Hopp til innhald

Konsert med Knut Buen

Seljord spelemannslag, Seljord og Kviteseid Leikarring og Kivlemøyan opnar friskt på nyåret med å arrangere konsert i samarbeid med Telemarkkonsertar. Fyrstkomande laurdag kan ein høyre Knut Buen spela slåttar etter og fortelja om Seljord-spelemennene Øystein Olavson Langedrag (1785-1848) og Leiv Øysteinson Sandsdalen (1825-1896), fortel ei pressemelding frå festivalleiinga.

Desse to spelemennene har kanskje kome i skuggen av Myllarguten og Fykeruden. Men Langedrag- og Sandsdalsslåttar er faktisk ofte å høyre på kappleikar. Øystein O. Langedrag er «kjelda» til ein av dei mest kjende bruremarsjane i landet «Bruremarsj frå Seljord».

«Kven skulle tru at marsjen truleg kjem frå Gotland? Marsjen kan ein høyre på konserten når Seljord juniorspelemannslag, Seljord spelemannslag og Knut Buen spelar slåtten saman.
Det blir ein spennande konsert laurdagskvelden på Granvin kulturhus i Seljord», lovar festivalleiinga.

For Knut Buen kan ein så godt seie at «sogene og slåttane går hand i hand». Han har stor interesse for å fortelja innimellom slåttane som han kan så mange av. Forteljekunsten har heile tida vore ein naturleg og sentral del av formidlinga til Knut Buen.

Etter konserten spelar ingen ringare enn setesdølen Vidar Lande og Seljord spelemannslag opp. Dei byter på dansespelinga og gjev sjansen til å friske opp springar, gangar, reinlender og vals. Vidar Lande, filosof og spelemann, spelar nesten kva det måtte vere av bygdedans.

«De bør ikkje gå glipp av denne sjansen til å få danse springar og gangar», oppmodar arrangørane som ynskjer alle hjarteleg velkomne til Granvin denne laurdagskvelden, til «ein flott konsert og god dansetrim etterpå!»

Ledige stillinger

Relaterte saker

Mari Boine

Nordlysfestivalen åpner idag

Festivaldirektør Hilde Johnsen byr på et variert program når Nordlysfestivalen åpner i Tromsø idag. Mikhail Alperin tjuvstartet med solokonsert i...

Velle Espeland, Norsk Visearkiv

Norsk visearkiv er 20 år

Laurdag 25 januar feirar Norsk visearkiv sitt 20 årsjubileum. I løpet av desse åra har arkivet etablert seg og funne...

Urban Connection

Festspillene Turné deler ut 600.000

Festspillene Turné – enhet for profesjonelt musikksamarbeid i Nord-Norge, har fordelt statlige tilskudd til frie musikkgrupper i landsdelen for 2003....

Frode Haltli (foto: CF Wesenberg)

Spellemannsnominasjoner begeistrer

– Fantastisk! Nei, nå ble jeg glad, sier daglig leder i Via Music, Sigbjørn Tveite, når Ballade forteller ham at...

Transjoik,

Ensemblestøtten 2003: Tradisjonsmusikk

Tradisjonsmusikken kan med en hel del velvilje kalles en av årets vinnere innen Ensemblestøtten, idet årets pott er utvidet med...

Halvard Kaasa

Crossover til eit nytt år

– Der er ikkje mange som krev at ein må omforme «I Dovregubbens Hall» av Grieg eller musikken til Beethoven...

Flere saker

Stillbilde fra musikkvideoen til Misty Coast

Ballade video: Røde og grønne univers

Se premierene på de nye videoene til Misty Coast og Marte Wulff. Vi hilser også på Vilde Tuv, brenn., Fixation,...

Anette Trettebergstuen

Kulturministeren vil stimulere med nye millioner når koronastøtte forsvinner

Trettebergstuen ber forvalterne av millioner om å prioritere populærmusikken.

Illustrasjonsbilde: Frist for innsending av verk til World Music Days 2020 er 8. juli

Vil du sende verk til World Music Days i New Zealand?

Frist for innsending av verk til neste års festival er 8. juli.