Hopp til innhald
Kristian Lindberg 2 (Foto: Nicki Twang)

Gupta og Lindberg med russiske kjemper

Rakhmaninovs 3. klaverkonsert og «Vårofferet» av Stravinskij står på programmet fredag 16. mars kl 19.30 på Noregs musikkhøgskole. Klaverkonserten er den unge pianisten Kristian Lindberg sin diplomeksamen som solist ved Musikkhøgskolen. Musikkhøgskolens symfoniorkester speler under leiing av Rolf Gupta.

Av Ingrid Holst Sollie, informasjonsrådgiver, Norges musikkhøgskole

Sergej Rakhmaninovs klaverkonsertar, kor den andre og tredje er blant dei mest spelte i klaverlitteraturen, er prega av eit nesten uoverkommeleg krav til tekniske ferdighetar. Særleg har «Rakh 3» blitt skildra som ein bøyg for pianistar blant anna i filmen Shine.

— Eg valde å spele Rakhmaninovs klaverkonsert nr 3 til eksamen berre fordi eg synes den er så vakker, seier Kristian Lindberg på spørsmål om korfor han vil spele dette ekstremt vanskelege verket.

Om Kirstian Lindberg

I 1997 vann Kristian Lindberg Ungdommens pianomeisterskap, og det påfølgande året var han Noregs representant ved Eurovisjonens konkurranse for unge musikarar i Wien. Sida då har Lindberg vore prisvinnar ved ei rekkje konkurransar.

Han har gitt solokonsertar i Noreg og ein rad europeiske land og deltatt ved mange festivalar. Lindberg har blant anna spilt med Bergen Filharmoniske Orkester, Oslo Camerata og med Kreml kammerorkester i Moskva.

På Musikkhøgskolen har Lindberg studert med Einar Steen-Nøkleberg.

Snudde musikktradisjonen på hovudet

Etter pause speler Musikkhøgskolens symfoniorkester «Vårofferet» av Igor Stravinskij.

Stravinskij snudde den vestlege klassiske musikktradisjonen på hovudet med balletten Vårofferet. Den var det mest nyskapande, barbariske og voldelege eit vestleg publikum hadde blitt presentert for, og det førte til opptøyar.

Ledige stillinger

No blir «Vårofferet» sett på som eit av 1900-talets viktigaste musikalske vendepunkt.

Erfaren dirigent

Rolf Gupta er utdanna komponist ved NMH og dirigent ved Sibeliusakademiet. Han er no kunstnarisk leder for Kristiansand symfoniorkester.

Tidlegare var Gupta m.a. sjefdirigent for Kringkastingsorkesteret og Norsk barokkorkester.

Om bylyder

Konserten er ein del av Musikkhøgskolens spesielle orkesterserie Bylyder – ein satsing for å skape gode musikkopplevingar på høgt nivå for et nytt og yngre publikum.

Difor har konsertane i Bylyder-serien svært lave priser for barn og studentar.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Asamisimasa

Vinterlydfestivalen med fokus på Huber

Gjennom flere konserter, og et komponistmøte, presenterer samtidsmusikkensemblet asamisimasa et portrett av av den tyske komponisten Nicolaus A. Huber. Huber...

Kristin Kjølberg

Kabaretsongar på ny måte

Måndag 5. mars kl. 18 i Levinsalen held stipendiat Kristin Kjølberg saman med Ivar Anton Waagaard konserten «Last night at...

Else Olsen S. (Foto: Elisabeth Tønnesen)

I Cages fotspor

Laurdag startar den første Open form-festivalen i Oslo. Ei rekkje unge utøvarar og akademikarar står bak prosjektet, der mellom andre...

NMH festuke

En dag full av musikkopplevelser

Det blir åpent hus på Norges Musikkhøgskole førstkommende lørdag. Det loves et variert og underholdende program med opera, jazz, folkemusikk...

Natalia Strelchenko

Britisk skamros til Natalia Strelchenko

Den norsk-russiske pianistinnen Natalia Strelchenko spilte rett over nyttår i Wigmore Hall i London, og er nå rost opp i...

NMH tilbygg, skisse

Festveke på Norges musikkhøgskole

Etter 10 års ventetid er Norges musikkhøgskole endelig samlokalisert, etter å ha vore delt mellom lokaler på Majorstua og Carl...

Flere saker

Sigrid er trippelnominert til P3 Gull

Disse er nominert til P3 Gull

Og du kan nå stemme på hvem som kan vinne to av prisene under prisutdelingen 25. november.

Tabita Berglund

Ny internasjonal toppjobb for norsk dirigenttalent: Tabita Berglund til Dresden

Tabita Berglund er utnevnt som første gjestedirigent for Dresden Filharmoniske Orkester.

Utsnitt fra forsiden på rapporten Kunst i tall

Fortsatt vekst for musikkbransjen

Rapporten Kunst i tall 2016 viser en omsetningsøkning på 12 prosent fra året før.