Hopp til innhald

Frå teori til praksis — eller omvendt?

– Me snakkar framleis om forskingsfri og undervisningsplikt, sa senterleiar Ingrid Maria Hanken ved opninga av Senter for fremragende utdanning ved NMH.

Vert det tilbydd for like utdanningar for mange stader? Kor låge studenttal kan ein ha og samstundes snakka om studiekvalitet og kostnadseffektivitet? Kva strukturelle grep bør universiteta ta for å styrka sin internasjonale posisjon og lukkast i den internasjonale konkurransen om forskingsmidlar?

13. mai la Kunnskapsdepartementet fram desse og fleire spørsmål til dei norske utdanningsinstitusjonane. Spørsmåla skal svarast på til hausten, men svar kan òg skje gjennom praksis, hevda rektor ved Noregs musikkhøgskole, Peter Tornqvist, då NMH sitt Senter for fremragende utdanning opna dagen etter.

Som ein av tre sentersatsingar frå NOKUT skal dei med 3 millionar kronar årleg vidareutvikla og fornya musikkutdanninga. Tidsramma er fem år, og utgangspunktet er endringane i arbeidsmarknaden både kva gjeld konkurranse, etterspørsel og studentane sine interesser.

— Me snakkar framleis om forskingsfri og undervisningsplikt. Det seier noko om mandatet til senteret, å auka medvitet om den plassen undervisninga faktisk har i utdanningsinstitusjonen, sa senterleiar Ingrid Maria Hanken i si opningstale.

Ho understreka at senteret ikkje er eit reint forskingsprosjekt, men eitt prosjekt som tek forsking og erfaringar i bruk for å skapa ny praksis.

Deler kunnskap
Etter opningsarrangementet å dømma skal det òg handla om kunnskapsdeling, og gjennom dagen var fleire av landets utøvarutdanningsinstitusjonar til stades med døme på kva dei sjølve ser som innovative prosjekt.

Eldbjørg Raknes frå NTNU fortalte om sitt arbeid med entreprenørskap for musikarar, ei som er .

Eline Moe Megalvis frå Barratt Due fortalte om entreprenørmodulen deira, som handlar om at elevane arrangerer Fagerborg kammermusikkfestival. Ei erfaring herifrå er at studentfråværet i støttefaga går ned i takt med ansvarsmengda som er lagt på studentane. Studentane har derfor fullt økonomisk og juridisk ansvar, og skal sjølve følgja opp den faglege utviklinga og melda frå kva emne dei kan for lite om.

Jan Bjøranger ved institutt for musikk og dans i Stavanger viste at ensemblefaget og det å spela med studentane kan vera essensielt for å visa verdiar i praksis. I dette tilfellet har tankegangen resultert i ensemblet EnB1. Gro Sandvig og Hilde Haraldsen Sveen gav innblikk i korleis skodespelpedagog Bud Beyers med element frå teaterteori har hjelpt studentane til å bli betre formidlarar på ei scene.

Enkelt — og vanskeleg
Felles for alle presentasjonane var at nokså grunnleggjande og enkle element ligg som utgangspunkt. Med elevane sine startar Raknes i spørsmåla «Kven er eg, og kvar vil eg?». Bud Beyer rokkar ved grunnleggjande praksis som at større ensemble stort sett ikkje spelar utantil, og ved at det gjeld andre reglar for ein musikar og ein skodespelar på ei scene. Bjøranger minner om den grunnleggjande motivasjonen for ein musikar, som ligg i spelegleda, og som er lett å gløyma på eit øverom.

Ledige stillinger

På same måten minna Erling Aksdal frå NTNU om at barnet sin måte å læra språk på, ikkje skjer ved å pugga grammatikk, men ved å herma og imitera andre. Det han ser som den sentrale metoden for å bli god innan sanntidsmusikk/improvisasjon er nettopp dette; å imitera gjennom lytting.

Til skilnad frå dei fleste bidragsytarane gav han denne dagen ei oppmoding til senteret, om at denne tankegangen som er lite forska på og praktisert får ein større plass i utdanningsaugemed.

Om dagen er representativ for korleis det nye senteret kjem til å jobba, gjenstår å sjå. Sju spesifiserte område er uansett peika ut som arbeidsområde:

A) Hovudinstrument
1) Utforska korleis ein kombinasjon av den individuelle undervisninga og ulike former for gruppeundervisning påverkar studentane si utvikling som utøvarar og evne til å fungera i ulike læringskontekstar

2) Involvera studentar og lærarar i observasjon av og refleksjon om ulike former for meisterklasseundervisning og korleis dette innverkar på studentane si utviking som utøvarar.

B) Øving
3) Involvera lærarar i utviklingsarbeid og workshop som ulike spekter ved undervisning i øving, samt å obeservera og reflektera om forholdet mellom øving som tema i hovudinstrumentundervisninga og i studentane si eigenøving

4) Involvera lærarar og studentar innan ulike sjangrar i workshops for å utforska overføring av øvestrategiar mellom sjangrar

5) Utvikla eit workshopkonsept om øving for studentar der NMH vil samarbeida med andre institusjonar innanfor utøvande kunstfag, psykologi og idrett for å etablera ein innovativ arena for vidareutvikling av kunstnarleg praksis i Noreg

C) Førebuing til arbeidslivet:
6) Styrka og utvida NMH sitt nettverk for praksishøve i det profesjonelle arbeidslivet gjennom samarbeid med orkester, operaer, konsertarrangørar, festivalar og andre utdanningsinstitusjonar for å gje studentane realistiske arbeidserfaringar innanfor relevante yrkesområde.

7) Utvikla studiemodular som gjev studentane ein kunnskapsbase for ein frilanskarriere der dei er sine eigne managere, samt hjelpa studentane til å utvikla nettverk og stimulera til innovative idear og prosjekt for å kunna møta nye publikumsgrupper på nye arenaer.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Eldbjørg Raknes

Utforsker entreprenørtilværelsen

Hvordan kan man forberede studenter på musikerlivet i en tid der alt er i konstant forandring?

Flere saker

Fra kulturdebatten fredag 9. oktober. Fra venstre: Himanshu Gulati fra Frp, Kristin Ørmen Johnsen fra Høyre, moderator Håkon Haugsbø, Anette Trettebergstuen fra Ap, Freddy André Øvstegård fra SV

Kulturbudsjettet: – Et angrep på kunstens frihet

Kulturbudsjettdebatten ble avsluttet med det mange omtaler som en bombe: Høyres Kristin Ørmen Johnsen vil sikre spesifikke kunstnergrupper i statsbudsjettet....

Anette Trettebergstuen

Nasjonal strategi for kulturfrivilligheten lansert: – Vi må leggje til rette for kulturlivet

Kulturfrivilligheita har aldri blitt løfta fram som eiget politikkområde slik til dømes idretten har, seier kultur- og likestillingsminister Trettebergstuen. I...

Torgeir Vassvik

– Jeg savner et større fokus på den fjerde verdens musikk

Samiske Torgeir Vassvik ønsker seg regjeringsskifte, og skulle gjerne sett at urfolks utfordringer var mer synlige i valgkampen.