Hopp til innhald
Illustrasjon: musikk på nettet

Dei store vil gje Spotify meir tid

Både Sony BMG og EMI sine norske representantar vil gje Spotify meir tid. Dei understrekar at det må kome fleire betalande brukarar, men seier samstundes at tenesta fortsatt er i startfasen.

I kjølevatnet av forlenga økonomiske forhandlingar, vurderer fleire norske uavhengige plateselskap å trekke musikken sin attende frå Spotify. Dei store plateselskapa har imidlertid ingen planar om å gjere det same.

Bransjeorganisasjonen FONO og fleire av deira medlemmar blant norske uavhengige plateselskap, har den siste tida gitt uttrykk for at det økonomiske utbyttet frå Spotify er uakseptabelt. Samstundes forhandlar TONO og Spotify fleire månadar på overtid for å finne ein overgang frå fjoråret si prøveordning, til ei avtale begge partar kan vere nøgde med.

Dei store plateselskapa (som til saman eig 18 prosent av Spotify) har endå ikkje vore på bana i denne saka, men Bjørn Rogstad frå EMI er førebudd på å vente på ei ny ordning.

— Avtalar kan alltid bli betre, men dette er eit prosjekt i startfasa. Slike streamingtenester er komne for å bli, og alt tyder på at dei stel andelar frå den illegale marknaden framfor den legale. Rapportar viser jo at ulovleg nedlasting har gått kraftig ned. Enkelte endringar bør likevel kome i orden, og ein vesentleg del av dette er at andelen betalande Premium-brukarar er nødd til å auke. Den reklamefinansierte biten må verte mindre, ellers kan det verte vanskeleg økonomisk.

(Red. anm: Etter at FONO tidligere i sommer gikk ut mot Spotify har fire av organisasjonens 123 medlemmer truet med å trekke musikk fra tjenesten. FONO ønsker retten til å reservere seg mot den annonsedrevne gratisvarianten.)

Også Stein Vegusdal frå Sony BMG presiserer at Spotify er eit prosjekt i startfasa, og at ein må rekne med å bruke litt tid på å få alle bitane på plass.

— Avtala vi har gjort med Spotify er jo internasjonal, og den er basert på noko våre kontor i New York er komne fram til. Vi er nøgde med Spotify, men vi ser førebels på dette prosjektet som eit eksperiment. Vi må rekne med at det tek litt tid, og vi kan ikkje svare på om vi er heilt nøgde med Spotify før alle avtalar og eventuelle utbetringar er på plass.

Må bli meir attraktivt

Både Rogstad frå EMI og Vegusdal frå Sony BMG er einige om at Spotify Premium må gjerast meir attraktiv for publikum, slik at denne i lengda kan verte større enn den reklamefinansierte varianten. Rogstad i EMI understrekar likevel at dei ikkje har umiddelbare planar om å trekke seg ut av Spotify om ikkje ei betre avtale vert utarbeida i denne omgang.

— Det er på ingen måte vår agenda å trekke oss frå Spotify. Prosjektet er som sagt i startfasa, og vi er overtydd om at alle økonomiske flokar kjem til å løyse seg. Det er ingenting som tyder på at Spotify truer lovlege tenester, vi trur derimot at dei er med på å flytte publikum frå ulovlege til lovlege tenester. Men musikkbransjen kan kanskje bidra til å gjere Spotify Premium betre, slik at skilnaden frå den reklamefinansierte versjonen vert verdt å betale for.

Ledige stillinger

Vegusdal frå Sony BMG påpeikar også at det bør skje endringar slik at Spotify Premium kan verte ein reell konkurrent til den reklamefinansierte gratisversjonen, som per dags dato har langt fleire brukarar.

— Vi har jo nokre artistar som har trekt musikken sin attende frå gratisvarianten av Spotify, og det er sikkert mange fleire som kjem til å gjere det same. Gratistenesta har rett og slett vore for bra, og er det framleis. For å få folk over på Spotify Premium bør det nok skje nokre endringar. Alle trudde jo at folk skulle tykkje reklameavbrota var så irriterande at dei ville gå over til Premium etterkvart, men det viser seg at dette ikkje er tilfelle. Det som bør skje, er kanskje at reklamedelen aukar drastisk i gratisversjonen, eller at premiumtenesta vert meir luktativ, til dømes med tilleggsfunksjonar.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Charles Caldas leder Merlin

– Kan ikke plukkes fra hverandre

Charles Caldas, som leder den uavhengige platebransjens internasjonale rettighetsorganisasjon Merlin Network, har ikke mye til overs for norske plateselskapers krav...

Spotify: gratismodellen står fast

Den annonsebaserte gratisvarianten, abonnementstjensten og salg av filer for nedlasting er like nødvendige for Spotify, som argumenterer hardt for at...

Nye Spotify-forhandlinger

Daglig leder Erik Brataas hos den norske nettmusikk-distributøren Phonofile-Artspages finner ikke Spotifys annonsebaserte forretningsmodell «særlig lovende». Avtalen han har gjort...

FONO logo

Ynskjer større fleksibilitet

– Det vil være flere av våre selskap som trekker seg fra avtalene sine dersom det ikke skjer noe i...

Daniel Ek

– Spotify fungerer ikke ennå

Men streamingtjenesten er i «sunn vekst», sier Daniel Ek, Spotifys administrerende direktør.

Spotify logo

Norske plateselskaper vil droppe Spotify

FONO mener prøveperioden med gratis streaming må være over.

Flere saker

Tone Sørensen

Her er Riksscenens nye administrasjonssjef

Tone Sørensen fra Drammen ville jobbe med tradisjon og samtid, og har fått jobben med å lede administrasjonen på Riksscenen.

Girl in the hammock av Winslow Homer

God sommer!

Vi har valgt ut noe godt langlesestoff for deg, som kan forkorte ventetiden til Ballade er tilbake fra ferie i...

Operasjef Per Boye Hansen på fagseminar i Operaen

Operakritikk førte til seminar med operasjefen

Komponistforeningens etterlysning av satsing på ny norsk opera fikk operasjef Per Boye Hansen til å reagere. Det resulterte i et...