Hopp til innhald

Glima med plateslepp-konsert

Folkemusikktrioen Glima kjem no ut med sin fyrste CD-plate, og markerer platesleppet med ein konsert i Granvin kulturhus i Seljord, fredag 19. oktober kl 20.00. Glima er og Månadens artist i Norsk Folkemusikkatalog i oktober.

Her blir repertoaret frå plata presentert gjennom ein times konsert. Etterpå blir det dans, med musikk av Glima og Seljord Spele-manns-lag, og servering av mat, øl og vin.

Torunn Raftevold Rue (hardingfele), Ragnhild Knudsen (bratsj/hardingfele) og Helene Waage (cello/vokal) har arbeidd med materialet til plata i fleire år. Sjølve innspelinga blei gjort i vår, på Sporanes i Rauland, i ei tømre bygd av material frå atelieret til Dyre Vaa. Det er stor spennvidde i Glima sitt repertoar – frå religiøse folketonar og lydarslåttar til feiande springar og halling. Plata inneheld slåttar frå ulike deler av Telemark og Vestlandet. Trioen står sjølv for dei musikalske arrangementa som er nyskapande, men med tydelege røter i gammal slåttetradisjon. Både tittelsporet og trioen har namnet sitt etter gygri (trollkjerringa) i Mælefjell i Telemark. Glima er «månadens artist» i Norsk Folkemusikkatalog i oktober.

To av dei tre musikarane i Glima bur i Seljord kommune, og både Seljord kommune, Seljord Sparebank og Seljord Spelemannslag har støtta CD-utgjevinga, i tillegg til Fond for lyd og bilde og RFF. Dei tre gygrene i Glima synest difor det er naturleg og triveleg å kunne invitere til plateslepp, konsert og dans nettopp i Seljord. Dei lovar ein skikkeleg festkveld og vonar at fleire enn seljordspublikumet vil finne vegen til Granvin denne fredagskvelden.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Synnøve S. Bjørset

Synnøve S. Bjørset er Månadens Artist

Synnøve S. Bjørset er Månadens Artist hos Norsk Folkemusikkatalog. Hun er for tiden også aktuell med egen solo-CD hos NOR-CD,...

Ragnhild Furholt

Furholt er Månadens artist

Ragnhild Furholt er Månadens artist hos Norsk folkemusikkkatalog. Hun vant nylig kongepokal under Landskappsleiken, og er dessuten CD-aktuell denne sommeren.

Flere saker

Sidsel Walstad Foto: Peder Ebbesen

Sidsel Walstad tar harpen til folket

Hun er ikke en vanlig harpist, men hva betyr egentlig det?

Sophie Steiner

Fredskonsert for Ukraina på NMH lørdag 5. mars kl. 16.00

Student Sophie Steiner har på kort tid samlet medstudenter og andre krefter til å spille en konsert for fred, og...

Amanda Tenfjord spilte på Kallimarmaro Stadium (Panthenaiske stadion) i Athen som oppvarmer for Madrugada i septmber.

Europeeren Amanda Tenfjord albumdebuterer

Fra Madrugada-oppvarming foran Akropolis til Lindmo, og i mellom der kommer den første fullengderen til Amanda Tenfjord.