Hopp til innhald
Berit Opheim

(Foto: Per Finne)

Osaprisen 2025 til songar Berit Opheim

– Arbeidet til Berit Opheim set spor som kulturnasjonen Noreg treng, seier Stiftelsen Ole Bull Akademiet.

Berit Opheim har vore ein høgt anerkjend og sentral musikar i Noreg sidan 80-talet. Ho har ei vid musikalsk horisont, som spenner frå folkemusikk til samtidsmusikk og jazz. Ho er ein musikar på høgt internasjonalt nivå, som samstundes er rotfesta i ein lokal songtradisjon.

«Det er det som gjer ho til den eminente utøvaren ho er,» skriv juryen for Osaprisen, som er styret i Stiftelsen Ole Bull Akademiet.

Opheim har urframført ei rekkje nyskrivne verk, mellom anna av Lasse Thoresen, og i 2005 hadde ho
rolla som Månefruva (Nattens dronning) i Rikskonsertane si oppsetjing av Tryllefløyta i
folkemusikkdrakt. Ho har vore solist med Kringkastingsorkestret, hatt tingingsverket på Vossa Jazz (saman med Ståle Storløkken) og var i ei rekkje år medlem i Trio Mediæval. Berit Opheim er ein av dei mest sentrale formidlarane av den vokale tradisjonsmusikken i Noreg, og har mellom anna vunne Landskappleiken tre gonger.

Folkesongen har heile tida vore fundamentet hennar som utøvar, men det er som brubyggjar mellom ulike musikalske sjangrar ho har hatt mesteparten av virket sitt, melder prisutdelaren:

«Heilt sidan seint 1980-tal og gruppa Orleysa har ho vore med på å gå opp vegar mellom folkemusikken og andre musikksjangrar. Desse vegane har bokstavleg tala ført ho frå ungdomshuset på Bulken til Carnegie Hall. Med på reisa hennar har ei høg kvalitetskjensle og ei audmjuk nyskjerrigheit vore rettesnora.»

Gjennom heile karrieren har formidlinga av tradisjonsmusikken vore den raude tråden, fortsett juryen:

«Konsertar, innsamling av og undervisning i folkemusikk har vore eit fundament for alt ho har drive med som musikar; frå undervisning av Småkvedarane til tallause kurs på Ole Bull Akademiet, rettleiing av studentar, til workshops i inn- og utland. Og sist, men ikkje minst, det store innsamlingsarbeidet ho har gjort med den vokale tradisjonen på Voss. Heile tida med tradisjonen etter Margreta Opheim og visjonane til Sigbjørn Bernhoft Osa som rettesnor og inspirasjon. Arbeidet hennar set spor som kulturnasjonen Noreg treng.»

Utdelinga skjer i samband med Osafestivalen på Voss laurdag 25. oktober i Voss idrettshall.

 

Ledige stillinger

Relaterte saker

Berit Opheim fikk Hilmarprisen

Hilmarprisen til folkesanger Berit Opheim

Berit Opheim er en av landets aller fremste folkesangere, og en viktig inspirasjonskilde og pioner i musikklivet, sier juryen.

Berit Opheim

Pris for folkemusikk og folkedans til Berit Opheim

Opheim løfter frem den rike arven av vokal folkemusikk, og gir en ny generasjon et nært og inspirerende innblikk i...

Berit Opheim2 (Foto: Astrid Wyller)

Berit Opheim med bestillingsverk til Vossa Jazz

Bestillingsverket blir urtframført 31. mars på Voss. Verket heter «En Engel Går Stilt» og skal etter framføring på Voss ut...

Berit Opheim Versto: Slåttar på tunga (cover)

Berit Opheim Versto – Slåttar på tunga

PLATEMELDING: Berit Opheim Versto er aktuell med ei samling slåttar frå Vestlandet. ”Det er fortalt at når dansarane ikkje fekk...

Berit Opheim2 (Foto: Astrid Wyller)

Fra Nattens Dronning til englesang

Berit Opheim er i hele april aktuell med turnéen ”Ein engel går stilt”, i regi av Rikskonsertene og Vossajazz. I...

Flere saker

Foto: Sølve Huse Amundsen.

– Teknologien har ikke ført til deltagertrenden

Det er en forenkling å tro at økt mediebruk hos barn har ført til større krav om deltagelse i barnekunsten,...

Ola Kvernberg, Elias Akselsen, Stian Carstensen. Fele, sang, trekkspill. Og viser hele Europa kjenner i forskjellige versjoner.

Akselsen / Kvernberg / Carstensen sammen om taterviser

Tre generasjoner tatere synger på kommende album – med Elias Akselsen som bro tilbake til den gamle tida med vandrende viser.

MUSIKKSTUDENTER: Fra semesteråpning 2022 i Majorstuakrysset.

Reagerer når Norge innskrenker muligheter for internasjonale kunststudenter: – Skammelig

En studieplass på Norges musikkhøgskole prises til nær fire hundre tusen kroner i året – for dem som ikke kommer...