Hopp til innhald

Folkefest med prinsesse Märtha Louise

Prinsesse Märtha Louise kjem til Bø og Telemarkfestivalen for å stå for den offisielle opninga av den 13. festivalen torsdag 1. august 2002. Programmet for prinsessa sitt besøk denne dagen er no klart, og det vert ein folkefest der publikum kan møte prinsessa både på Bø museum/ Kvennøya og ved Gullbring kulturanlegg.

Både ordføraren i Bø kommune, Arne Storhaug, og styreleiaren i Telemark-festivalen, Kjell Bitustøyl, gjev uttrykk for at ein er stolte over å få Prinsesse Märtha Louise på offisielt besøk. Dette vert første besøk i Bø frå kongehuset sidan 1927 då Sørlandsbanen vart opna. Ordføraren meinte besøket gjev festivalen eit skikkeleg kvalitetsstempel.

Prinsesse Märtha Louise sitt besøk startar på Bø museum i 14-tida. Prinsessa skal vandre ned på Kvennøya der Telemarkfestivalen har sett saman eit spesialprogram for både prinsessa og publikum. Her ligg det godt til rette for ein skikkeleg folkefest for både store og små. Festivalen oppmodar folk å møte opp med flagg og gjerne i bunad!

Torsdag kveld vil Prinsessa kome til Gullbring kulturanlegg der ho vil foreta den offisielle opninga av festivalen. Etter opningskonserten vil Prinsessa ta del i festivalen sin offisielle mottaking for festivalartistar og offisielle gjester. Her vil Prinsessa få møte Øyonn Groven Myhren og Odd Nordstoga som vil gje smakebitar frå deira rykande ferske CD-utgjeving «Nivelkinn», som var bestillingsverket på festivalen i fjor.

Bakgrunnen for at Telemarkfestivalen har invitert Prinsessa til å opne årets Telemarkfestival er hennar engasjement for forteljinga og eventyret – noko som har ført til at mange har fatta ny interesse for eventyra våre. Eventyr- og forteljartradisjonen har djupe røter i Telemark. Mange av våre mest kjende eventyr har sitt opphav i denne delen av landet. Årets festival vil by på fleire programinnslag der eventyr og forteljartradisjonen vil stå i fokus.

Telemarkfestivalen 2002 vert arrangert i Bø 1.- 4. august. Av artistar under årets program kan me nemne Mari Boine, Gåte, Knut Buen, Ola Bremnes og Susanne Lundeng, samd bestillingsverk med Karl Seglems FolkJazzEnsemble med m.a. Odd Nordstoga, Unni Løvlid, Christian Wallumrød og Terje Isungset.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Karl Seglem

Telemarkfestivalen 2002 – eit moderne folkemusikkprosjekt

Under mottoet «Eit moderne folkemusikkprosjekt» kan Telemarkfestivalen presentere to nye bestillingsverk, samt to urframføringar og fleire komande stjerner på folkemusikkhimmelen....

Telemarkfestivalen

Tilfreds Telemarkfestival

«Høy kunstnerisk kvalitet og godt publikumsbesøk», sier Telemarksfestivalen selv, etter at årets tilstelning ble avsluttet på søndag. Nærmere fireogethalvt tusen...

Karl Seglem

Telemarkfestivalen 2002: Magi og mangfald

I opningstalen ønska Prinsesse Märtha Louise lukke til med håp om spananande og magiske festivaldagar i Bø. Og Telemarkfestivalen 2002...

Anne Hytta

Telemarkfestivalen 2004: Alle tiders festival

Den 15. Telemarkfestivalen har slått alle tidligare rekordar. Årets festival kan skilte med i overkant av 3.500 selde billettar og...

Flere saker

Utsnitt av forsiden på Kulturskolerådets jubileumshefte

Norsk kulturskoleråd ber om 200 millioner kroner til kulturskoleløft

Ønsket kommer i forbindelse med regjeringens nye barnekulturmelding.

Bandnavnet kom før en eneste tone var spilt. Hekla Stålstrenga ble navnet – og eventyret kunne begynne.

Hekla Stålstrenga fyller 20 år: – Vi har jævlig stor respekt for publikum

Hekla Stålstrenga markerer 20 år med albumet Heimført. Vi møter vi bandet for å se tilbake på den eventyrlige reisen,...

Jørgen Nordeng fikk Prøysens ærespris 2020, som den første rapperen i prisens snart 50 årige historie.

Første rapper og tredje nordlending som får Prøysens ærespris

Jørgen Nordeng, også kjent som Jørg-1 og Joddski, mottok selveste æresprisen av de tre Prøysenprisene som ble delt ut denne...