Hopp til innhald

Signal om nordisk alkymi

«Som eit alkymistisk manuskript frå dei skjulte gemakkene i eit avsidesliggjande nederlandsk kloster. «Det er eit før-første-inntrykk Ballade sin utsending i Berlin, Nicholas H. Møllerhaug sit med. På laurdag går alkymien frå å vere bok til å bli røynd. Då opnar Magma Festivalen i Berlin med ei kronprins-saks. Magma er den største enkeltframvisninga av nordisk moderne musikk på kontinentet nokonsinne. Eit kjempeløft: Det er som å løfte eller flytte heile Norden til Berlin for ei heil veke, iallfall musikalsk sett. Derifrå kjem Ballade til å sende ut signal om det som er spådd i denne tjukke programboka.

Av Nicholas H. Møllerhaug – Berlin:

Aldri har så mange nordiske komponistar og utøvarar organisert vore samla i Berlin. Det er ei hending ein reknar med at kjem til å få store ringverknadar i etterkant av festivalen.

Blant berlinarar og dei mange tilreisande som kjem til Magmafestivalen denne veka er forventingane store. Ein grunn er variasjonsbreidden på det omfattande programmet. Alt frå intens nordiske noise av Lasse Marhaug til klassikaren Per Nørgård frå Danmark. Stororkester som Oslo Filharmonien og Berlinerfilharmonikarane gjer storformatskonsertar i Storsalen i den legendariske Berliner Filharmonien. Cikada, Scharoun, Kromata og Kaput er blant ensembla som kjem. Er det rart ein gler seg?

Ved sidan av alt dette finn det stad ein unik aktivitet i mindre skala, til dels kor og orgelkonsertane i den mest innadvendte symbolstadane i Berlin: Kaiser-Friedrich-Gedächtniskirche. På sein kveldstid får derimot den nordiske eksperimentelle musikken fritt spelerom. Då er det kunstnarar som Sissel Endresen, Poing og mange andre som speler ut.

Sjølve primus motorane bak dette programmet har gjort ein stor jobb for å få dette til – særleg Gunda Djupvik og Rolf Gupta og staben deira. Hilde Hobæk-Hanssen og Hallgjerd Aksnes har gjort ein fin jobb med å skrive eit vellukka programhefte. Det er i seg sjølv godt lesestoff på kalde haustkveldar – det gjeld også vevsidene. Altså noko å glede seg over også for dei som ikkje kjem seg til Berlin.

Historisk er Berlin ein by med tunge tjukke røter som går nordover. Idèen om å kjøyre dei nordiske musikkdagane til Berlin er difor ikkje rein trendy hype. Det er ikkje berre fordi ‘alle’ er i Berlin. Kanskje litt. Nei, me var der faktisk før ‘alle’ – eller førre gong ‘alle’ var der – i åra før Hitler.

Viss ein ser tilbake på nordiske komponistar med Berlin som base finn ein mange. Årets store norske jubilant, Fartein Valen, var ein av desse. Kontakten Berlin-Norden har Norden blitt forma av. No ser det ut til at Berlin får ein sterk dose forvandling som svar.

Ballade.no kjem til å sende ut signal, meldingar, reportasjar om nettopp denne forvandlinga – eller alkymien om du vil.

Første signal frå Magma 2002 kjem i Ballade på måndag.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Gunda Djupvik

Glødende samtidsmusikk-møte i Berlin

I november inntar nordiske komponister Berlin med ni dager fylt med samtidsmusikk, nordisk kulturhistorie og sirkus. Berlin har i de...

Nordiske Komponister – gruppebilde fra

MAGMA 2002 – med blikket mot Europa

MAGMA 2002 er en ny variant av Nordiske Musikkdager, som med sine 114 år er det eldste eksisterende nordiske samarbeidstiltak...

Christain Eggen

«Objects of desire» – Oslo Sinfonietta med fire solister

Tirsdag 19. november kan du få en snikpremiere på MAGMA 2002, når Oslo Sinfonietta og dirigent Christian Eggen spiller sitt...

Konserthuset i Berlin

Royalfotogén opnings-tone

Eit apropos – eller kanskje mal-apropos var at eg sjeldan har sett så mange TV-team og fotografar på ein samtidsmusikkonsert...

Berlinerfilharmoniens storband

Ballongar og disige avenyar

Mørket og tåka prega Berlin under opningen av Magma – i seg sjølv eit fint syn, med lange disige avenyar...

Cikada Quartet

Kammerteknikk med Cikadakvartetten

– I går var det på ny duka for konsert med Cikada Chamber – og endå fleire kjende si besøkelsestid...

Flere saker

Skinheads på Oi pønkkonsert i Tyskland 2005 Wikimedia Commons

Pære drita nazi-metalfans og paranoide snauskaller. Et møte med hvit makt-musikken

Journalist Knut Gigstad deler erfaringer og tanker rundt nasjonalsosialistisk black metal-publikum på festival i Ukraina, paranoide høyreekstremister made in Europe,...

Ifpi

Innfører felles utgivelsesdag

Plateselskapenes internasjonale interesseorganisasjon er kommet til enighet med store deler av musikkindustrien om et felles utgivelsestidspunkt for nye singler og...

Solveig Slettahjell

Slik ble jeg en diva

KRONIKK: – Jeg må slutte å late som om forståelsen av sangerens rolle i jazzmusikken ikke henger sammen med likestilling...