Hopp til innhald
Oslo Spektrum i sin bredde, sett fra scenen, med sitteplasser.

TOM SAL: Oslo Spektrum, her utan publikum.(Foto: Cathrine Heiberg)

Norsk musikkbransje gjekk glipp av nærare fem milliardar kroner under pandemien

Pandemien ramma kulturlivet skjeivt, skriv Norsk kulturråd etter å ha presentert rapporten «Kunst i tal».

Inntektene for musikk og scenekunst fall dramatisk i pandemiåra 2020 og 2021. Samstundes auka inntektene i litteraturbransjen og den visuelle kunstbransjen, viser rapporten «Kunst i tal».

Rapporten viser eit bilete teikna i fleire tidlegare rapportar og mediedekning, undervegs og etter stengingsperioder: Musikklivet var den store taparen da det vart ulovleg eller dels ulovleg å samle store menneskemengder i 2020–2021 og delar av 2022. Norsk Kulturråd si analysavdeling omtaler funna i ei pressemelding i dag:
2021 er inntektene i musikkbransjen berekna til 3,3 milliardar kroner. Ser ein på 2020 og 2021 samla, som vi her kallar pandemiperioden, har inntektene i musikkbransjen falle med 39 prosent sidan toppåret 2019. Nedgangen frå 2020 til 2021 er på 6 prosent, skriv Kulturrådet.

For scenekunst viser tala for 2021 ei samla inntekt på 480 millionar kroner. Det betyr at inntektene har falle med 64 prosent i pandemiperioden, medan nedgangen frå 2020 til 2021 isolert sett var på 23 prosent.

Dette kjem fram i rapporten «Kunst i tal» som er Kulturrådet sin årlege statistikk for omsetnad av musikk, scenekunst, litteratur og visuell kunst. Rapporten er utarbeidd av Rambøll på oppdrag frå Kulturrådet.

Gått glipp av store summar
Konsekvensen av koronapandemien er størst for bransjane som er prega av stor publikumsaktivitet. Til dømes stod konsertbillettar åleine for over 60 prosent av inntektene i musikkbransjen før pandemien. Nedstenginga av salar og scener hadde ein særs negativ innverknad på billettsalet.

– Rapporten gjev oss eit godt bilete av kva konsekvensar pandemiperioden har hatt for kulturlivet i Noreg, men òg kor samansett sektoren er og kor skeivt pandemien har ramma dei ulike kunstfelta, seier Zackrisson.

Ledige stillinger

Flere saker

Still fra musikkvideo Julie Henrikke

Ballade video: Vannet viser vei  

Med Onsloow, Phønix, Gouldian Finch, Eight Minus, St. Niklas, Birri, Julie Henrikke og Monzie Blue og Sonya Heller.

Katarina Barruk Reperbahn 2024, Berlin

Katarina Barruk: – Språket gjør at jeg skiller meg ut

I forrige uke spilte hun på Reeperbahn-festivalen og i oktober står WOMEX for tur. Katarina Barruk skynder seg sakte når...

Fra en av scenene på festivalen Kadetten i Sandvika, her fra siste normalår før pandemi, 2019.

Kadetten-toppnavn avlyser

Cezinando og Undergrunn erstatter.