Hopp til innhald

Kabaretsongar på ny måte

Måndag 5. mars kl. 18 i Levinsalen held stipendiat Kristin Kjølberg saman med Ivar Anton Waagaard konserten «Last night at half past nine he seemed O.K.» med kabaretsongar av Weill, Zemlinsky, Satie, Poulenc, Dringe, Barber og Bolcom.

Songtekstane inneheld mye undring, fortviling, svik, kjærleiksorg, lengsel, konflikt og forelsking. Songane er lekne med ein del jazzelement. Kabaretsongane er skrive frå 1920 og fram til i dag.

Eksperimentering og nyskaping
— Eg eksperimenterar med å veksle mellom teatersong og klassisk song. Med på konserten er også ein mannleg utstillingsdokke som har fått stemme av skodespelaren Sigurd Myhre, fortel Kristin Kjølberg.

Musikkhøgskolen arbeider kontinuerleg med korleis musikk blir formidla, og har starta ein ny konsertserie kalla pilotkonsertar. Dei har som kjenneteikn at dei bygger på annleis idear, uttrykksmåtar og formidlingsformer. Konsertane er prega av nyskaping og nyorientering. Kristin Kjølbers konsert måndag 5. mars er ein slik pilotkonsert.

Musikkoppleving
Konserten er ein del av doktorgradsprosjekt hennar om formidling av romansar. Her vil Kjølberg leggje til rette for musikkopplevingar. Tilrettelegging er i denne samanhengen å ta i bruk andre kunstnariske uttrykk i konserten.

— Den vokale kammermusikken konkurrerer med mange ulike kunstnariske uttrykk, innan teater, film, dans og musikk. Eg trur det er heilt nødvendig at songarar og musikarar heile tida utviklar vidare kunnskapar og ferdigheitar om kommunikasjon for å vere i stand til å lage interessante konserter, seier Kristin Kjølberg.

Kjølberg har også nyleg fått publisert ein artikkel i «Dutch Journal of Music theory» under tittelen «Performance Communication: Skills and Insight for Classical Singers».

Ledige stillinger

Relaterte saker

Asamisimasa

Vinterlydfestivalen med fokus på Huber

Gjennom flere konserter, og et komponistmøte, presenterer samtidsmusikkensemblet asamisimasa et portrett av av den tyske komponisten Nicolaus A. Huber. Huber...

Mnozil Brass 07/Foto: www.mnozilbrass.at

Oslo Brass Weekend 2007

Oslo Brass Weekend er en møteplass for profesjonelle messingblåsere, studenter og amatører, og ble arrangert for første gang i fjor....

Ivar Frounberg (foto: samfundet.dk)

Vinterlydfestivalen 2007

Mandag 26. februar starter Vinterlydfestivalen på Norges musikkhøgskole. Det blir en uke med vokalmusikk for det 21.århundre, hamrende slagverksrytmer, urframføringer,...

NMH festuke

En dag full av musikkopplevelser

Det blir åpent hus på Norges Musikkhøgskole førstkommende lørdag. Det loves et variert og underholdende program med opera, jazz, folkemusikk...

Natalia Strelchenko

Britisk skamros til Natalia Strelchenko

Den norsk-russiske pianistinnen Natalia Strelchenko spilte rett over nyttår i Wigmore Hall i London, og er nå rost opp i...

NMH tilbygg, skisse

Festveke på Norges musikkhøgskole

Etter 10 års ventetid er Norges musikkhøgskole endelig samlokalisert, etter å ha vore delt mellom lokaler på Majorstua og Carl...

Flere saker

Sondre Lerche

Rolf Gammleng-priser til Sondre Lerche, SPUNK og Ola Kvernberg

Mandag ettermiddag delte Fond for utøvende kunstnere ut årets Rolf Gammleng-priser, og blant vinnerne er Lerche, SPUNK og Kvernberg.

Skjermbilde Blant Gazas barn Hillestad og Bjerkestrand

Hvor skal Gazas barn finne ly?

Musikkstykket «Blant Gazas barn» av komponist Kjetil Bjerkestrand og sangdikter Erik Hillestad ble sluppet tidligere denne uka. Les om bakgrunnen...

Åpningseremonien i Oslo Rådhus

Litt mye tran?

Den nye spektakulære kunstmusikken, som avskaffer konsertformatet og i stedet insisterer på å levere en totalopplevelse av dans, sirkus, lysshow,...