel frå den avtroppande kulturministeren

– Akkurat som forventa er dette eit defensivt farvel frå den avtroppande kulturministeren, mener dagleg leder i landslaget for Spelemenn,...

Valgerd Svarstad Haugland 2004 (Foto: Berg, KKD)

«Oslo», sier Valgerd – men hvem bryr seg?

”Rockmuseet bør legges til Schaus-kvartalet i Oslo”, sier kulturminister Svarstad Haugland – tre dager før hun forlater den synkende regjerings-skuta....

Schous kvartalet

Oslo musikkråd støtter Schous-utbyggingen

I et åpent brev til byrådsleder Erling Lae, signaliserer Oslo Musikkråd sin støtte til kultur-utbyggingen av Schaus-kvartalet: – Oslo Musikkråd...

Schous senteret, fasaden

Kommunen finansierer 40% av popsenter på Grünerløkka

Oslo kommune lover å finansiere 40% av driften – hvis det nasjonale museet og opplevelsessenteret for pop og rock legges...

Samstemt 2006: Illustrasjonsbilde

Samstemt 2006: – Vi gjør det dere ba oss om – vil dere gjøre det vi ber dere om?

Det er spørsmålet FONO, Landslaget for Spelemenn, NorgesNettet, Norsk jazzforum, Norsk Folkemusikk- og Danselag og Norsk Rockforbund stiller i sitt...

Korforbundets sommerskole

Fra skuffelser til forventninger hos frivillig musikkliv

Mens statsbudsjettet for 2006 foreslår ytterligere reduksjon av viktige støtteordninger for det frivillige musikklivet, lover regjeringserklæringen fra Stoltenberg II bedre...

Flere saker

KUPP mottar 500.000 kr. fra Sparebankstiftelsen DNB her ved Linn Catrine Lunder, Music Norway direktør Kathrine Synnes Finnskog, prosjektleder i Music Norway Einar Idsøe Eidsvåg og Jørgen Karlstrøm, styreleder Norsk Komponistforening. Foto: Marit Fagnastøl

KUPP for komponister

Nytt talentprogram for komponister ble lansert på 100-årsdagen til Norsk Komponistforening.

Norske Gutter anno 2022.

Norske gutter tilbake med musikk for outsiderne

Fire tiår etter skandalegjennombruddet er Norske Gutter tilbake.

Pstereo 2017 Foto: Dag Nystuen / Pstereo

Hvor mange festivaler er det plass til?

Bare i Trøndelag kommer det hele fire nye musikkfestivaler denne sommeren. Er markedet umettelig, eller nærmer det seg toppen?