Hopp til innhald

Rekordår for Den Norske Folkemusikkveka

Rekordmange såg sprek dans og høyrde god musikk under Den Norske Folkemusikkveka, som vart avslutta sist helg. I løpet av bortimot 40 konsertar og arrangement fekk over 4000 personar ta del i festivalen. Publikumsfavoritten vart musikkteateret «Dødsdansen på Norefjell», som gjekk for seks fulle hus. Nær 1700 personar kjøpte billett til denne forestillinga.

Den Norske Folkemusikkveka meldar og at årets Fanitulltevling vart vunne av Per Anders Buen Garnås, som fekk med seg Thon- pokalen og 15.000 kr. i prispengar. Den fyrste semifinalen i INTRO-folk sto og på programmet. Majorstuen gjekk vidare til finalen seinare i sommar, etterdet Folkemusikkveka kallar «sers hard konkurranse frå gruppa Gammel-likt seg».

— Det var mykje humor i årets program, kan styreleiar i Den Norske Folkemusikkveka, Bjørn Lien, fortelja. – Det er kanskje ingen spøk å vakne opp til 18.mai for mange, med «dagen –derpå- kjensle» i kroppen. Men dersom ein ser det frå ein humoristisk synsvinkel, ligg det mykje godt stoff i bakrusen og traumene. Trioen Odd Nordstoga- Gjermund Larsen – Arne Moslåtten tok tak i dette temaet på ein konsert på Geilo 18.mai.

— Kvelden etterpå, 19.mai, var det tid for «Skrønemakeri og morokveld» på Solstad Hotell på Gol. 79 –årige GT-Sara, kjent frå fleire opptredenar i Thore Skoglunds «Rorbua», kom med sin svarte gitar og sine freske «på kanten-soger» . Med seg på laget hadde ho den munnrappe imitatoren og humørspreidaren frå Biri; NRK –journalisten Torvild Sveen.

Den Norske Folkemusikkveka kunne og melde at «Stortingspensjonist» og fersk forfattar Hallgrim Berg var tilstades med freske fråspark og saftige soger. Musikken vart her besørga av toradermeistrane Jostein Sørbøen og Oddvar Fingarsen, saman med Hallingdal Kraftlag.

Laurdag 22.mai teikna legenden Knut Buen livet til ein annan legende, spelemannen og humoristen Jørgen Tjønnstaul, med ord og tonar. Jørgen Tjønnstaul var ein serprega spelemann og eit frodig menneske, der dei ramme replikkane og dei utrulege sogene kom på løpande band.

— Knut Buen er ein meister til å imitera Tjønnstaul, og klarar å levandegjera denne mannen betre enn nokon annan, meiner Bjørn Lie.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Valgerd Svarstad Haugland (offisielt)

INTRO-folk: Storsatsing på folkemusikk

INTRO-folk er et helt nytt lanseringsprogram for unge lovende folkemusikere der det overordnede målet er å styrke norsk og samisk...

Folkemusikkillustrasjon (Foto: Norsk folkemusikk og Danselag)

INTRO-folk søker unge, dyktige folkemusikere

Norsk folkemusikkformidling minner om fristen for å melde seg på prøvespill til INTRO-folk, som er 7. januar 2005. Rikskonsertene presenterte...

Øyvind Brabant

Folkemusikkveka på Ål: Øyvind Brabant årets «fanitull»

Det blei heimesiger i fanitulltevlinga på Ål i år. Med ei prikkfri framføring av hallingspringaren «Kåte-Reiar» gjekk Øyvind Brabant frå...

Hallgrim Berg

Spelemannens plass i direktørkofferten

Ballade har her gleden av å bringe videre Hallgrim Bergs store, morsomme og betimelige åpningsinnlegg under Norrsken 2002 på Røros,...

Øyonn Groven Myhren

Debatt om nasjonal folkemusikkscene: – Det handler om å ville noe

Etter at professor Odd Are Berkaak presenterte sin rapport om en ny riksscene for folkemusikk og folkedans sist fredag, ble...

Knut Buen

Konsert med Knut Buen

Seljord spelemannslag, Seljord og Kviteseid Leikarring og Kivlemøyan opnar friskt på nyåret med å arrangere konsert i samarbeid med Telemarkkonsertar....

Flere saker

Magne Furuholmen.

Ridder, kunstner, synthriffstjerne: Magne Furuholmen feirer 60

1. november feires mannen bak verdens best kjente synth-riff – kunstner og solomusiker – Magne Furuholmen.

Henning Andersen, Marius Lien og Wolfgang Zimmermann i studio i Charleston, USA

Kommer AI-musikk snart ut på vinyl?

KRONIKK: Vi kan ikke skru tiden tilbake. Men av hensyn til vår kultur, menneskelighet og rettferdighet må vi sette mye...

Gisle Kverndokk pris Tyskland musikal Brev fra Ruth

Kverndokks «Ruth Maier» for første gang på norsk scene

Stor kammermusikal om ung kjærlighet og gasskamre settes opp i Norge i april. – Det er noe helt spesielt ved hennes...