Hopp til innhald
Estonian Philharmonic Chamber Choir (Foto: Kaupo Kikkas)

Baltiske stemmer i Domkirken

KONSERTANMELDELSE: I året der Nordisk Råds Musikkpris har sett fokus på kor, er det fint at også festspela har funne plass til ein korkonsert på sitt program. Under konserten i Domkirken mandag fekk me sjå kva materiale det Estiske filharmoniske kammerkor verkeleg er støypt av. Der dei tidlegare i veka framførte framandt repertoar nølande og overfladisk; synte dei no ei heilt anna tyngde gjennom eit repertoar som har følgt dei i mange år.

Av Ida Habbestad

Den vokale musikken tykkjest vera eitt av mange fokus under Festspillene i Bergen i år. Solistar som Bryn Terfel og Solveig Kringlebotn har gjort stor suksess med konsertar i høvevis i Grieghallen og Håkonshallen, og fleire vokale recitals er i vente i komponistheimane.

I tillegg er det denne gongen plass for meir utradisjonell vokalmusikk, representert ved mellom andre festspelmusikarane Trio Mediæval. Gjennom fire eigne konsertar presenterer dei ikkje berre sitt eige ensemble, men deltek òg i ei rekkje konstellasjonar. Dessutan gjestar Hilliard Ensemble med konsertar åleine og i samarbeid med festspelmusikarane.

Kammerkor av klasse

I året der Nordisk Råds Musikkpris har sett fokus på kor, er det fint at også festspela har funne plass til ein korkonsert på sitt program Under konserten i Domkirken mandag fekk me sjå kva materiale det Estiske filharmoniske kammerkor verkeleg er støypt av.

For ved denne konserten synte koret seg frå ei heilt anna side enn dei gjorde i Håkonshallen søndag. Då framførte dei framandt repertoar, nølande og overfladisk; no synte dei ei heilt anna tyngde gjennom eit repertoar som har følgt dei i mange år, trygt leia av dirigent Paul Hillier.

Alt i Cyrillus Kreek sine «Tre David-salmer» var den fyldige klangrikdomen framtredande. Ein vaksen, men likevel klar klang kjenneteiknar koret – og kva som har komme først; repertoaret eller klangen er ikkje godt å seia.

Eit fellestrekk ved musikken til dei estiske komponistane som vart framførte her, tykkjest nemlig vera at verka deira krev ei slik tyngde for å få liv. Verka er unekteleg vakre, men har alle eit til dels tungt preg, ei langsam musikalsk utvikling.

Arvo Pärt er kanskje den mest ekstreme i så måte (men han er òg den som etter mi meining toler eit rakare preg, med mindre vibrato og varme). Hjå hans landsmenn, Kreek og Veljo Tormis finn ein eit beslekta uttrykk, men hjå dei er òg den estiske folkemusikken ei inspirasjonskjelde. Særleg under framføringa av «Biskopen og hedningen» var dette framtredande – samstundes som verket bar preg av eit gregoriansk, middelaldersk utgangspunkt. I kveldens avsluttande verk, «St. Hans-sanger for midtsommernattskvelden, var det barnlege og nasale særlege verkemiddel.

Ufrivillig abstrakt

Ledige stillinger

Per Nørgård sin »Vinterhymne«, framført på engelsk, fungerte som eit oppmjukande innslag, oppløfta frå det meir meditative preget. Likeeins vart verket for talekor av Erik Bergman eitt høgdepunkt, med sin kakofoni av stemmer – i reint manns- og damekor, og med tydelege humoristisk tilsnitt.

Det humoristiske kunne imidlertid komme meir til sin rett dersom publikum hadde fått omsetjingar av songtekstane i hende. På ein konsert der verka er i estisk, finsk og latinsk språkdrakt tykkjest det relativt meiningslaust å ikkje få eit innblikk i det tekstelege innhaldet – særleg avdi teksten i denne noko monotone musikken tykkjest vera eit så grunnleggjande fundament. Bergmans talekor vart soleis ufrivillig meir abstrakt – ein lo av det faktum at songarane laga rare lydar, ikkje av historia dei fortalde.

Profesjonelle songarar

Avslutningsvis kan Sibelius’ »Rakastava« trekkjast fram som eit anna høgdepunkt. Verket gav rom for solistiske innslag – og synte stort overskot hjå kvar enkelt av songarane. Slik kling eit kor med profesjonelle songarar – noko som pr. dags dato er mangelvare i Noreg.

Baltiske stemmer:
Det Estiske filharmoniske kammerkor/Dirigent Paul Hillier
Musikk av Kreek/Tormis/Pärt/Nørgård/Bergman/Sibelius

Ledige stillinger

Relaterte saker

Berit Norbakken Solset 2 (Foto: Arne Lutro)

Intro-musikar Berit Solset: Ikkje redd for ytterpunkta

INTERVJU: Under fjorårets festspill i Bergen vart Berit Norbakken Solset i lag med Kristian Lindberg kåra til vinnarar i INTRO-musikarfinalen....

Christian Ihle Hadland

Solistprisen til Hadland

Under Festspillene i Bergen 2007 ble Den Norske Solistpris delt ut for tredje gang og årets vinner er pianisten Christian...

Trio Medieval i stolen (Foto: Åsa M. Mikkelsen)

Mangfoldige Trio Mediæval

Festspela er godt i gang, men for årets festspelmusikarar ligg dei fleste av deira eigne konsertar framføre. Laurdag hadde dei...

Carte Blanche festspillene i bergen

Carte Blanche, Sponberg & Engegård og På sporet av Grieg

Dei tre første konsertane Ballade har vore på under Festspillene i Bergen har vore av ujamn karakter, og med unntak...

Malene Mortensen (Nattjazz 2007)

Ballade i Bergen

Mai betyr stor musikkfest og buekorps i Bergens gater. Ballade kommer til å være tilstede under den siste uken av...

Fiolin

Finale INTRO-klassisk

Finalen i Rikskonsertenes INTRO-klassisk program vil skje i Håkonshallen førstkommende søndag, under Festspillene i Bergen. Seks finalister konkurrerer om inntil...

Flere saker

Popsenteret – 1985 utstilling

Kulturell krisetid: Popsenteret bevarer byens musikalske nerve i fortid, nåtid og fremtid

Oslo kommune ignorerer en av de beste arenaene de har for å skape positive opplevelser rundt musikk og kultur for...

Kultur og likestillingsminister Trine Skei Grande

Livet i lyden – lytt til Canada

Kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande bør se utover Norges grenser for inspirasjon når nye virkemidler for musikkbransjen skal utvikles,...

MoE

– Vi trenger en ny økonomi. En økonomi for fremtiden.

KRONIKK: – Vi må ha et nytt økonomisk system. Vi må legge inn tall for det som gir menneskeverd og...