Hopp til innhald

"Veslefrikk” i verda

Som det norske bidraget i en internasjonal operakonkurranse vert den nye norske operaen «Veslefrikk» overført på TV til 39 land.- Vi har hele tiden vært opptatt av å presentere moderne norsk opera, ikke bare i Norge men også i utlandet. seier konstituert operasjef i Den Nye Opera, Stein Olav Henrichsen.

Av Ida Habbestad

Foto: Morten Krogvold

Den omfattande presentasjonen av ”Veslefrikk” er resultatet av eit breidt internasjonalt samarbeid.

Saman med fire andre operainstitusjonar i New York, Berlin, Gdansks og Budapest, er Den Nye Opera vertskap for ein konkurranse for operasongarar.

Denne kulminerer i ein finalerunde under Szeged Open Air Festival i Ungarn. Då er finalist-songarane fordelte i roller i fem fulle operaproduksjonar – ein frå kvart av vertskapslanda. Samtlege produksjonar vert fjernsynsoverførte, via den klassiske, franske kanalen Mezzo TV.

Det norske bidraget til festivalen er familieoperaen ”Veslefrikk”.

— Vi mente at ”Veslefrikk” ville passe utmerket som vårt bidrag. Vi har hele tiden vært opptatt av å presentere moderne norsk opera, ikke bare i Norge men også i utlandet. seier konstituert operasjef Stein Olav Henrichsen.

— Både det at forestillingen er en opera for familien – og at den skiller seg fra det store, tradisjonelle operarepertoaret har vært viktig i vurderingen. Dessuten kan tematikken i ”Veslefrikk” være utgangspunkt for en drøfting av migrasjonsproblematikken. Det passer bra, særlig i internasjonal sammenheng, der det potensielt er sangere fra hele verden som har roller.

Eit draume-perspektiv

Det er komponist Knut Vaage og librettist Torgeir Rebolledo Pedersen som står bak familieoperaen, som eigentleg var skriven til opningssesongen for Den Norske Opera & Ballett. At den framfor å bli presentert på nasjonaloperaen no vert distribuert på tv-kanalen Mezzo er eit solid plaster på såret, meiner komponisten.

Ledige stillinger

— Eg har vel strengt tatt ikkje gjort noko som helst for at dette skulle gå til, seier ein nøgd Vaage.

— Men eg er sjølvsagt glad for at verket kjem opp og fram.

Utgangspunktet for stykket er det norske eventyret ”Veslefrikk med fela”. Fattig-guten som gjer teneste hjå lensmannen, vert kasta på dør. Med tre shilling, som han gjev vekk til endå fattigare folk, får han i bytte ei fele. Den får alle til å dansa, med eit ikkje like lukkeleg utfall for alle.

Men i «Veslefrikk» er denne beretninga berre eit startpunkt, fortel Vaage.

— Eventyret er jo eigentleg nokså destruktivt. Helten, Veslefrikk, ynskjer seg hemn. Men hemnen har aldri vore av det gode for menneska. Difor har me har valt ei anna løysing i operaen. Me ser beretninga meir frå draumaren sitt perspektiv – meir i retning av tanken om at det musiske i mennesket kan ha heilt spesielle krefter. Så har me spunne vidare kring temaet, og berører barnearbeid, dop, rus og flyktningepolitikk.

Konkurranse òg om produksjonen

— Det å få en utenlandsk toppregissør til å jobbe med et norsk operaverk, mener vi er et flott bidrag til norsk kunst, seier Henrichsen, om grunngjevnaden for valet av regissøren,Róbert Alföldi, som er direktør for Nasjonalteatret i Budapest.

Om han gjer resultatet overtydande, kan også produksjonen vinna fram – i nok ein konkurranse. Den trer i kraft når framsyninga vert overført to gonger via Mezzo TV, der sjåarane avgjer kva framsyning som er den beste.

Sidan vil verket bli framført på Ungarsk fjernsyn før heile produksjonen vert distribuert på DVD. Men aller først kan ein sjå framsyninga i Bergen, som har planlagt urframføring til hausten.

For meir informasjon, sjå nyop.no. Mezzo TV vil òg laga eit timelangt portrettprogram om produksjonen av «Veslefrikk» og Den Nye Opera.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Jon Fosse Melancholia (Foto: samlaget.no/Per Heimly)

Uendelege nyansar av grått

Denne helga kan ”Melancholia” sjåast i Bergen. Det markerer siste stopp etter rundreisa framsyninga har gjort sidan urframføringa i Paris...

Håkonshallen, fra www.ulriken.no

Bergen: Operamiljøene samarbeider

Opera Bergen og Den Nye Opera samarbeider om barneopera «til beste for positiv utvikling for operasaken i regionen» heter det...

Den flygende hollender/ Foto: Frédéric Desmesure / Opéra National de Bourdeaux

Klart for høstens store operaforestilling i Bergen

Den Nye Operas ”Den flygende hollender” har premiere i Grieghallen lørdag 1. november kl. 18.

Victoria Johnson (foto:NMH)

Navigasjon i lyd og rom

Victoria Johnson forskar på elektrisk fiolin og interaktiv elektronikk. Gjennom prosjektet ”Satellitt” får publikum både sjå og lytta til arbeidet...

Knut Vaage (Foto: Lisbeth Risnes, MIC)

SSO urframfører Knut Vaage

Torsdag framfører Stavanger Symfoniorkester det ensatsige orkesterverket «Skjulte Songar» av Knut Vaage. Verket er bestilt av symfoniorkesteret, som del av...

Nokon kjem til å komme/www.knutvaage.com

Nokon kjem til å komme

– Ny norsk opera på CD er ikke hverdagskost, og derfor er platelanseringen av Knut Vaages opera «Nokon kjem til...

Flere saker

Frontfigur i Hjerteslag, Robert Eidevik, hadde publikum i sin hule hånd gjennom hele konserten på Garage. Foto: Helge Skodvin.

7 dager i Garagen

I dag er det nøyaktig 27 år siden Garage åpnet i Bergen. – Støttefestivalen 7 dager i Garagen bekrefter rockeklubbens...

Barnas Ulitmadag Foto: Ultima/Henrik Beck

Voksne som barn

Som voksen kan det være vanskelig å forholde seg til omkvedet «for hele familien» som noe mer enn et innsalg....

Stillbilde fra videoen til Mayflower Madam

Ballade video: Frie liv – og fritt vilt

Sjekk ukens musikkvideoer med Susanna, Gunerius & Verdensveven, MaVe, Mayflower Madam, Pink Nun, Torgeir Waldemar og Utflod.