Hopp til innhald

Lyden av Erik Honoré

ANMELDELSE: I prosjektet med Greta Aagre får Erik Honoré ein meir framtredande og tydeleg rolle.

Den andre av to ettermiddagskonsertar ved årets Punktfestival i Kristiansand presenterte vokalist Greta Aagre og sample- og laptopmeister Erik Honoré materiale frå sitt nye album, Year of the Bullet.

I intervjuet med blei det nemnt korleis sample- og remixmetodane til miljøet rundt Punkt kan gjere det vanskeleg å skilje mellom kven som gjer kva. Denne tendensen går oftast utover Erik Honoré, som gjerne har ei relativt diskret rolle i bakgrunnen, med lengre samples og lydlandskap.

Solid ramme

Med Year of the Bullet-prosjektet fekk publikum oppleve tydelegare kor stor rolle Honoré kan spele på scena, både som bandleiar og lydarkitekt. Låtane er korte og melodiske, og vandra stille og forsiktig utover salen, og bandet skapte ei solid ramme rundt Aagre.

Som bakteppe for Aagres stemme, som vekslar frå streng og myndig til sart og komfortabel, leverte Honoré fine beats og vakre lydlandskap, som ein kan høyre igjen i mange av dei andre prosjekta han er involvert i.

Sounden til Honoré er varm, prega av runde, mjuke lydar, og like lavmelt og bedageleg heile vegen. Då hjelp det på med ein tung puls i ny og ne som gav det heile litt meir trøkk og ryggrad.

Komplett lydbilete

For det er sound dette handlar om, og det blei tydeleg gjenspegla i medmusikantane Arve Henriksen (trompet, fx), Snorre Kiil Saga (bass) og Bjørn Charles Dreyer (gitar, fx). Dei hadde tydelege, diskret og komplimenterande roller som gjorde lydbiletet til Honoré og Aagre komplett.

Sjølve basslyden, til dømes, er avgjerande for at det skal føles riktig, og med ein anna trompetist enn Arve Henriksen, som låg fint i bakgrunnen og pressa tonen til det mest luftige, hadde dette vore ei heilt anna oppleving.

Punkts publikum fekk møte eit tett samansveisa band som leverte eit solid og tydeleg uttrykk. Resultatet blei ein fantastisk vakker konsert.

Ledige stillinger

Ledige stillinger

Relaterte saker

Jan Bang

Punkts utvida remix-omgrep

Da Jan Bang ‘‘livesampla’’ trommene til Anders Engen i 1996, forstod han at dette var ein ny måte å lage...

Flere saker

smilende dronning sonja i blå drakt, ved siden av afrikansk-amerikansk ung kvinne med diplom i hendene, smiler, begge står foran et orkester

Amerikansk kontra-alt til topps i Dronningens sangkonkurranse

Jasmin White fra USA vant Dronning Sonja Sangkonkurranse 2023 i Operaen denne helgen.

STORE NAVN UTEBLIR I 2020: Flere konserter med Elton John er eksempel på Live Nation arrangement som flyttes eller avlyses på grunn av koronakrisa. Foto: Ben Gibson for Live Nation

SP: – Støttekroner må komme de minste til gode

KOMPENSASJONSMIDLENE: Det ligger an til at noen store konsertselskap kan ta ut mange millioner støttekroner. Noen av dem er utenlandskeide....

JM Norway står bak konferansen Girls Rock Camp i Norge, og de årlige bandleirene for jenter og transpersoner mellom elleve og sytten

Girls Rock Camp-konferanse

Møteplass for alle som jobber med å arrangere rock camps for jenter, trans- og ikke-binær ungdom for første gang i...