Hopp til innhald

Tid for Seljordkappleiken

No er det tid for den årlege kappleiken på Granvin Kulturhus i Seljord att. – I år har me tenkt nytt og ungt. Og på kappleiken laurdag lanserar me eit nytt konsept, nemleg publikumsdømming av omspele, seier Sara Fjågesund.

Seljordkappleiken er i år lagt til helga 22. og 23. september.

Det blir konsert på fredagskvelden med to av dei beste, unge utøvarane i landet på hardingfele: Per Anders Buen Garnås frå Bø og Daniel Sandèn Warg frå Valle i Setesdal.

Begge har kvalifisert seg til A-klassa i hardingfele og arbeider med forskjellige typar prosjekt innan folkemusikk. Dei to har samarbeidd før, og på konserten vil ein få høyre både samspel- og soloinnslag. I tillegg til dette vil ein få sjå dansegruppa Sviv, som er sett saman av fire unge dansarar frå Seljord.

— I Seljord har me stor rekruttering innan folkemusikk. Me er svært opptekne av å halde på dei unge, og ser at ein heile tida må fornye seg for å skape eit levande miljø, fortel Sara Fjågesund.

— Det må vera spanande å høyre på folkemusikk og å vera på kappleik. På Seljordkappleiken i år vil me difor arrangere publikumsdømming av omspelet. Dette er ein måte å gje det kyndige publikumet som sit i salen ein sjanse til å uttale seg.

— På ein annan måte kan det appellere til dei unge fordi kappleiken vil få litt «reality»-preg. Me ser det som viktig at folkemusikk også følgjer med i tida, og utviklar seg deretter, seier ho.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Per Anders Buen Garnås

Ny solo-CD med Per Anders Buen Garnås

Fredag 14. desember kl 20.00, på Pizzafjoset i Bø, slipper Per Anders Buen Garnås (21) sin første solo-CD «Åleine» (NYCD2)...

Per Anders Buen Garnås

Buen Garnås ble Årets Fanitull

Per Anders Buen Garnås fra Bø i Telemark vant for tredje gang på rad Fanitullfinalen lørdag kveld. Finalen foregikk lørdag...

Berit Opheim

Bryggenspelet – folkemusikalsk maktdemonstrasjon i Bergen

– Dette er det råeste programmet for en folkemusikk-festival i Norge jeg har hørt noen gang, sa Steinar Ofsdal, da...

Per Anders Buen Garnås

Resultater fra Oslokappleiken 2004

Sent, men forhåpentlig fremdeles godt: Ballade presenterer her resultatene fra den tradisjonelle Oslokappleiken, som ble avviklet med rekordbesøk 23. oktober....

Bjarne Herrefoss med fele

Minnekonsert og kappleik i Bø

– I 2006 er der 75 år sidan meisterspelemannen Bjarne Herrefoss kom til verda. Dette vil bli markert med ein...

Flere saker

Abesang des Posthauses Foto: Kristian Rønningen

En improvisert avskjedssang

Abgesang des Posthauses, et helnorsk innslag under årets Berlin Art Week, ble presentert som en siste hendelse i et nedlagt...

51tCJMd4fbL

Europeisk filmkomponistpris til Ola Fløttum

Den norske komponisten fikk Camilles-pris for musikken til filmen «Thelma».

Gry Bråtømyr, daglig leder i Norsk jazzforum, kommenterer regjeringens forslag til kulturbudsjett for

Statsbudsjettet 2020: – Kraftig økning en illusjon for musikkfeltet

Spissede tiltak, men Kulturdepartementets uttalelse om sterk økning er en illusjon for musikkfeltet, mener daglig leder i Norsk jazzforum, Gry...